Kunnskapskanalen på NRK Nett-TV

Frå no av vil det vera mogleg å sjå Kunnskapskanalens sendingar på NRK Nett-TV. – Det er me kjempeglade for. Då får sendingane våre eit endå større nedslagsfelt, seier koordinator Arild Boman og produsent Yvonne Pettrém.  

NETT-TV: Produsent Yvonne Pettrém og koordinator Arild Boman viser fram inngangen til Kunnskapskanalens side på NRK Nett-TV.

Foto: Ola Sæther

Begge har arbeidd intenst dei siste dagane med å gjera andre delen av programmet frå CULCOMs avslutningskonferanse tilgjengeleg på nett-TV. Etter kvart vil fleire program frå Kunnskapskanalen også bli tilgjengelege på NRK Nett-TV.

– Etter avtale med NRK vil dei bli så lenge institusjonane sjølve bestemmer at dei skal vera på nett, avhengig av avtalar med deltakarane, fortel Arild Boman og Yvonne Pettrém. Dei ser føre seg at dette blir ein ny type forskingsformidling.

– Det er klart. No kan publikum få tilgang til stoffet også utanom dei ordinære sendingane våre på NRK. Dessutan kan dei no gå inn og få direkte kontakt via lenkjer som går rett inn til forskingsmiljøa som står bak programma og leggja inn kommentar, seier Boman.

– Kan nå fleire brukarar

Dei ser at det også får andre positive fylgjer.

– Me kan utnytta produksjonskapasiteten vår endå betre. Same formidling kan no laga forskjellige versjonar til ulike medium, slik som TV, nett-TV, sosiale medium og nå langt fleire brukarar når dei treng kunnskapen, og til lågare samla kostnader. Difor kan fleire fagmiljø delta, og slik ekspanderer Kunnskapskanalen. No er også Universitetet i Tromsø blitt med, seier Pettrém.

Dei føler også at NRK er svært interessert i bruka Kunnskapskanalen for det den er verdt.

På NRK 2

– Dei vil gjerne ha programma våre på NRK 2. No har me også fått sendingar etter midnatt på måndag. Først ut er ein serie med helseprogram frå Universitetet i Agder. Dei handlar om overgrep mot barn, sjølvskading og kjønnsidentitet. Det første programmet blir sendt etter Puls-programmet måndag 22. november. Det fylgjer opp eit innleiande program om traume i den faste sendetida vår på NRK 2 laurdag 20. november, fortel Boman.

Då blir også den siste delen av avslutningskonferansen til CULCOM send, heilt nøyaktig kl. 16.40. Det handlar om Kulturelt mangfald i det nye Noreg, og er eit foredrag av Thomas Hylland Eriksen.

– Kunnskapskanalen på nett-TV blir med dette også eit ledd i å utvikla universitetet sin elektroniske kunnskapsbase for alle som er interesserte i å vita meir om forsking, poengterer Yvonne Pettrém og Arild Boman. 

 
 

Emneord: Forskningsformidling, Sosiologi, Antropologi, Statsvitenskap, Media, Medisin Av Martin Toft
Publisert 18. nov. 2010 14:40 - Sist endra 19. nov. 2010 09:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere