Den 6. mars vedtok Universitetsstyret å fordela 10 millionar kroner av innsparte midlar frå Internt handlingsrom til forsking og utdanning på fakulteta. Før avgjerda blei tatt, kravde alle dei fire fagforeiningane på UiO eit møte med universitetsleiinga der dei kunne forhandla om fordelinga av desse pengane.
– Dette blei blankt avvist av universitetsleiinga, seier NTL-leiar Ellen Dalen, NTL-nestleiar Heidi Hoksnes Sørli, Parat-leiar Ole Martin Nodenes, hovudtillitsvald for Forskarforbundet, Kristian Mollestad og tillitsvald for Akademikarane, Berit Kaasa. Dei viser til at ut 2013 skal det sparast inn 50 millionar kroner i Sentraladministrasjonen gjennom prosjektet Internt handlingsrom.
– Motiverande
Dei krev at ein del av pengane skal koma alle dei tilsette til gode.
– Mange av dei må no utføra fleire arbeidsoppgåver innanfor same arbeidstid som før. Etter vår meining vil det vera svært motiverande for dei om ein del av pengane kom ut igjen som tilbod om etterutdanning eller velferdsgode som alle tilsette kan nytta seg av, seier dei fem fagforeiningsleiarane. Alle brukar Hovudtariffavtalens 2.3.5 B som sanningsvitne på at dette er eit rimeleg krav: "ved iverksetting av tiltak som gir økt effektivitet, forenkling eller bedre brukerorientering, kan parten avtale hvordan innsparte midler eller annen gevinst skal fordeles. Arbeidsgiver er ansvarlig for å dokumentere/måle en gevinst ved det enkelte tiltak. Før arbeidsgiver fastsetter gevinstens størrelse, kan organisasjonene kreve at dette spørsmålet drøftes."
Dei er forbausa og fortørna over at UiO som arbeidsgjevar nektar å fylgja opp det som står i Hovudtariffavtalen.
– UiO-leiinga nektar faktisk for at det har kome ein gevinst ut av IHR-prosjektet. Då synest me det er rart at dei har fordelt 10 millionar kroner nettopp som ein konsekvens av resultata frå Internt handlingsrom, meiner Parat-leiar Ole Martin Nodenes og NTL-leiar Ellen Dalen.
Alle fagforeiningane har valt å senda kravet vidare til sine hovudorganisasjonar. Dei skal forhandla vidare med Fornyings-, kyrkje- og administrasjonsdepartementet.
– No blir det juristmat, og det skal bli interessant å sjå om dei tolkar avtalen annleis enn oss. Dersom dei gir oss medhald, må arbeidsgjevar fordela dei 10 millionar kronene på nytt, meiner dei fem tillitsvalde ved UiO.
Avviser kravet frå fagforeiningane
– Det har vore ei omfordeling av midlar frå Sentraladministrasjonen til fakulteta, noko som har skjedd mange gonger før utan krav om forhandlingar, skriv universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i ein kommentar til Uniforum.
LEGITIM:– Me meiner me berre har gjort ei heilt legitim omfordeling av midlar slik at fleire ressursar går til forsking og undervisning, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe. (Foto: Ola Sæther)
Universitetsdirektøren meiner at det er fylgt ein heilt vanleg prosedyre i denne saka.
– Midlane blei fordelte i den vanlege fordelingsprosessen. Tenestemannsorganisasjonane har rett til drøfting av budsjettet på ordinær måte. Desse drøftingane blir gjennomførte slik dei skal. Det er dessutan Universitetsstyret som vedtar budsjettet. Det ville vore underleg om dei hovudtillitsvalde kan gripa inn og ta avgjerder i budsjettsaker som overprøver Universitetsstyret, skriv universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i ein e-post til Uniforum.
Ho står fast på at det heller ikkje denne gongen er skjedd noko uvanleg i samband med omfordelinga av pengar.
– Veldig ofte har me fordelt om pengane via flate kutt på alle einingar og satsa på nokre prosjekt. Denne gongen har omfordelinga skjedd via kutt i Sentraladministrasjonen og fordeling av midlar til fakultet og einingar. Me er heilt ueinige med dei hovudtillitsvalde i deira fortolking av regelverket her. Dei meiner at denne pengeoverføringa representerer ein gevinst som dei tilsette i Sentraladministrasjonen skal ha sin del av. Me meiner me berre har gjort ei heilt legitim omfordeling av midlar slik at fleire ressursar går til forsking og undervisning, understrekar Bjørneboe. Ho meiner at det heller ikkje kan dokumentarast at det finst nokon gevinst å fordela.
– Kunne ikkje det ha vore meir motiverande og meir inspirerande for dei teknisk-administrative tilsette om universitetsleiinga kunne gi litt av gevinsten av IHR-prosjektet tilbake til dei?
– Hovudpoenget med prosjektet Internt handlingsrom har vore å få meir midlar overført frå administrasjon til primærverksemda – forsking og undervisning. Me synest det er underleg at dei hovudtillitsvalde står fast på at dei tilsette skal ha ein del av pengane som blir omfordelte. Det har også vore på tale frå deira side at den såkalla "gevinsten" ikkje skal gå til forsking og undervisning, men at den skal takast ut i høgare lønn for administrative tilsette, poengterer ho.
Universitetsdirektøren ser at det kan vera behov for stimuleringstiltak knytte til gjennomføringa av IHR-prosessen, som til dømes kompetanseutvikling, mobilitetsfremjande tiltak og andre personalrelaterte initiativ.
– Det kan krevja prioritering av pengar til dette, som universitetsdirektøren kan fremja for Universitetsstyret i juni, opplyser Bjørneboe. Ho fryktar ikkje at FAD vil overprøva UiO i denne saka.
– Me vil leggja til at me er svært sikre på fortolkinga vår av regelverket, presiserer universitetsdirektøren.
Logg inn for å kommentere