– Ingen rosenraud bustadsituasjon for studentar

– Bustadsituasjonen for studentar er langt frå rosenraud. Altfor mange står framleis i kø for å få ein plass å bu, seier Øyvind Berdal, leiar for Norsk studentorganisasjon til Uniforum.

IKKJE HEILT NØGD: – Regjeringa skal ha ros for å løyva pengar til 1000 bustader årleg, men me ser enno at studentar i tusental står i kø for studentbustad og at prisane på bustadmarknaden er svært høge, understrekar Øyvind Berdal, leiar for Norsk studentorganisasjon.

Foto: Norsk studentorganisasjon

I går sende kunnskapsminister Kristin Halvorsen ut ei pressemelding der ho skrytte over den offensive bygginga av nye studentbustader i heile landet. Ho viste til at over 2000 studentbustader var under bygging. Leiaren for Norsk studentorganisasjon, Øyvind Berdal, meiner situasjonen ikkje er like lys som det statsråden hevdar.

– Regjeringa skal ha ros for å løyva pengar til 1000 bustader årleg, men me ser enno at studentar i tusental står i kø for studentbustad og at prisane på bustadmarknaden er svært høge. Studentbustader er eit utdanningspolitisk verkemiddel, som ministeren seier, og bidrar til lik rett til utdanning, understrekar Berdal.

Ueinige om dekningsgraden

Studentleiaren korrigerer også statsråden når det gjeld kor stor del av studentar som får tilbod om studentbustad. Berdal avviser Kunnskapsdepartementets tal om at dekningsgraden no er på 15,5 prosent. Han viser til at Norsk studentorganisasjon har gjort ei undersøking basert på tal frå samskipnadene som viser at dekningsgraden er rundt ein prosent mindre, 14,66 prosent.

Grunnen til skilnaden er at Kunnskapsdepartementet reknar annleis enn Norsk studentorganisasjon når det gjeld familiehusvære. NSO reknar eit familiehusvære som 1,75 hybeleining, medan Kunnskapsdepartementet reknar dette som 2,5 hybeleiningar. Berdal grunngjev NSOs definisjon med at dei meiner barnet i eit slikt husvære ikkje kan reknast som student.

– Norsk studentorganisasjon arbeider for at dekningsgraden skal koma opp i 20 prosent, og meiner at 1 av 5 studentar bør ha høve til å bu i ein studentbustad, seier Berdal, som viser til at dei 2000 studentbustadene som er under bygging, berre er ei oppfylling av den årlege løyvinga til 1000 studentbustader.

– Kunnskapsdepartementet seier altså berre at dei har halde lovnaden sin om å byggja 1000 studentbustader i året, understrekar studentleiaren.

Krev bygging av 1500 bustader i året

Berdal veit også korleis det er mogleg å oppnå målet om å skaffa studentbustad til kvar femte student.

– Løysinga er å løyva pengar til 1500 bustader årleg, og auka statstilskotet til 50 prosent, slik at samskipnadene har eit betre høve til å verkeleggjera prosjekta sine. Dermed får me eit reelt spleiselag der samskipnaden og staten står for halve rekninga kvar, slår han fast.

Ynskjer billegare studentbustader

Berdal er ikkje nøgd med den låge prisskilnaden på studentbustadene og private alternativ.

– I gjennomsnitt er ein studentbustad 800 kroner rimelegare i månadsleige enn eit privat alternativ. Det er ein for liten skilnad. Studentbustader skal vera eit rimeleg alternativ som studenten har råd til å bu i. Ikkje minst er det viktig fordi studiestøtta ikkje er nok, og difor må studenten ofte jobba ved sida av eller skaffa seg bistand frå foreldra for å finansiera studiekvardagen, konstaterer Øyvind Berdal i Norsk studentorganisasjon.

Les også artikkelen Bygger 2000 nye studentboliger

 

 

 

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 31. juli 2012 11:10 - Sist endra 31. juli 2012 11:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere