Kunstkube montert på Universitetsplassen

I dag er skulptøren Bård Breiviks gigantkube i rustfritt stål i ferd med å bli sett opp på Universitetsplassen. Kunstverket ”Ligninger i rustfritt stål” skal står der i tre veker, og skal i framtida stå ved den nye Informatikkbygningen til UiO i Gaustadbekkdalen.  

PUSLESPEL: I dag tidleg kom Bård Breiviks kunstverk "Ligninger i rustfritt stål" i bit for bit til Universitetsplassen. Der skal det stå i tre veker.

Foto: Ola Sæther

I grålysninga i dag kom lastebilen med gigantkuben til Universitetsplassen. Del for del blei heist ned frå lasteplanet av ein lastebilkran. Puslespelet skal setjast saman i løpet av dagen.

I fylgje kunstforvaltar Ulla Uberg i Teknisk avdeling er kuben sett saman av fire relieff på om lag sju gonger sju meter.

– Då den blei vist i Bergen i sommar, blei den kalla for ei discokube. Men relieffa heiter Orions belte, Kammertone A, Høy C og Fraktal, fortel ho.

Uberg gir også ei forklaring på kva dei fire relieffa tyder:

Orions belte
Visualisering av dei 42 sterkaste stjernene i eit 6 x 7 graders utsnitt av stjernebiletet Orion.

Kammertone A
Dette er ein Doppler-forskyvd kammertone i sann skala.

Høy C
Doppler-forskyvd høg C med interferens frå ekko.

Fraktal
Fraktaler består av masse kopiar av seg sjølv. Dette er eit utsnitt av Julia-mengda
 

– Denne visualiserte matematikken er resultat av eit tett samarbeid mellom kunstnaren og professor Fritz Albregtsen ved Institutt for informatikk ved UiO. Relieffa er laga til UiOs nye informatikkbygning i Gaustadbekkdalen. Der skal dei dekkja fire felt på ytterveggen mot nord, fortel Uberg.

Oppdragsgjevar er KORO (Kunst i offentlege rom) Visinga på Universitetsplassen er støtta av Teknisk avdeling ved UiO.
 

Emneord: Kunst, Kultur Av Martin Toft
Publisert 12. okt. 2010 17:28 - Sist endra 12. okt. 2010 17:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere