– Naturhistorisk museum er veldig glad for denne gåva, seier Finn Ervik, som er prosjektleiar for det nye utstillingsveksthuset ved museet.
– Vi har jo fått mykje støtte til byggjeprosjektet, men dette er den fyrste gåva som går til utstillingane.
Sparebankstiftelsen er den nest største eigaren av finanskonsernet DnB NOR, og det er utbytet frå desse aksjane som vert forvalta og gitt som bidrag til allmennyttige formål av stiftinga.
– I praksis vert storleiken på gåva 3,75 mill., som ein fylgje av gåveforsterkingsordninga til Staten, seier Ervik.
Pengane skal gå til arktisk avdeling, som vert unik i internasjonal samanheng ved at den vil vera utan dagslys, og med eit klima som er 100 % kontrollert.
Tidlegare har skipsreiar Jens Ulltveit-Moe gitt 50 millionar kroner og selskapet Yara 10 millionar kroner til finansieringa av det planlagde veksthuset.
Les heile artikkelen på nettsidene til Naturhistorisk museum.
Logg inn for å kommentere