– Serbia må få ein ny intellektuell elite

– I dag lever for mange av dei serbiske intellektuelle i fortida og ser på Serbia som eit offer og ikkje som det landet som har stått bak dei fleste av overgrepa mot sivile under krigane i det tidlegare Jugoslavia. Det meiner Sonja Biserko som nyleg tok imot UiOs menneskerettspris for 2010.

HÅPET: – Håpet mitt er at menneskerettsutdanning av den yngre generasjonen skal endra den nasjonalistiske haldninga og draumen om serbisk stordom, seier Sonja Biserko, som har fått UiOs menneskerettspris for 2010.  

Foto: Ola Sæther

– Det var både ei stor overrasking og ei stor ære for meg å få tildelt denne prisen. Den er også eit teikn på at arbeidet til alle som forsvarar menneskerettane i Serbia, blir sett pris på, seier Sonja Biserko til Uniforum.

Ho er tildelt prisen for arbeidet med flyktningar, kvinnerettar og dokumentasjon av krigsbrotsverk. På det viset har innsatsen hennar vore avgjerande for forsvaret av menneskerettar både i Serbia og internasjonalt, går det fram av grunngjevinga for å gi henne prisen, som offisielt heiter UiOs menneskerettspris Lisl og Leo Eitingers fond. Biserko er også leiar for den serbiske Helsingforskomiteen.

Vil ha haldningsendring

No etterlyser Sonja Biserko ein ny intellektuell elite som kan vera gode førebilete for den serbiske ungdommen.

– Håpet mitt er at menneskerettsutdanning av den yngre generasjonen skal endra den nasjonalistiske haldninga og draumen om serbisk stordom, seier ho.

Og så set ho inn eit verbalt åtak på dei serbiske nasjonalistane.

– Dei meiner at menneskerettane drep den serbiske nasjonen. Tidlegare president Vojislav Kostunica og hans politiske åndsfrendar meiner at dette er eit komplott frå USA og nyliberalistiske krefter i Vesten. Det er faktisk serbarar som har stått bak mesteparten av dei verste menneskerettsovergrepa i Bosnia og i andre delar av det tidlegare Jugoslavia. Det kan ingen snakka seg bort frå, konstaterer ho.

– Men no har Serbia utlevert den bosnisk-serbiske nasjonalisten Radovan Karadzic til Den internasjonale krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia i Haag. Tyder ikkje det på at nasjonalistane har mista påverknaden sin?

– Media i Serbia var mest opptekne av det hemmelege livet han hadde ført før han blei arrestert. Og då den tidlegare presidenten for Republika Srbska i Bosnia, Biljana Plavsic blei sett fri etter å ha sona to tredelar av dommen på 11 års fengsel for eitt år sidan, blei ho helsa med jubel då ho kom tilbake. Ingen sa eller skreiv noko om at ho hadde sete i fengsel fordi ho var dømt for krigsbrotsverk under krigen i Bosnia-Herzegovina, slår Biserko fast.

– Trur du at Ratko Mladic også vil bli arrestert og utlevert?

– Det tvilar eg sterkt på. I juli kravde den serbiske regjeringa at den britiske regjeringa utleverte den tidlegare bosniske presidenten Ejup Ganic. Dermed ville dei visa at den sida også hadde ansvaret for krigane i det tidlegare Jugoslavia. Det som likevel er positivt no, er at medan det internasjonale samfunnet tidlegare var opptatt av alle problema Serbia skapte for nabolanda sine, er det internasjonale samfunnet meir merksam på det som går føre seg innanlands i Serbia, seier Biserko.

– Godt rammeverk for menneskerettane

Og ho ser difor lyset i andre enden av tunnelen i den politikken som dagens regjering fører.

– Det har blitt vedtatt mange lover til forsvar for menneskerettane, til forsvar for minoritetar, for barn og for kvinner. No står det igjen å sjå om dei også blir sette i verk i praktisk handling. I alle fall er dette eit godt rammeverk og eit godt utgangspunkt for eit vern av menneskerettane i Serbia. Det er mange frå romfolket og andre minoritetar som framleis blir diskriminerte i Serbia.

– Tidlegare blei det hevda at du meinte at alle serbarar var ansvarlege for folkemord. Du har sjølv opplevd fysiske og psykiske overgrep og daglege valds- og drapstrugsmål. Korleis er din situasjon no?

– Dei siste to åra har det blitt mykje betre for meg å bu og arbeida i Serbia. Eg føler at det er i ferd med å bli skapt ein ny politisk atmosfære der respekt for menneskerettane er eit viktig element.Samtidig er media mest opptatt av status quo.

– Serbia blir EU-medlem

– Kva bør EU, USA og resten av verda gjera i forholdet sitt til Serbia?

– Det viktigaste dei kan gjera er å stå fast på kravet om at Bosnia ikkje skal delast og at Kosovo skal godkjennast som ein uavhengig stat. Om ti år vil Serbia finna sin naturlege plass som medlem i EU, saman med mellom andre Kroatia, som høgst sannsynleg blir medlem om to år. Serbia har ikkje noko anna val.

Sonja Biserko er godt nøgd med arbeidet Noreg har gjort for å skapa respekt for menneskerettane både i Serbia og i resten av det tidlegare Jugoslavia.

– Noreg har i mange år spela ei viktig rolle i arbeidet med å gi dei yngre generasjonane menneskerettsundervisning. Utdanning i menneskerettar og iverksetjing av dei er dei to viktigaste elementa for å utvikla Serbia vidare. Difor er eg optimist, seier Biserko.

Emneord: Internasjonalisering, Menneskerettar, Serbia Av Martin Toft
Publisert 22. nov. 2010 09:50 - Sist endra 22. nov. 2010 10:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere