UiO protesterer mot fengsling av iransk forskar

Den 13. mai blei fysikkforskaren Omid Kokabee frå University of Texas i Austin dømt til ti års fengsel i Iran skulda for å ha hatt illegal kontakt med ei utanlandsk regjering.  No ber Universitetet i Oslo iranske styresmakter om å gi han høve til å appellera dommen til ein upartisk domstol og gi han medisinsk behandling i fengselet.

FENGSLA I IRAN: Fysikkforskaren Omid Kokabee er dømt til ti års fengsel i Iran. Han blir skulda for å ha hatt illegal kontakt med ei utanlandsk regjering. UiO har sendt protestbrev til den politiske leiinga i Iran.

Foto: University of Texas, Austin

Det var i februar 2011 fysikkforskaren Omid Kokabee blei arrestert på flyplassen i Teheran etter at han hadde vore på besøk hos foreldra sine i heimlandet. Etter å ha vore i fengsel i 15 månader, blei han dømt til ti års fengsel 13. mai i år for å ha hatt illegal kontakt med ei utanlandsk regjering. Han har sjølv heile tida nekta for å ha gjort det han blir skulda for av iranske styresmakter. Både organisasjonane Scholars at Risk og Concerned Scientists har protestert mot dommen. No gjer også Universitetet i Oslo det.

– Universiteta har eit ansvar

– Universiteta har eit ansvar for å reagera når me ser at rettane til studentar og akademikarar blir truga, slik me meiner skjer i denne saka, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Han viser til at dette er ei viktig oppgåve for UiO.

– Dette er jo heilt i samsvar med UiOs engasjement i Scholars at Risk, som skal støtta opp om akademisk fridom og motarbeida undertrykking av forsking og utdanning, uansett kvar i verda dette skjer, understrekar Ottersen.

Bed om trygge og sikre soningforhold

I brevet frå Universitetet i Oslo til ayatollah Ali Khamenei blir iranske styresmakter bedne om å syta for at Omid Kokabee har trygge og sikre soningsforhold og at Iran respekterer felles internasjonale lovreglar når det gjeld behandlinga av Omid Kokabee.  Han er turkmensk iranar med studium frå fleire iranske universitet og eit spansk universitet. Då han blei arrestert, var han forskar ved University of Texas i Austin. Der har han arbeidd som laserfysikar og har frå tidlegare to akademiske gradar i lysforsking eller photonics.

Rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe oppfordrar i brevet dei iranske styresmaktene til å gi Omid Kokabee ein rettferdig rettargang og humane fengslingsforhold i samsvar med dei internasjonale lovene som Iran pliktar å retta seg etter.

På slutten av brevet gir UiO-leiinga uttrykk for håp om at dei iranske styremaktene blir merksame på saka og at dei ser fram til å få eit svar frå den politiske leiinga i Iran.

– Gledeleg om me får svar

I brevet uttrykkjer de også håp at at iranske styresmakter ser nærare på saka og fylgjer opp protestane frå UiO og andre akademiske organisasjonar og enkeltpersonar. Trur du at de vil få svar frå dei iranske styresmaktene?

– Lat meg seia det slik: Det ville vore svært gledeleg dersom me får svar på dette brevet. Det ville bety at styresmaktene ikkje stiller seg likegyldige til dei internasjonale reaksjonane, som har vore massive og eintydige.

– Korleis vil de fylgja opp denne saka vidare?

– Me må no venta og sjå korleis saka utviklar seg.

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Iran, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 16. juli 2012 16:25 - Sist endret 17. juli 2012 01:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere