Økonomisk hestekur for britiske universitet

Britiske universitet vil få 40 prosent mindre til undervisning i 2014 enn i dag. Før helga gav den britiske regjeringa dei klar beskjed om at overføringane til undervisning skal ned frå 71 milliardar til 42 milliardar kroner i løpet av fire år.  

MINDRE PENGAR: University of Oxford og dei andre britiske universita får redusert overføringane til undervisning med 40 prosent dei neste fire åra. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Finansminister George Osborne varslar dei britiske universiteta om at det blir kraftige nedskjeringar i overføringane til undervisning dei komande fire åra. Han lovpriste samtidig universiteta for å vera ”juvelar i den økonomiske krona”, melder avisa The Guardian.

Likevel må dei spara inn 40 prosent på undervisningsbudsjetta sine, som ein del av innsparingstiltaka den britiske regjeringa no vil setja i gang for å kvitta seg med det store budsjettunderskotet i løpet av fire år.

Rike studentar skal betala meir

Studentar frå velståande heimar må i framtida betala meir for universitetsutdanninga si.For med reduserte pengeoverføringar frå staten, må dei britiske universiteta ta inn igjen det tapte gjennom å auka studieavgiftene. Dermed vil dei tena på å ha studentar frå familiar som kan betala for seg, går det fram av artikkelen i The Guardian. Samtidig opplyser avisa at den britiske liberal-konservative regjeringa vil oppretta eit fond på 1,5 milliardar kroner som skal dela ut stipend til talentfulle studentar frå fattige familiar.

I universitetsmiljøa åtvarar dei mot fylgjene av dei planlagde innsparingstiltaka:

– Me er redde for at kutta vil føra til at det blir vanskeleg å oppretthalda den høge kvaliteten i undervisnings-, lærings- og forskingsmiljøa som universiteta våre tilbyr i dag, seier dr. Wendy Piatt, som er generalsekretær i Russel Group, der både University of Oxford og University of Cambridge er medlemmar.

The Guardian spår at dei humanistiske faga truleg blir verst råka av dei planlagde kutta, medan regjeringa skal skjerma overføringane til undervisninga i naturvitskap, teknologi- og ingeniørfag og i matematikk. BBC trur at dette i praksis vil føra til at dei humanistiske faga ikkje lenger vil få statlege overføringar til undervisninga.

Frys forskingsstøtta

Førebels blir det ikkje kutt i den økonomiske støtta til forsking. Derimot vil overføringane til forsking bli frosne på årets nivå dei komande fire åra, utan at det blir kompensasjon for pris- og lønnsstiging. – Me er no eitt av dei få landa i den industrialiserte verda som ikkje aukar investeringane våre i vitskap og forsking, seier professor Steve Smith, som er president i foreininga for universitetsrektorar, Universities UK.

Astronomiprofessor Paul Crowther ved University of Sheffield fryktar at innsparingane kan få yngre, talentfulle forskarar til å emigrera. – All den investeringa som er gjort i britisk forsking dei siste ti åra, vil vera bortkasta, fordi dei yngre forskarane vil forsvinna, og det blir dermed ei hjerneflukt frå Storbritannia, skriv Paul Crowter i synspunktspalta si på nettsidene til BBC.

– Fornuftig å investera i forsking

Administrerande direktør Arvid Hallén i Noregs forskingsråd meiner at forskinga trass alt kjem betre ut av innsparingane i Storbritannia enn frykta.

– Det faktum at ein ikkje kuttar i forskinga i den ekstremt vanskelege økonomiske situasjonen dei er i, viser kor viktig den er, seier han i ein kommentar som er lagt ut på Forskingsrådets nettsider.

– Investeringar i forsking er det mest fornuftige ein kan gjera i krisetider. I Noreg står me i ein annan økonomisk situasjon, og me bør utnytta den til endåmeir offensiv investering i verdiskaping for framtida, meiner Hallén.
 

Emneord: Internasjonalisering, Økonomi, Storbritannia Av Martin Toft
Publisert 25. okt. 2010 15:43 - Sist endra 25. okt. 2010 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere