Livsfarlege laboratorium er blitt trygge

I oktober 2009 dokumenterte selskapet Safetec svikt og dårlege rutinar ved bruk av farlege kjemikaliar i laboratoria på Biologisk institutt. No er nesten alle laboratoria blitt renoverte og moderniserte for over fem millionar kroner.

HYPERMODERNE: Prosjektleiar Kathrine Schou og overingeniør Cecilie Mathisen viser fram ein av dei nye og hypermoderne inkubatorane i eitt av dei renoverte laboratoria på Biologisk institutt.  

Foto: Ola Sæther

Rapporten frå Safetec hausten 2009 gav tilsette i stor grad medhald i synet på at arbeidspraksisen hadde vore prega av uforsiktig omgang med farlege kjemikaliar, og til dels lita oppfylging av tryggleiken ved laboratoria. Den kreftsjuke biologiprofessoren Frode Olsgard hadde gått til sak mot UiO på grunn av det han kalla lemfeldig omgang med stoffet formaldehyd i laboratoria. Det fekk alarmklokkene til å ringja hos UiO, som sette i verk ei kartlegging av situasjonen. Rundt to og eit halvt år seinare er mykje endra i Biologibygningen.

Frå mørkt til lyst

Prosjektleiar Kathrine Schou og overingeniør og verneombod Cecilie Mathiesen i forskargruppa MERG (Microbial Evolution Research Group) viser stolte fram dei nye laboratoria som forskarar innanfor og utanfor instituttet har til disposisjon. Det første laboratoriet dei tar oss med til, var truleg eitt av dei eldste og dårlegaste før Biologisk institutt fekk klar beskjed om å sikra det betre, renovera og modernisera det. Før var det mørkt og trist der. No er det lyse fargar som dominerer.

– Det er kjøpt inn flunkande, nye laboratoriebenkar, medan veggane er målte med kvite fargar og golvbelegget er skifta ut, fortel prosjektleiar Kathrine Schou.

Nye avtrekksskåp

Så peikar ho på det tiltaket som truleg gir den aller største effekten.

– Me har kjøpt inn heilt nye avtrekksskåp og kasta ut dei gamle. I dei nye avtrekksskåpa er det ein sensor som registrerer med ein gong det ikkje er folk som jobbar der. Då vil luka automatisk gli ned igjen, slik at ein både får ein energigevinst og ikkje minst betre sikring i andre avtrekksskåp som brukar det same systemet. Tidlegare var problemet at mange let luka stå open, sjølv om dei hadde gått frå laboratoriet. Med det nye systemet blir det sikrare avtrekk for dei som brukar avtrekksskåpet, fortel Kathrine Schou. 

Både ho og Cecilie Mathiesen viser til at dei er blitt strenge på kva dei ulike laboratoria skal brukast til og at brukarane fylgjer tryggleiksreglane.

– Laboratoria våre eignar seg godt til å dyrka og analysera nær sagt alle slags moglege mikroorganismar. Det finst eit eige feltlaboratorium der til dømes jordprøvar kan analyserast. Eit anna laboratorium er spesiallaga for å få fram DNA-prøvar av ei einaste celle frå ein bestemt mikroorganisme, medan ein kan dyrka mikroorganismar i andre laboratorium. Laboratoria kan til og med brukast for å dyrka celler frå dyr og plantar, fortel Schou og Mathiesen.

 – Må skriva kva dei skal gjera

Begge legg stor vekt på at laboratoria fylgjer alle krav til helse-, miljø og sikring (HMS).

– Me synest det er svært viktig og difor må alle som brukar laboratoria, på førehand skriva kva dei har tenkt å gjera der. På den måten blir det langt lettare for oss å vita kva dei held på med, understrekar Schou. 

Det er også kjøpt inn inkubatorar der cellekulturane kan halda den rette temperaturen og ha den korrekte fordelinga av lys og mørke. Før var det meir vanleg å ha avkjølte laboratorium for dyrking av slike kulturar.

– For oss har det vore viktig at laboratoria utfyller kvarandre. Difor valde me å byggja opp ei eiga eining spesialisert for mikroorganismar, noko det er eit stor behov for på UiO. Når me treng laboratorium for molekylærbiologi, brukar me laboratorium og utstyr hos andre forskargrupper på huset. Slik brukar me ressursane våre på ein best mogleg måte, fortel Schou og Mathiesen. Ni rom er blitt moderniserte og har fått nytt utstyr for dei fem millionar kronene som er brukte på arbeidet.

Opne for fleire

Kathrine Schou og Cecilie Mathiesen er overtydde om at det også vil vera rom for fleire forskarar enn dei som er knytte til Biologisk institutt og Institutt for molekylær biovitskap.

– Me vil invitera forskarar frå andre fagområde til å bruka dei hypermoderne laboratoria våre, seier Kathrine Schou. Rundt 1. mars vil laboratoria bli tatt i bruk for fullt.

LYSE FARGAR: Dei renoverte og moderniserte laboratoria på Biologisk institutt har fått lyse fargar og flunkande nye laboratoriebenkar. (Foto: Ola Sæther)

 

 

Emneord: Biologisk institutt, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 21. feb. 2012 16:14 - Sist endra 21. feb. 2012 16:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere