Over 1000 nye studentbustader

Kunnskapsdepartementet har fordelt 242 millionar kroner til bygging av 1039 nye studentbustader i 2012.

FLEIRE HUSROM:  Det blir løyvd pengar til 164 nye studentbustader i Oslo og Akershus for studieåret 2012.

Foto: Ola Sæther

 Sidan 2005 har regjeringa totalt løyvt midlar til bygging av 6318 studentbustader.

- Tilgang på rimelege bustader er viktig for studentane sin økonomi. Med årets løyving vidarefører vi den historisk store satsinga på studentbustadbygging og understrekar politikken til den raudgrøne regjeringa om at alle skal ha lik rett til utdanning, seier statsråd for høgare utdanning Tora Aasland i ei pressemelding.

I årets fordeling blir om lag 2/3 av tilskota til studentbustader gitt til pressområda. Dette er gjort fordi det er eit særleg behov for studentbustader i dei store byane. Samtidig er det framleis behov for fleire studentbustader i heile landet.

Ved løyvinga er det også lagt vekt på talet internasjonale studentar og bustadmarknaden rundt studiestaden, melder Kunnskapsdepartementet.

Emneord: Studentforhold, Studentsaker
Publisert 13. feb. 2012 13:27 - Sist endra 13. feb. 2012 13:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere