Helse er livsviktig for alle land

– CIA brukar statistikken over kor mange barn som døyr i eit land, som indikator på kor nær eit land er å bryta saman. Det viser kor viktig helse er globalt, sa utanriksminister Jonas Gahr Støre på UiO i dag.

OPNA HELSESEMINAR: Kommisjonsleiar og UiO-rektor Ole Petter Ottersen klappar fram utanriksminister Jonas Gahr Støre før han skal opna seminaret om global helse på Blindern i dag. Det blei arrangert av kommisjonen som skal sjå nærmare på korleis globale politiske avgjerder kan ta omsyn til folkehelsa.

Foto: Ola Sæther

Utanriksminister Jonas Gahr Støre var på Blindern for å opna seminaret til den akademiske kommisjonen som skal laga ein rapport om korleis politikarane kan ta omsyn til helse når dei tar avgjerdene sine. Kommisjonen er leidd av UiO-rektor Ole Petter Ottersen og er eit samarbeid mellom tidsskriftet The Lancet, Universitetet i Oslo og Harvard School of Public Health.

 – Grov feilfordeling av helse i Burma

For åtte dagar sidan kom Jonas Gahr Støre tilbake frå Burma. 

– Det er eitt av dei mest spennande landa å reisa til i dag. Likevel er det lett å få auge på at det er eit grov feilfordeling av helse i det landet. På landsbygda finst det ikkje primærhelseteneste. Og i samfunnet elles finst det ein liten overklasse av militære på toppen, ein svært liten middelklasse medan alle dei andre er fattige og aller lengst nede på klassestigen, fortalde Gahr Støre. Han slo fast at Burma er eit land som treng råd og kompetansebygging på mange område.

– Landet må få gode råd om helse og korleis helsetilbod kan utviklast. På dette området trengst det difor tilførast kunnskap frå andre land. Samtidig er det verdt å notera seg at det går mot våpenstillstand og våpenkvile i nesten alle dei 11 væpna konfliktane i landet. Nyleg blei det også inngått ei våpenkvile med karenfolket. Men det er etter at freden har kome, at det verkelege arbeidet begynner. Difor må landet prioritera helse, ikkje minst vaksinar til barna og eit godt helsetilbod til fødande mødrer, konstaterte Gahr Støre. 

Investering i helse lønner seg

Han trekte også fram tidlegare helsedirektør Karl Evang og ynskte at han hadde kunna observera kor stor politisk tyngd helse no har fått i verda.

– Det hadde vore flott om han hadde kunna fått opplevd korleis økonomar i dag ser og forstår at investering i helse er viktig i ein større samfunnssamanheng, peika han på. 

Støre hadde også døme på at denne positive utviklinga enno ikkje gjeld for alle land. – Då eg arbeidde for Verdas helseorganisasjon, hadde eg eit møte med Angolas helseminister. Men helseministeren var ikkje med i regjeringa. Så kor viktig helseministeren var, var omvendt proporsjonalt med kor stort behovet for helse var for folk i det landet. Det er eitt av mange land der ein tidel av ressursane går til ni tidelar av folket. Kampen mot fattigdom er blitt ei hovudsatsing for Verdas helseorganisasjon, nettopp fordi det også er ein kamp for å betra folkehelsa. Difor er helse også viktig både for presidentar og statsministrar. På den måten må me hjelpa helseministeren i Angola med å koma inn i regjeringa, sa Gahr Støre. 

Helsevesenet bryt saman først

Han viste også til at den amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA har oppdaga dette poenget. – Dei samfunna som bryt saman, gjer det på grunn av dårleg tilgang til helse for folk flest. Difor brukar CIA talet på kor mange barn som døyr i eit land, som indikator på kor nær landet står avgrunnen, understreka Støre.

Utanriksministeren tykte det var svært bra at Universitetet i Oslo saman med The Lancet og Harvard-universitetet hadde etablert ein eigen kommisjon for å sjå om det er mogleg å få betre global styring over avgjerder som får konsekvensar for folkehelsa.

– Dette er ei fin arbeidsdeling mellom oss politikarar og akademikarane. Me håpar og trur den vil gi oss meir informasjon om korleis den globale helsetilstanden er, sa han før han kom med ein solid sluttsats.

– No skal eg i statsråd og levera frå meg den aller første stortingsmeldinga om global helse.

 

Emneord: Internasjonalisering, Internasjonal samfunnshelse, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 3. feb. 2012 16:03 - Sist endra 3. feb. 2012 16:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere