Mannskap frå både Oslo brann- og redningsetat, politiet og ambulansetenesta kom til Ole-Johan Dahls hus i Gaustadalleen då brannalarmen gjekk like før klokka ni i dag tidleg. Dei få personane som var i bygningen kom seg fort ut av kontora sine. Ein halv time seinare blei det klart at det var røykutvikling i det såkalla UPS-rommet i kjellaren som hadde utløyst brannalarmen. Difor kunne først ambulansefolka forlata staden, og deretter vende både brannvesenet og politiet tilbake til hovudkvartera sine.
Røyk førte til brannutrykking til Ole-Johan Dahls hus
Røykutvikling i eit kjellarrom i Ole-Johan Dahl hus var grunnen til at både brannvesenet, politiet og ein ambulanse rykte ut til bygningen rundt klokka ni i dag tidleg.
RASK PÅ PLASS: Brannvesenet og politiet kom raskt til staden då brannalarmen gjekk i Ole-Johan Dahls hus i dag tidleg.
Publisert 26. juli 2012 10:16
- Sist endret 26. juli 2012 10:58
Logg inn for å kommentere