Kommisjon vil gjera verdshelsa meir rettferdig

Verdas politikarar skal få klare svar på korleis avgjerdene deira kan ta meir omsyn til helse. Det er målet til ein internasjonal, akademisk kommisjon leidd av UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Utanriksminister Jonas Gahr Støre opnar den andre samlinga til kommisjonen på fredag.

GOD OMSORG:Ein god start på livet spelar ei viktig rolle for at barnet skal få god helse. Det syter denne mora frå landsbygda i India for.

Foto: Grethe Tidemann

– Det er ofte vedtak politikarane tar utanfor helsesektoren som påverkar helsetilstanden til innbyggjarane i eit land. Graden av skattlegging på alkohol, tobakk og sukker er gode døme på det. I eit globalt perspektiv ser ein at også barn sine oppvekstvilkår spelar ei viktig rolle for helse. Andre ting som kan nemnast er marknadsføring av usunn mat, fordelinga av helsepersonell og tilgang til medisinar, seier rektor Ole Petter Ottersen ved Universitetet i Oslo.

Skal publiserast i The Lancet

Han er leiar for ein kommisjon som er sett ned av tidsskriftet The Lancet i samarbeid med Universitetet i Oslo og Harvard Global Health Institute. Kommisjonen skal gi politikarane råd om korleis dei kan ta politiske avgjerder som tar meir omsyn til folkehelsa. Arbeidet skal enda opp i ein rapport som skal publiserast i The Lancet, i august 2013 før den blir lagt fram for FNs hovudforsamling seinare på året.

– I dag er helsetilboda urettferdig fordelte i verda. Kommisjonen har eit perspektiv på den globale ulikskapen. Den vil sjå på korleis ein kan få betre styring og samordning. Helse blir viktigare og viktigare, og vår oppfatning er at det er mogleg å skapa ei meir rettferdig fordeling av helse ved at politikarar tar meir omsyn til det når dei gjer vedtaka sine. Difor kom The Lancet-redaktør Richard Horton på ideen om å setja ned ein internasjonal, akademisk kommisjon som kunne sjå nærmare på dette. Professor Espen Bjertness ved UiO og John Arne Røttingen ved Kunnskapssenteret kom tidleg med i samtalane. Kommisjonen skal konsentrera seg om avgjerder som blir tatt i arenaer utanfor helsevesenet.

– Korleis har det seg at du er blitt leiar for denne kommisjonen?

– Richard Horton er professor II ved Institutt for helse og samfunn på UiO, og han tok kontakt med meg for å høyra om eg kunne ta på meg vervet. Sjølv om det ikkje er innanfor mitt spesialområde, så er det absolutt i samsvar med våre forskingssatsingar og vår strategi å seia ja til eit slikt oppdrag.

Vil få inn 20 millionar

Desse sit i kommisjonen:

Ole Petter Ottersen (leiar)

Chantal Blouin, Canada

Paolo Marchiori, Brasil

Virasakdi Chongsuvivatwong, Thailand

Jashodhara Dasgupta, India

Julio Frenk, USA/Mexico

Sakiko Fukuda-Parr, Japan

Bience Philomina Gawanas, Namibia

Rita Giacaman, Palestina

John Gyapong, Ghana

Jennifer Leaning, USA

Michael Marmot, Storbritannia

Desmond McNeill, Noreg

Gertrude I. Mongelia, Tanzania

Nkosana D. Moyo, Zimbabwe

Sigrun Møgedal, Noreg

Gorik Ooms, Belgia

 

 

 

 

 

UiO-rektoren håpar å få inn til saman 20 millionar kroner som kan finansiera dette arbeidet. Så langt har kommisjonen fått økonomisk støtte frå Utanriksdepartementet, men Ottersen håpar at dei også får støtte frå andre departement. Harald Siem er tilsett som sekretariatsleiar ved Institutt for helse og samfunn, medan Ann Louise Lie er tilsett som prosjektkoordinator.

I kommisjonen sit mellom andre tidlegare helseminister i Mexico, Julio Frenk, som no er dekan ved Harvard School of Public Health. Mellom dei mest folkerike landa er det berre Kina som manglar, medan India er representert med Jashodhara Dasgupta. Noreg er representert med Sigrun Møgedal og UiO-professor Desmond McNeill.

– Ei meir rettferdig fordeling av helseressursane

– Kva blir den største utfordringa?

– Det aller viktigaste for oss blir å identifisera dei arenaene der me kan gjera ein skilnad ved å koma fram til styringsmekanismar som tar meir omsyn til helse enn det dei styringsverktøya politikarane brukar i dag, gjer, seier Ottersen. Han synest absolutt at dette arbeidet passar godt saman med Internasjonaliseringsåret 2012.

– I høgste grad. Dette er å jobba med dei store, globale utfordringane. Det viktigaste er å få til ei meir rettferdig fordeling av ressursane. I dag er helseressursane svært urettferdig fordelte. Difor blir arbeidet til kommisjonen svært viktig på dette området. Og me håpar og trur at dette arbeidet skal bli eit positivt bidrag på den globale arenaen.

Ottersen er svært glad for at dei viktigaste fagmiljøa i Noreg vil delta på seminaret med The Lancet-UiO Commission: Global Governance for Health fredag 3.februar.

– Det vil setja Noreg endå klarare på kartet i desse spørsmåla. Det er eit stort potensial for eit endå sterkare, nasjonalt samarbeid innanfor dei tema som denne kommisjonen tar opp. Du kan lesa meir om kommisjonen på desse nettsidene.

GODE OPPVEKSTVILKÅR:  Gode oppvekstvilkår for barn er viktig for folkehelsa.  Desse skulebarna er mellom dei heldige som får god grunnutdanning i India.(Foto: Grethe Tidemann)

 

Emneord: FN, Internasjonal samfunnshelse, medisin, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2012 11:01 - Sist endra 2. feb. 2012 09:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere