Humaniora og samfunnsfaga skal redda verda

Terroråtaka i USA 11. september 2001 og i Noreg 22. juli 2011 har fornya interessa for både religionar og ideologiar. Humaniora og samfunnsfaga kan gi ein del av forklaringa på kvifor desse tragediane skjedde.

11.09.01: – Internasjonalt tok interessa for humaniora og samfunnsfaga seg opp etter terroråtaka mot USA 11. september 2001. Og også i Sverige har utviklinga gått i same retning, sa professor Sverker Sørlin, då Forskingsrådet lanserte den nye satsinga på humaniora og samfunnsfag.

Foto: Ola Sæther

Det var professor Sverker Sørlin og statsråd Tora Aasland einige om då Forskingsrådets nye forskingsprogram for humaniora og samfunnsfag blei presentert i formiddag. Det nye forskingsprogrammet ber namnet «Samfunnsutviklinga sine kulturelle føresetnader (SAMKUL)», og skal fram til 2020 dela ut om lag 300 millionar kroner til forsking om korleis kultur formar samfunnet innanfor område som natur, religion, språk, økonomi, teknologi, media og det fleirkulturelle.

– Fekk e-post frå Kristin Clemet

Petter Aaslestad er leiar av programstyret, og professoren i litteraturvitskap ved NTNU tok gjerne litt av æra for at forskingsprogrammet er blitt realisert.

– Då tidlegare forskingsminister Kristin Clemet presenterte forskingsmeldinga «Vilje til forskning», stod det ikkje eit einaste ord om humaniora og samfunnsfaga. Det gav eg klart uttrykk for i ein kommentar, og eg foreslo samtidig at regjeringa burde setja i gang ei nasjonal satsing på humaniora. Kort tid etter fekk eg ein e-post frå Kristin Clemet. Der stod det: God idé. Det gjer me. Satsinga blei endeleg vedtatt i 2008, men det er altså først no me kan koma i gang med arbeidet, slo han fast.  

Aaslestad viste også til at norske og andre europeiske akademikarar har lykkast i å få humaniora og samfunnsfaga inkluderte i forskingsprogramma til EU.

– No er dei blitt ein integrert del i dei store forskingssatsingane til EU, konstaterte Aaslestad.  

Og forskingsminister Tora Aasland viste til at sjølv om Noreg ikkje er med i EU, har ho deltatt på ministermøte i EU-regi.

– Der har også me fortalt dei kor viktig det er å integrera humaniora og samfunnsfaga i dei store forskingssatsingane. Og rapportar eg har fått, seier at både humaniora og samfunnsfaga er med i den kjempestore forskingssatsinga Horizon 2020. Det er til og med foreslått å auka løyvingane til dette prosjektet med 77 prosent. Lat oss håpa at dei lykkast med det, sa Aasland.

– Står bra til med humaniora og samfunnsfag

Ho gjekk også skarpt i rette med dei som meinte at humaniora og samfunnsfaga er blitt stemoderleg handsama dei siste åra. Gjennom statistikk viste ho at humaniora og samfunnsfaga frå 1997 til 2009 hadde ti prosent av dei samla driftsbudsjetta til universiteta og høgskulane.

– Det er om lag det same som dei også hadde tidlegare. Dessutan har dei absolutt fått sin del av den store auken i forskingsløyvingane på 2000-talet. Rett nok er det stipendiatstillingar og andre mellombelse forskarstillingar som aukar, men slik er det for andre forskingsområde også, meinte statsråden.

– Dessutan har humaniora og samfunnsfaga vore svært flinke til å publisera vitskaplege artiklar og få inn pengar gjennom teljekantsystemet etter at det blei innført, slo ho fast.  

– I spørsmålet om relevans, er ingen i tvil om at humaniora og samfunnsfaga har spelt ei viktig rolle når det gjeld å svara på dei aller største spørsmåla, spesielt etter tragediane som skjedde i Noreg 22. juli i fjor, poengterte Aasland.

– Korka i hovudet

Den svenske professoren Sverker Sørlin frå Kungliga Tekniska Høgskolan er medlem i programstyret, og han heldt eit varmt forsvar for humaniora og samfunnsfaga.

– Den svenske arbeidsgjevarforeininga kom i fjor med eit utspel om at altfor mange studentar valde å ta humaniora og samfunnsfag som ikkje ville gi dei jobb når dei var ferdige, og viss dei fekk jobb, ville dei vera dårleg betalte. Arbeidsgjevarforeininga foreslo difor at dei heller burde losast inn på ingeniørfag og andre fag som samfunnet hadde meir bruk for. Resultatet blei at folk flest skjelte ut arbeidsgjevarforeininga for å vera heilt korka i hovudet. Det er klart at det er naudsynt at folk studerer humaniora og samfunnsfag, argumenterte kritikarane av den svenske arbeidsgjevarforeininga. Eg ante ikkje at humaniora hadde så mange venner i Sverige, smilte Sverker Sørlin.

Kartlegg arbeidsmarknaden

– Internasjonalt tok interessa for humaniora og samfunnsfaga seg opp etter terroråtaka mot USA 11. september 2001. Og også i Sverige har utviklinga gått i same retning, sa han.

Kartlegging av korleis det går med dei som tar humaniora og samfunnsfag, er etter hans meining svært viktig.

– Me har difor sett i gang ei undersøking som både ser på arbeidsmarknaden for humanistar og samfunnsvitarar, og på lønner og kvar dei er sysselsett. Førebels ser det ut som om fleirtalet arbeider i offentleg sektor, og fleirtalet av dei er kvinner. Det kan vera ein av grunnane til at lønnene er heller låge, trudde han.

Sverker Sørlin meinte at I framtida  måtte humaniora og samfunnsfaga alliera seg endå meir med fag som medisin og naturfag, for å kunna driva grensesprengande forsking.

– Då kan me få svara på spørsmåla om kvifor menneska gjer det dei gjer og kvifor verda er blitt slik den er blitt. På same vis kan me finna ut korleis me skal gå fram for å gjera det som er naudsynt når det gjeld å stansa klimaendringar og global oppvarming, konstaterte Sørlin.

Andre forskingsmiljø kan delta

Det er ikkje meininga at berre humanistar og samfunnsvitarar skal søkja om å få tildelt pengar frå forskingsprogrammet SAMKUL.

– Samspelet mellom menneske og samfunnet dei lever i, må også forklarast med bidrag frå naturvitarar, teknologar, medisinarar og andre på tvers av faggrensene, er oppfordringa frå programstyreleiar Petter Aaslestad. Utlysinga av den første potten på 100 millionar kroner har søknadsfrist den 18. april.

 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Internasjonalisering, Forskning Av Martin Toft
Publisert 29. feb. 2012 16:00 - Sist endra 1. mars 2012 10:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere