Med menneskerettslupe på Kina

I 16 månader har 14 kinesiske forskarar frå ulike fag samarbeidd om å setja eit menneskerettsperspektiv på Kina. Resultatet blei ei fleirfagleg bok om menneskerettar på kinesisk. Prosjektet er blitt støtta av Norsk senter for menneskerettar og Raoul Wallenberg-instituttet ved Lunds universitet.  

VEGVISARAR: Todd Landman frå University of Essex (t.v.), Rhona Smith frå Northumbia University i Newcastle og William Paul Simmons frå Arizona State University har vore vegvisarar for eit prosjekt om menneskerettsforsking i Kina.   

Foto: Martin Toft

For to veker sidan kom det ei verbal skyljebøtte frå kinesiske styresmakter mot avgjerda til den norske Nobelkomiteen om å gi Nobels fredspris til den fengsla kinesiske dissidenten Liu Xiaobo. Samtidig sat rundt ti kinesiske forskarar og tre av verdas fremste fagteoretikarar i Oslo for å presentera artiklar som på ulikt vis og på ulike område fortalde om menneskerettssituasjonen i Kina.

Uniforum var den einaste avisa som vart invitert til å delta på det to dagar lange seminaret. Men ingen av dei kinesiske forskarane ynskte å bli intervjua.

– Menneskerettar sett frå ulike fag

Initiativet til forskingsprosjektet kom frå Norsk senter for menneskerettar, UiO, og Raoul Wallenberg-instituttet ved Lunds universitet.

– Tanken var å få inn eit menneskerettsperspektiv frå fleire ulike fag som analyserer det kinesiske samfunnet. Difor engasjerte me internasjonale toppforskarar som kunne gi dei kurs i metodar innanfor den tverrfaglege forskinga på menneskerettar, hjelpa dei med å utvikla individuelle forskingsprosjekt og gi dei tilbakemelding på dei artiklane som forskarane skreiv om menneskerettar, fortel Cecilie Figenschou Bakke og Merethe Borge MacLeod. Dei leier kvar sitt Kina-program ved Norsk senter for menneskerettar og Raoul Wallenberg-instituttet.

Frå barnevern til arbeidarrettar

Dei tre forskarane som har vore vegvisarar for det 16 månader lange forskingsprosjektet er William Paul Simmons frå Arizona State University, Todd Landman frå University of Essex og Rhona Smith frå Northumbia University i Newcastle.

– I Kina finst det omfattande menneskerettsstudium innanfor jus. Derimot er det noko heilt nytt å lata forskarar frå fag som sosialantropologi, statsvitskap og filosofi finna forskingsfelt med eit menneskerettsperspektiv innanfor sine fagområde. Dette har desse toppforskarane klart å gjennomføra med glans, og me trur at det også kan føra til konkrete tiltak i Kina for å gjera noko med dei funna som er gjorde, seier dei tre internasjonale forskarane.

Dei viser til at det er blitt forska på så forskjellige område som barnerettar, arbeidarrettar, retten til utdanning, miljørørsler, kriminelle sine rettar, yrkessjukdomar og pasientsamtykke.

– Ein artikkel handlar om korleis barn kan vernast mot seksuelle overgrep frå sin eigen familie. Ho foreslår også tiltak som kinesiske styresmakter kan setja i verk. Professor Li har skrive ei personleg forteljing om ein ung mann som migrerer til byen og blir involvert i kriminalitet. Artikkelen set søkjelyset på hindra som gjer det vanskeleg for dei fattige i Kina å klatra oppover den sosiale rangstigen. Den viser også forholdet mellom strukturelle og personlege faktorar i veksten i ungdomskriminalitet i Kina. Ei slik biografisk forteljing er ikkje ofte i bruk innanfor menneskerettsforskinga, men dette er ein framifrå modell på kva resultat den typen metode kan gi, peikar dei på.

– Har lært meir om Kina

Dei tre forskarane kan ikkje trekkja fram funna i alle artiklane, men dei legg ikkje skjul på at dei er imponerte over arbeidet som er gjort.

– Og det har vore svært lærerikt for oss også. Me har lært endå meir om det kinesiske samfunnet. Difor synest me det er bra at desse artiklane blir publiserte i ei eiga fagbok som blir tilgjengeleg for andre kinesiske forskarar og studentar, seier dei. Dei gir også honnør til Norsk senter for menneskerettar, UiO, og Raoul Wallenberg-instituttet som har tatt initiativet til prosjektet og finansiert det.

– Får reflektert over eigne forskingsmetodar

Og Cecilie F. Bakke og Merethe Borge MacLeod synest resultatet av prosjektet er blitt svært vellykka.

– Det var viktig å få utvida menneskerettsperspektivet til andre fag enn jus i Kina. Der har det vore ein dramatisk auke i talet på teoretiske artiklar om menneskerettar. No er det viktig å setja i gang forsking som ser på korleis menneskerettane fungerer i praksis i det kinesiske samfunnet, seier Bakke.

– Mange av forskarane brukte tidlegare vitskaplege teoriar utan å tenkja over kvifor dei brukte akkurat den teorien. I dette prosjektet har dei for første gong reflektert over eigne forskingsmetodar. Dessutan har det vore masse diskusjon om forskingsetikk. Alt dette er kjempespennande, seier MacLeod.

Begge synest det er viktig at menneskerettsforskinga i Kina no omfattar fleire fag.

– Det kunne sikkert også Noreg ha lært noko av. I dette prosjektet er det kinesiske forskarar som undersøkjer menneskerettssituasjonen i Kina. Og det er dei som er ekspertar på landet sitt.

 

Emneord: Internasjonalisering, Kina, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 15. nov. 2010 16:57 - Sist endra 15. nov. 2010 17:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere