Sonja Biserko fekk UiOs menneskerettspris

Den serbiske menneskerettsaktivisten Sonja Biserko fekk utdelt UiOs menneskerettspris frå prorektor Inga Bostad under ein seremoni i Gamle festsal i går.  

MENNESKERETTSPRIS: Den serbiske menneskerettsaktivisten Sonja Biserko får utdelt eit måleri frå prorektor Inga Bostad som eit synleg bevis på at ho er tildelt UiOs menneskerettspris for 2010.

Foto: Martin Toft

Sonja Biserko er tildelt prisen for arbeidet med flyktningar, kvinnerettar og dokumentasjon av krigsbrotsverk. På det viset har innsatsen hennar vore avgjerande for forsvaret av menneskerettar både i Serbia og internasjonalt, går det fram av grunngjevinga for å gi henne prisen, som offisielt heiter UiOs menneskerettspris-Lisl og Leo Eitingers fond.

Biserko blir også skildra som ein forsvarar av ideen om ein moderne stat som vernar individuelle rettar – samtidig som ho sjølv har opplevd fysiske og psykiske overgrep og daglege valds- og drapstrugsmål. Prisvinnaren er også leiar for den serbiske Helsingforskomiteen.

I ein samtale med assisterande kommunikasjonsdirektør Marina Tofting, uttrykte ho ein viss optimisme over dagens situasjon i Serbia.

– Dei siste to åra har eg følt meg trygg, og eg ser at dagens regjering er meir opptatt av å forsvara menneskerettane i Serbia. Men serbisk media er derimot framleis opptatt av status quo, meinte Biserko.

I eit intervju med Uniforum etterlyser ho også ein ny intellektuell elite som kan vera gode førebilete for den serbiske ungdommen.

– I dag lever for mange av dei i fortida og ser på Serbia som eit offer og ikkje som det landet som har stått bak svært mange av overgrepa mot sivile i det tidlegare Jugoslavia. Håpet mitt er at menneskerettsutdanning av den yngre generasjonen skal endra den nasjonalistiske haldninga og draumen om serbisk stordom, seier ho i intervjuet med Uniforum. Heile intervjuet blir også publisert i Uniforums papirutgåve 18. november.
 

Emneord: Serbia, Menneskerettar, Universitetets priser, Balkan Av Martin Toft
Publisert 9. nov. 2010 11:23 - Sist endra 9. nov. 2010 11:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere