Tar kritikken frå Riksrevisjonen alvorleg

– Det viktigaste for oss no er at Riksrevisjonen har ingen vesentlege merknader til rekneskapen for 2009 og verksemda si gjennomføring av budsjettet, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og økonomidirektør Marianne Gjesvik Mancini.  

GLADE: Både universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og økonomidirektør Marianne Gjesvik Mancini er glade for at Riksrevisjonen har godkjent rekneskapen for 2009.

Foto: Ola Sæther

Det var i går Riksrevisjonen la fram Dokument 1 som inneheld den årlege revisjonen av alle statlege verksemder. Sjølv om Riksrevisjonen står fast på kritikken av at UiO ikkje etterlever godt nok regelverket for offentlege innkjøp av varer og tenester, godkjenner Riksrevisjonen altså rekneskapen for 2009 utan vesentlege merknader.

– Fråtatt løyve

– Og denne godkjenninga hadde me ikkje fått, om me ikkje hadde vist til at me har ein klar plan for at UiO skal bli flinkare til fylgja regelverket for offentlege innkjøp av varer og tenester, konstaterer økonomidirektør Marianne Gjesvik Mancini. Både ho og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe viser til at dei er i ferd med å byggja opp kompetansen til alle som har løyve til å kjøpa inn varer og tenester.

– Me har fråtatt dette løyvet til dei som ikkje deltar på kurs i "offentlege anskaffelser”, understrekar Mancini.

– Går rett veg

Både ho og Bjørneboe er opptekne av at UiO no fylgjer opp dei tiltaka som UiO har vist til overfor Riksrevisjonen.

– Me har ikkje alt på plass enno, men Riksrevisjonen ser at me arbeider planmessig for å få dette til og har klare mål på kvar me skal. I samband med revisjonen sette me i gang to ekstra tiltak. Det første me har gjort er å innføra månadsvis kontroll av alle innkjøp på over 100 000 kroner. Og me har også sett i gang opplæring i offentleg innkjøp av varer og tenester for alle som har budsjettansvar på UiO. Fram til no har rundt 250 personar deltatt på det kurset. Begge desse strakstiltaka har me fylgt tett opp, seier Mancini.

– I 2009 var det mange forhold som kunne gjerast betre når det gjeld å fylgja regelverket for offentleg innkjøp av varer og tenester, fortel Mancini. 

– Då Riksrevisjonen kom med kritikken sin for 2009, var det rundt 27 prosent av innkjøpa som anten mangla protokoll, HMS-attest eller skatteattest. I august i år gjorde me den siste kontrollen av innkjøpa våre, og då var talet kome ned i åtte prosent. Det viser at det går den rette vegen, understrekar Mancini.

– Økonomisk handlingsrom

Men målet er meir ambisiøst enn å redusera regelbrota.

– Hovudmålet vårt må vera å  sikra at me fylgjer lovpålagde krav, men gevinsten er vesentleg større. Då kan me få eit økonomisk handlingsrom som vil gi oss meir pengar til hovudoppgåvene våre, altså utdanning og forsking, seier Bjørneboe.

– UiO kan når det vil

I løpet av ni år var det tre gonger UiO ikkje fekk godkjent rekneskapen sin av Riksrevisjonen. Men rekneskapen for 2009 blei altså godkjent.

– Dette viser at Universitetet i Oslo kan når me vil. Då tar det tak og tar dei naudsynte grepa. Difor er universitetsleiinga stolte av einingane som har tatt tak i dette og fått så mykje på plass at Riksrevisjonen kunne godkjenna rekneskapen vår utan vesentlege merknader, slår Bjørneboe fast.

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. okt. 2010 14:02 - Sist endra 20. okt. 2010 16:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere