Kunnskap og oppleving hand i hand

– Barn må sjå ting på nært hald og ikkje berre på teikningar, tenkte professor Anatol Heintz på Paleontologisk museum. Slik blei Skuletenesta på Tøyen fødd for 50 år sidan til slagordet ”Gjennom museet til naturen”. Det fortel førstemamanuensis Eva Mæhre Lauritzen  til Uniforum.

BARNEROP I MUSEET: – Dette er lyd av begeistring, og det likar eg faktisk å høyra, seier førsteamanuensis Eva Mæhre Lauritzen i Skuletenesta ved Naturhistorisk museum på Tøyen. Her har ho plassert seg midt i ein barneflokk som beundrar dinosauren i bakgrunnen.

Foto: Martin Toft

 – Ideen var henta frå Storbritannia, og paleontologiprofessor Anatol Heintz var den første som kom på tanken om å gjera det same på Tøyen. Ei museumsutstilling må lagast på barn sine premissar, og ikkje berre på premissane til forskarar og vaksne. Seinare har også mange andre museum funne ut at dette var lurt, fortel førsteamanuensis Eva Mæhre Lauritzen, som har arbeidd for Skuletenesta i 37 år.

– Oslo og Bærum finansierte ordninga

Den første som blei tilsett for å arbeida med Skuletenesta, var Arne W. Martinsen.

– Han arbeidde her i nesten 30 år, og han hadde ein fantastisk flott kombinasjon av fagkunnskap og pedagogisk kunnskap. Martinsen hadde dessutan erfaring frå skulen og visste kva skulen trong. Difor bygde han opp ekskursjonar med skuleklassar til Kolsås, der dei kunne sjå nærmare på geologi og paleontologi. Læreplanane til skulen kunne koplast saman med utstillingar og andre tilbod frå Skuletenesta, fann han ut. Og det var svært vellykka. I dag er han 88 år og framleis opptatt av barn og formidling av naturfag, fortel Lauritzen.

I byrjinga var det Noregs Allmennvitskaplege Forskingsråd (NAVF) som finansierte ei stilling. Seinare kom Oslo kommune og Bærum kommune inn og tok det økonomiske ansvaret for ordninga, før Universitetet i Oslo overtok denne oppgåva.

– Appellerer til heile familien

Det er også mykje anna som har forandra seg etter at Skuletenesta starta opp i 1960.

– Tidlegare hadde me berre permanente utstillingar. Difor utgjorde skuleelevane mesteparten av dei besøkjande. I dag har me skiftande utstillingar, og det kjem både vaksne med barn og skuleklassar heile tida. Mange barnefamiliar kjem hit i helgane eller sommarferien, fordi dei finn noko her som appellerer til heile familien, både store og små. Interesse for naturen er eit honnørord for mange familiar, fortel Lauritzen nøgd.

Og med besøkstal som berre blir slått av Nasjonalmuseet for kunst, 490 000 personar var innom Naturhistorisk museum i 2009, har ho god grunn til å vera glad på vegner av museet. – Utstillinga til forfattaren Jo Nesbø, ”Dyr du skulee ønske ikke fantes (DDØIF)”, har hatt kjempeappell blant barn, og me er blitt kontakta både av andre museum og fornøyelsesparkar som gjerne vil overta utstillinga etter oss, smiler ho.

Då Lauritzen begynte på Skuletenesta i 1974, fekk ho ein svært hyggeleg beskjed.

– Dei fortalde meg at arbeidet med å byggja eit nytt veksthus var rett rundt hjørnet. Og det er det vel framleis, sjølv om museet no kan visa til at det har fått private donasjonar som med gåveforsterkingsordninga gjer at det er kome inn rundt 100 millionar til nytt utstillingsveksthus. Så no må staten gjera sitt, seier Lauritzen, som også sit i eit av utvala for nytt veksthus ved Naturhistorisk museum.

– Eg håpar i alle fall at eg kan få oppleva å sjå det ferdig, men det må bli som pensjonist, for snart går eg av for aldersgrensa, peikar ho på.

– Tilpassa museet til barna

Då ho begynte i jobben i 1974, var den første oppgåva hennar å laga undervisningsmateriell og eit lærarhefte om veksthusa.

– Me laga lærarhefte som skulle vera til hjelp for lærarar både i geologi, botanikk og i zoologi, både når dei var på musea og på ekskursjonar. Og Zoologisk museum var tidleg ute med å tilpassa utstillingane etter behovet til barna. Dermed blei


 ALTERNATIVT KLASSEROM: Museumslærar Ola Nesland underviser ein fjerdeklasse i eit av veksthusa på Tøyen i 1974.(Arkivfoto:ukjend fotograf, Universitetshistorisk fotobase, UiO)

utstillingsmontrane senka ned, slik at barna kunne sjå dei utstoppa dyra utan å måtte bli lyfta opp av dei vaksne. Håpet mitt er at dei vil gjera det same med utstillingane her i Geologibygningen, seier ho, medan me høyrer barnestemmer gi atterklang i heile huset.

– Dette er lyd av begeistring, og det likar eg faktisk å høyra. I dag går ikkje barna rundt i museet og får beskjed om å vera stille. Det synest eg er bra. Og dei er utruleg interesserte i dei tinga me har her, og stiller spørsmål og fortel om eigne opplevingar. Det som dei likar aller best, er det som utfordrar fantasien, som dinosaurane. Men også dei nyrestaurerte veksthusa er populære blant barna. – Ei jente sa det slik då ho såg opp i taket. – Å, såååå fiint. Det er nesten som plastikk, fortel Lauritzen og ler.

Skuletenesta er i dag ein del av Seksjon for utoverretta verksemd ved museet, og det er om lag fem tilsette som arbeider med å undervisa skuleklassar på alle trinn. Men mange studentar har fått si første undervisningserfaring som hjelpelærarar der.
– Og eg trur at det har gitt mange av dei lyst til å bli naturfaglærarar. Kunnskap og oppleving går hand i hand. Og begge delar får skuleelevane hos oss, slår ho fast.

 

Emneord: Tøyen, Museene, Forskningsformidling, Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 4. nov. 2010 14:09 - Sist endra 4. nov. 2010 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere