Barrikadestormar i kvit frakk

Ein kvit legefrakk heng på ein knagg. Like ved står ein nedsliten kontorstol frå 1970-talet. På veggen heng ei karikaturteikning av Haakon Breien Benestad som supermann. Me er i Domus Medica, der den tidlegare prorektoren framleis har eit eige kontor.

SPONTAN: – Eg vedgår gjerne at eg er både spontan, direkte og svært open, og det passar kanskje ikkje like godt å vera det i alle viktige verv, seier Haakon Breien Benestad.

Foto: Martin Toft

Haakon Breien Benestad fylte 70 år 23. oktober, og då skildra han seg sjølv som ei laus kanon på dekk.

– Det var eigentleg tidlegare rektor Geir Ellingsrud som begynte å kalla meg det, etter at eg hadde gått hardt ut mot ei universitetsrangering i ei avis og sagt at ”Dette er noko herk, men me må forholda oss til det.” Han ville ikkje at eg skulle tala så direkte frå levra som eg gjorde den gongen.

– Vil du rekna det som ein veikskap?

– Eg vedgår gjerne at eg er både spontan, direkte og svært open, og det passar kanskje ikkje like godt å vera det i alle viktige verv, seier han til Uniforum. Etter at han fylte 70 og blei pensjonist, har han no fått tilbod om å vera med i immunbiologisk gruppe hos den første stipendiaten sin, no professor Bent Rolstad ved Avdeling for fysiologi på Det medisinske fakultetet.

– Eg har gjennom heile karrieren min jobba åleine. Difor rår eg alle mine yngre kollegar til å gå inn i ei forskargruppe på to personar eller fleire. To av dei siste nobelprisane i medisin gjekk til forskargrupper på to personar. Så det er absolutt mogleg å gjera gode funn for små grupper også, konstaterer Benestad.

Haugesund

Livet hans begynte 23. oktober 1940.

– Då blei eg fødd i sløydsalen på Berg skole, seks månader inn i krigen.

Fem år etter krigen fekk faren overlegestilling i Haugesund. Slik forklarar han den ubestemmelege dialekten sin.

– På den tida var me opptekne av å snakka veldig pent, då me byrja i realskulen. Difor er min Haugesundsdialekt meir normalisert bokmål enn dialekten til KrF-politikaren Einar Steensnæs, som berre er fire år yngre enn meg. Somme reknar dialekten min som ein talefeil, men eg har aldri fått melding om at nokon ikkje har forstått meg på forelesingane mine, seier han litt underfundig.

Haugesund gir han gode minne.

– Det grip meg når eg er på Vestlandet og ser lyngen blomstra i heiane. Og så fer eg til Haugesund for å delta på Sildajazz og skulejubileum. Men på den tida eg budde der, var Haugesund bortgøymt, utan flyplass, utan hurtigbåt og utan heilårsveg. Så det var tøft for mora mi som kom frå Oslo, å sjå så lite til sine eigen familie, hugsar han.

Beste eksamen

Men både mora og faren hans hadde grunn til å vera stolte. I Oslo tok Haakon Breien Benestad Noregs beste embetseksamen i medisin.

– Den stod vel i nesten 25 år, før medisinstudenten Signe Søvik tok ein endå betre eksamen enn eg.

– Har det ført til at du blei overlegen?

– Nei, det viser berre at eg var flink til å ta eksamen. Eigentleg kallar eg det for flaks, for eg kunne ha fått andre sensorar som hadde gitt meg andre karakterar. Det at eg fekk så gode karakterar, viser berre at eg er god i medisin. Eg kan vera svært dårleg på mange andre område. Då eg var medisinstudent, laga ein medstudent eit rim til meg som gjekk slik: ”Pugge jevnt og trutt er tingen, det han ikke vet, vet ingen.” Alt i alt blei eg nok rekna som ein svært keisam student som las teori både seint og tidleg.

– Det blir sagt at du var så effektiv som student at du åt lunsj under sykkelturen frå Gaustad til Ullevål?

– Nei, det kan ikkje eg hugsa, sjølv om kullkameraten min Knut Wester frå Universitetet i Bergen insisterer på at det er sant, flirer Benestad.

Som ferdig utdanna lege, drog han til Tana i Finnmark for å jobba som distriktslegeassistent i eit halvt år.

– Det var lange avstandar der. Eg hugsar at ein laurdag kjørte eg 36 mil i løpet av fem sjukebesøk. Ei tid var eg åleine om å dekkja heile Øst-Finnmark med unntak av Kirkenes. I dag er det seks legar som dekkjer det same området. Det viser kor mange nye oppgåver legane har fått.

Ei sterk historie

Det var etter at han kom tilbake til Oslo, at han opplevde ei historie som var avgjerande for det endelege yrkesvalet hans.

– Medan eg var doktorstipendiat, tok eg legevakter der eg køyrde på sjukebesøk til folk. Ein gong kom me til ein 90 år gammal mann som mellom anna hadde store hjarteproblem. Han blei stelt av den 70 år gamle dottera si, som hadde amputert den eine handa. Etter fire dagar på sjukehuset, bestemte legen at han skulle tilbake igjen til heimen. Eg protesterte, men då fekk eg til svar at dei heller ikkje kunne leggja han igjen i parken. Då fann eg ut at eg ikkje ville vera ein del av det helsesystemet og bestemte meg for å satsa på forskinga.

I 1972 tok han doktorgraden i eksperimentell hematologi, og i 1990 blei han professor ved Fysiologisk institutt.

– Noko av det finaste med denne tida var at kollega Jens Gustav Iversen og eg på eige initiativ fekk sett i gang forskarkurs, fortel han, og legg eit tjukt kompendium på bordet. – Dette kompendiet, "An introduction to biomedical laboratory research" var den læreboka me fekk laga til kurset og etter kvart la også sjefsbibliotekar Per Arne Jakobsson ved Bibliotek for medisin og helsefag heile kompendiet ut på DUO (Digitale utgjevingar ved Universitetet i Oslo). Dermed kunne heile verda få høve til å lesa den læreboka.

Åleineforskar

Benestad ser at han kunne gjort ting annleis i si eiga karriereutvikling.

– Eg arbeidde heile tida åleine, og eg manglar eit langt utanlandsopphald i t.d. USA. Men eg er sjølvsagt takksam for at eg kunne ta kortare gjesteforskaropphald i Manchester i England. Av familiære årsaker jobba eg også to månader på eit sjukehus utanfor Helsingfors i Finland. Difor rår eg mine yngre kollegaer til å skaffa seg eit lengre utanlandsopphald i løpet av forskarkarrieren. Det er nyttig for å skaffa seg eit godt nettverk og læra nye metodar.

I 1989 skreiv han ein artikkel med tittelen ”Forskning i kaldt klima” i Aftenposten.

– I artikkelen var eg kritisk til målstyringa av Universitetet i Oslo. Bioteknologiprofessor Hans Prydz oppfordra meg til å stilla til val til Det akademiske kollegium. Det sa eg ja til, og eg blei kollegierepresentant.

– Og det blei etter kvart ganske dramatisk?

– Dette var i 1990, i den perioden Kjell Stahl var direktør, og det var mange protestar på gang mot styringa hans av universitetet. Det var møte både i fagforeiningar og på fakultet, og det blei sagt at han hadde sine folk overalt som noterte ned alt som kom fram. Vigdis Ystad og eg sette oss ned og skreiv ned eit utkast til ei klage på måten han leidde universitetet på. Me gjekk med det til rektor Inge Lønning og ba han om å få Stahl til å trekkja seg. Men han var lojal, og nekta å gjera det. Ein av våre kollegaer kom då fram til at det var betre å klaga han inn på ei konkret, økonomisk sak, i staden for å klaga berre på styremåten hans. Difor fann me ut at me heller kunne bruka overskridinga på 26 millionar på den nye odontologibygningen som eit brekkjern for å få han til å trekkja seg.

– Då vedtaket om at direktøren ikkje hadde Kollegiet sin tillit blei publisert, blei eg kalla heim frå ferie i Italia for å ta av for ein del av mediestyret. Mesteparten av ståket var det Vigdis Ystad som fekk i fanget. Då blei presset svært stort på Inge Lønning og han vart sjuk. Samtidig trekte Kjell Stahl seg og fekk ein hemmeleg fallskjerm som truleg var på over halvannan million kroner. På den tida var det mykje pengar, men eg trur likevel UiO slapp ganske billeg unna samanlikna med det som blir gitt i fallskjermar i dag. Resultatet blei i alle fall bra. Jens Erik Fenstad gjekk inn som fungerande rektor, medan Toril Railo blei fungerande universitetsdirektør. Og så vart Tor Sagli tilsett som ny universitetsdirektør. Og han kom eg til å bli svært glad i.

Livet som prorektor

Benestad sat også i kollegiet i Lucy Smiths rektortid.

– Då var det nesten altfor fredeleg.

– I 2005 blei du vald til prorektor med Geir Ellingsrud som rektor. Korleis var det samanlikna med å vera kollegiemedlem?

– Mykje meir strevsamt. Eg hugsar at eg ikkje kunne ta det vanlege morgonritualet med å kika litt på ”Knøttene” på nettet før arbeidsdagen tok ordentleg av. Nei, då måtte eg rett på første møte frå første time. Men eg var heldig som fekk delta i forskingsutvalet til Universitets- og høgskulerådet, og samtidig var eg leiar for forskingsutvalet ved UiO. Det var mykje meir interessant og spennande enn å gå i møte med dekanane om ressursfordelinga mellom fakulteta, slik rektor måtte. Og så fekk eg reisa ein del rundt om kring mellom anna til Brussel. Det sette eg sjølvsagt stor pris på.

– Etter kvar blei det dramatisk for deg i den rolla også. Kva tenkte du på då du ville prøva å løysa saka med den oppsagde professoren Arnved Nedkvitne?

– Det var ein av studentane til Arnved Nedkvitne, Torbjørn Iversen, ein gamal kjenning av meg, som meinte at eg måtte sjå kva eg kunne gjera for å løysa den saka. ”Han er jo ein fantastisk god forelesar,” fortalde han. Difor tenkte eg at nettopp fordi eg ikkje hadde vore inne i den prosessen og var lege, kunne eg fungera som meklar og ta ein samtale med han for å finna ut kva som skulle til for at han slutta med å skriva brev og e-postar til Gud og kvarmann med utskjelling av kollegaer og instituttleiing. Og Universitetsstyret kunne også ha gitt han frist til å godta eit forlik, før han blei sagt opp. Det trur eg hadde vore klokare. Det var kan hende heller ikkje naudsynt av rektor å be han om å rydda og flytta ut av kontoret sitt, kort tid etter vedtaket. Det må vera høgt under taket på universitetet.

– Har du møtt Arnved Nedkvitne?

– Før eg møtte han i retten, møtte eg han på lesesalen i Universitetsbiblioteket. Då sa han: Har dei kasta ut deg også? Det viser at han i alle fall har humoristisk sans.

Syklar til jobb

Som fersk pensjonist har ikkje Benestad tapt interessa for universitetspolitikk. Han er hjartans ueinig med fagforeininga si, Leger i vitenskapelig stilling, som vil frigjera dei medisinske fakulteta frå universiteta og knyta dei til helseforetaka.

– Medisinarane treng universitetet, og universitetet treng medisinarane.

Benestad har nyleg måtta avlysa det planlagde kurset i forskingsjournalistikk på medisin.

– Det var for få som melde seg. Men eg gir ikkje opp. Eg er sikker på at det er behov for eit slikt kurs.

– Mange synest du ser uforskamma ung ut til å vera 70 år. Korleis held du deg i form?

– Eg syklar kvar dag til jobben frå Fossum i Bærum, før snøen kjem. Og kona mi og eg driv med turorientering. Me fann alle dei 75 postane til slutt i år også. Og dette kan me om hausten kombinera med å plukka sopp. Der er kona mi eksperten, understrekar Benestad.

 

 

 

 

 

 

Emneord: Medisin, Universitetspolitikk, Universitetshistorie Av Martin Toft
Publisert 4. nov. 2010 12:42 - Sist endra 4. nov. 2010 13:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere