UiOs eventyrsamling er med i norsk dokumentarv

Eventyrsamlinga til Peter Christian Asbjørnsen og Jørgen Moe i Norsk folkeminnesamling på Universitetet i Oslo er med på UNESCOs liste over norsk dokumentarv.

EVENTYRFORTELJAR: Eiliv Bråtene (1832-1899), eventyrforteljar frå Bø i Telemark. Han var ein av Moltke Moes informantar.

Foto: Norsk folkeminnesamling, UiO

Henrik Ibsens Peer Gynt byggjer mellom anna på segn som Peter Christian Asbjørnsen samla inn i Gudbrandsdalen.  Asbjørnsens og Moes eventyr har ein spesiell plass i norsk kulturarv, og utgjer ein del av dei opphavlege delane av Norsk folkeminnesamling.  I dag er samlinga ein del av Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS) ved UiO. Der finst det også folkeminnesamlingar av Moltke Moe, Sophus Bugge og Magnus Brostrup Landstad.

Fakta om UNESCOs Memory of the World-program

* I 1992 lanserte UNESCO programmet Memory of the World for å verna og fremja verdas dokumentarv.

* I 2011 blei det bestemt at Noreg skulle etablera eit nasjonalt Memory of the World-register ved inngangen av 2012. Registeret skal ta vare på og synliggjera unik og uerstatteleg dokumentarv. og er en del av UNESCOs internasjonale arbeid.

* Hausten 2011 blei det nominert 71 dokument og dokumentsamlingar til Noregs dokumentarv. Bidragslista blei lansert denne veka.

* Den norske Memory of the World-komiteen er oppnemnt  av den norske UNESCO-kommisjonen og Norsk kulturråd.

(Kjelde: På Høyden)

 

 

Moderinstituttet grunngjev nominasjonen med at dette er ein viktig dokumentasjon av norsk folkekultur, og at den har vore med på å forma det som i dag blir oppfatta som nasjonalkultur. Instituttet viser til at samlarane alle var vitskapsmenn og poengterer at samlinga er eit godt prov på kor viktig det er å ta vare på forskararkiv. Det er den einaste samlinga frå Universitetet i Oslo som står på lista over Noregs dokumentarv. 

Av andre dokument i Oslo som er med, er blant andre Henrik Ibsens originalmanuskript til «Et dukkehjem» og språkpioneren Ivar Aasens arkiv. Sørpolbrevet frå Roald Amundsen til kong Haakon VII frå 1911 er også på lista. Dei er alle ein del av samlingane til Nasjonalbiblioteket. Dessutan er grunnlova frå 17. mai 1814 med på lista. Også alle utkasta til ei grunnlov for Noreg er i dokumentarven. Dei ligg alle i Stortingsarkivet. Edvard Munchs testament er mellom dei andre Oslo-bidraga på lista, og ligg i dag i Statsarkivet i Oslo.

 

Emneord: Universitetshistorie, Kultur, Historie Av Martin Toft
Publisert 10. feb. 2012 13:14 - Sist endra 10. feb. 2012 13:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere