UiO investerer 130 millionar i rehabilitering og infrastruktur

UiO vil i 2013 bruka 130 millionar kroner til rehabilitering av gamle bygningar, utskifting av gammalt utstyr og til infrastruktur for framtidige senter for framifrå forsking. Det vedtok Universitetsstyret i går.

130 MILLIONAR: Rektor Ole Petter Ottersen og prorektor Inga Bostad har fått Universitetsstyret med på å vedta 130 millionar kroner til investeringar i rehabilitering og infrastruktur på Universitetet i Oslo. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Heile 46,5 millionar kroner av investeringsbudsjettet skal brukast til å modernisera og rehabilitera 2., 3. og 4. etasje i Eilert Sundts hus på Blindern. Det er Det samfunnsvitskaplege fakultetet som held til i den bygningen.

I sakspapira kjem det fram at bygningen ikkje held mål når det gjeld dagens lover og føreskrifter for helse, miljø, sikring og energiøkonomisering. Pengane skal også gå til innkjøp av inventar og audiovisuelt utstyr. Når arbeidet er ferdig, vil det koma både studentane og dei tilsette til gode gjennom eit betre læringsmiljø og eit betre arbeidsmiljø, vert det peika på. 

Rehabiliteringa av Niels Henrik Abels hus vil halda fram. Der treng både 3., 4. og 5. etasje opprusting og modernisering. Også der blei det vedtatt å  investera i nytt inventar. Til saman vedtok Universitetsstyret å setja av 35 millionar kroner til dette arbeidet.

Første oppussing på 90 år

Den siste bygningen som får glede av desse pengane, er Waldermar C. Brøggers hus (Geologisk museum, Naturhistorisk museum). Bygningen er verken pussa opp eller rehabilitert sidan den blei bygd for 90 år sidan, slår saksdokumentet tørt fast.  I går blei det vedtatt å løyva 15 millionar kroner til detaljprosjektering av rehabilitering av Waldermar C. Brøggers hus i 2013.

Også det me ikkje ser, men merkar godt om det ikkje fungerer, får pengar frå det ekstra handlingsrommet på 130 millionar til investeringar. Difor skal det setjast i gang arbeid med tilpassing av aktuelle kjøleanlegg som mellom anna inneber at eksisterande kjøleelement og gassar blir skifta ut.  

Grunnen er at det blir ulovleg å bruka noverande kjøleelement etter 1. januar 2015. Dette tiltaket er også heilt sentralt for å nå målsetjingane i Grønt UiO for eit meir miljøvennleg universitet, blir det understreka. Over ein fire år lang periode skal det setjast av 35 millionar kroner til dette arbeidet.  I 2013 er det meininga at det skal investerast 10 millionar kroner.

Den siste delen av denne investeringspotten, rundt 15 millionar kroner, skal gå til infrastruktur for dei rundt fem nye sentra for framifrå forsking, som UiO kalkulerer med å ha på plass i 2013.

HF får 15 millionar i varig auke

Når det gjeld andre budsjettforslag, er det verdt å merka seg at Det humanistiske fakultetet vil få utvida det faste rammebudsjettet sitt med 15 millionar kroner, i tillegg til at det får rundt fem millionar kroner i omstillingsstøtte både i 2013 og i 2014. Seinare blir det tre millionar kroner i 2015, to millionar i 2016, før den siste løyvinga på 1 million i omstillingspengar i 2016.

Vilkåret for løyvingane er at pengane skal brukast til å styrkja fakultetet, som i dag har ein for stram økonomi og for mange små fag, ifylgje saksdokumenta:  «Analysene av HF har synliggjort at fakultetet ikke har økonomisk grunnlag for den faglige bredden fakultetet har i dag. For HF vil styrkingen bidra til en faglig bredde også i fremtiden. Men for å sikre en bærekraftig økonomi og faglig kvalitet i et lengre perspektiv, må fakultetet gjennomgå sammensetningen og bredden. Retningsgivende for arbeidet er å oppnå mer robuste fagmiljøer gjennom bl.a. samarbeid og tverrfaglighet», er konklusjonen.

SA må kutta 50 millionar

Det største kuttet er det Sentraladministrasjonen som må gå gjennom. Der kjem ramma til å bli kutta med fleire millionar i 2013 slik at den når det endelege målet om ei samla innsparing på 50 millionar kroner i løpet av 2014. Det blei også vedtatt å styrkja prosjektet Internt handlingsrom med sju millionar kroner i 2013.  To millionar kroner ekstra blei løyvd til infrastruktur og kompetansestøtte.

Til saman vil alle fakulteta få ein varig auke på 25 millionar kroner. Desse pengane blir foreslått gitt på vilkår av at dei skal brukast til å styrkja studiekvaliteten. Det er halvparten av den summen som Sentraladministrasjonen må spara inn.

Ekstra løyvingar til musea

Det blei vedtatt å gi rundt 2,5 millionar til å ta betre vare på samlingane til Naturhistorisk museum. Dessutan skal ein årleg million over tre år gå til dei forskargruppene som ikkje nådde heilt opp i konkurransen om å bli eit senter for framifrå forsking.  Ei fast permanent løyving på 800 000 kroner skal nyttast til å tilsetja ein forfylgd forskar under vern av Scholars at Risk  i ei mellombels stilling. Budsjettforslaget inneheld også ei eingongsløyving på 4 millionar kroner til styrkt vern og ivaretaking av Osebergsamlinga til Kulturhistorisk museum.

Opprettar energiforskingssenter

Universitetsstyret vedtok også mot ei stemme forslaget om å oppretta ei tverrfagleg og tverrfakultær satsing for forsking, utdanning og innovasjon innanfor energi frå 1. august 2012. Førebels får det namnet UiOs Energiinitiativ (UiOEI).  Den tverrfakultære satsinga MILEN skal etter kvart integrerast i den nye satsinga før den blir fasa ut i 2013.  Universitetsstyrerepresentant Hanne Haavind stemte imot finansieringsmodellen fordi ho ville at MILEN kunne integrera seg i senteret i løpet av 2012. Det blei vedtatt å løyva 3,5 millionar til dette initiativet neste år, før det gradvis blir trappa opp til 11,5 millionar kroner dei komande åra.

Innovasjon blir satsingsområde

Den store satsinga for UiO i 2013 blir innovasjon. Universitetsstyret vedtok difor å løyva fem millionar kroner til  gjennomføring av innovasjonsåret og å utarbeida ein eigen handlingsplan.

Av mindre postar er det verdt å merkja seg at Uniforum får utvida den faste budsjettramma si med 378 000 kroner på varig basis.Det gjer det mogleg for redaksjonen å gi ut 12 nummer av papiravisa frå og med 2013. Forskingsmagasinet Apollon får samtidig utvida den faste budsjettramma si med 500 000 kroner på varig basis frå 2013.

Universitetsdirektøren kalkulerer med eit UiO-budsjett på rundt 4,499 milliardar kroner for 2013. Då er det rekna med at UiO får auka løyvinga si frå Kunnskapsdepartementet på i overkant av 30 millionar kroner.  

Universitetsstyret gav universitetsdirektøren fullmakt til å fordela budsjettet til Sentraladministrasjonen mellom dei ulike fagavdelingane.

Slår saman to institutt på MN-fakultetet

Universitetsstyret vedtok samrøystes å slå saman Biologisk institutt og Institutt for molekylær biovitskap. Samanslåinga vil vera ein realitet frå 1. januar 2013.  

 

 

Emneord: Universitetsstyret, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2012 11:13 - Sist endra 20. juni 2012 11:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere