I går formiddag gjorde regjeringa det klart at den foreslår ei løyving på 50,7 millionar kroner i Revidert nasjonalbudsjett for å oppretta 1000 nye studieplassar frå hausten 2012.
- Me veit enno ikkje kor mange plassar UiO kjem til å få og me veit heller ikkje innanfor kva område dei kjem, seier rektor Ole Petter Ottersen ved Universitetet i Oslo.
- Det vil alltid vera ei utfordring å få plassar som skal "omsettast" allerede til hausten. Det vil seia at plassane har visse avgrensingar og må brukast på
allereie eksisterande program, peikar han på. Ottersen ser lat det er nokre fag som er spesielt nemnde.
- Realfag, teknologi, helsefag og lærarutdanninga er trekt fram, men UiO vil også ynskja å få høve til å styrkja område som me sjølve har prioritert og som er spesielt forskingssterke, seier Ottersen.
Logg inn for å kommentere