UiO ynskjer vikingtidsmuseum på Bygdøy

UiO vil ha vikingstidsmuseum på Bygdøy. Det vedtok Universitetsstyret samrøystes i dag. Samtidig forsikrar styret  om at Bjørvika framleis er eit alternativ til Tullinløkka som framtidig lokaliseringsstad for resten av Kulturhistorisk museum.

VIKINGTIDSMUSEUM: På Bygdøy skal det byggjast eit vikingtidsmuseum, meiner både Universitetsstyret og museumdirektør Rane Willerslev ved Kulturhistorisk museum.

Foto: Ola Sæther

Vedtaket i Universitetstyret i dag om å gå inn for utbygging av eit vikingtidsmuseum på Bygdøy er dermed likelydande med den første delen av vedtaket som styret for Kulturhistorisk museum gjorde sist fredag.  Begge styra oppfordrar også til at sikring av vikingskipa må ha førsteprioritet.

Bjørvika er framleis med

Den andre delen av vedtaket til Universitetsstyret skil seg frå tilrådinga til styret for Kulturhistorisk museum. For der Kulturhistorisk museums styre berre nemner Tullinløkka som einaste alternativ for resten av samlingane til Kulturhistorisk museum, ber Universitetsstyret universitetsdirektøren om å greia ut både Bjørvika og Tullinløkka som alternative lokaliseringsstader for resten av Kulturhistorisk museum.

– Sikring av skipa har førsteprioritet

– Eg er glad for at styret i dag har gjort ei vedtak om at det no skal greiast ut konkrete utbyggingsplanar på Bygdøy, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

– No er det viktig at me raskast mogleg får sett i gang naudsynt sikring av skipa, understrekar han.  Avgjerda er gjort etter at Kunnskapsdepartementet den 3. mai offentleggjorde ein rapport om risikoen ved flytting av vikingskipa og andre gjenstandar for funna. Konklusjonen var at vikingskipa og dei andre funna frå vikingtida måtte bli på Bygdøy.

– Universitetet i Oslo har ansvaret for å forvalta nasjonalskattane ved Kulturhistorisk museum, og dette ansvaret er me heilt klar over.  I semje med Kunnskapsdepartementet er utbygging på Bygdøy og sikring av skipa vår førsteprioritet, seier UiO-rektoren. 

Får tilråding om endeleg tomteval

Når det gjeld utgreiinga av dei to tomtealternativa for resten av Kulturhistorisk museum, ber Universitetsstyret universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe om få klarlagt kor stor utbygging det er mogleg å få til på kvar tomt, og så koma tilbake til styret med ei tilråding om tomteval.

Meinte jernbanen tar for mykje av tomta

Etter at styret for Kulturhistorisk museum kom me si tilråding til Universitetsstyret sist fredag, slo museumsdirektør Rane Willerslev fast at Bjørvika var heilt ute av biletet som tomt for utbygging av resten av Kulturhistorisk museum..  – Ja, det er heilt klart. Jernbanen vil ta for mykje av den tomta til at det blir aktuelt å plassera eit kulturhistorisk museum der. Det stadfesta Rane Willerslev overfor Uniforum fredag kveld. 

Nemner ikkje samarbeid med Norsk folkemuseum

I tilrådinga frå styret for Kulturhistorisk museum blei det også foreslått at det skulle etablerast ei utstillings- og formidlingsbru mellom eit vikingtidsmuseum og Norsk folkemuseum med si stavkyrkje- og mellomaldersamling. Der går det fram at det også skal greiast ut vidare om det skal bli eit felles inngangsparti og ein felles publikumsservice mellom dei to musea. Desse forslaga er ikkje tatt med i det endelege vedtaket frå Universitetsstyret ved UiO. 

Emneord: Vikingskipene, Universitetspolitikk, Kulturhistorisk museum, Museene Av Martin Toft
Publisert 19. juni 2012 19:24 - Sist endra 28. jan. 2013 14:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere