UiO-styremedlem blei ny sentralbanksjef

Øystein Olsen (58) er i statsråd i dag tilsett som sentralbanksjef for ein periode på seks år. Olsen har frå januar 2005 vore administrerande direktør i Statistisk sentralbyrå. Han er også ekstern medlem i Universitetsstyret ved UiO.

NY SENTRALBANKSJEF: SSB-direktør Øystein Olsen blei i statsråd i dag utnemnt til ny sentralbanksjef. Han er også ekstern styremedlem i Universitetsstyret ved UiO.

Foto: CF-Wesenberg/kolonihaven.no

Øystein Olsen er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo i 1977.

Med Øystein Olsen som sentralbanksjef har vi fått ein særs dyktig leiar av Noregs Bank. Eg kjenner Olsen som ein kunnskapsrik økonom med brei innsikt, og er trygg på at han vil gjere en god jobb som sentralbanksjef, seier finansminister Sigbjørn Johnsen i ei pressemelding frå Finansdepartementet.

Olsen har brei erfaring frå Statistisk sentralbyrå som administrerande direktør, forskar og forskingssjef og har også bakgrunn frå Finansdepartementet der han har leia Økonomiavdelinga. Olsen har og vore tilsett ved Econ senter for økonomisk analyse og har hatt forskingsopphald ved Universitetet i California, Berkeley.

Olsen har og leia fleire offentlege utval, mellom anna Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera. Olsen vil tiltre stillinga 1. januar 2011.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi
Publisert 22. okt. 2010 13:53 - Sist endra 22. okt. 2010 14:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere