Frode Vartdal blir ny medisindekan
Frode Vartdal er vald til ny dekan ved Det medisinske fakultetet. Han fekk 53,1 prosent av dei samla stemmene, medan motkandidaten, Lars Engebretsen fekk 46,9 prosent.

NY MEDISINDEKAN: Frode Vartdal er vald til ny dekan ved Det medisinske fakultetet. Dekanvalet blei avslutta i går formiddag.
I reine tal fekk Frode Vartdal eit vekta stemmetal på 376,18, medan Lars Engebretsen fekk 332,53. Dermed vann altså Frode Vartdal dekanvalet med 53,1 prosent av stemmene, medan Lars Engebretsen fekk 46,9.
Vartdal etterfylgjer dagens medisindekan Finn Wisløff frå nyttår, og han skal sitja til og med 31.12 2014, går det fram av valsidene til Det medisinske fakultetet.
Første val med ny vekting
Dekanvalet på medisin denne månaden var det første som blei halde etter at Universitetstyret vedtok å gi høgare vekting enn tidlegare til dei teknisk-administrative tilsette sine stemmer, og litt mindre vekting enn før til stemmene til dei vitskaplege tilsette.
Stemmene til dei teknisk-administrative får difor ei vekting på 22 prosent, medan stemmene frå dei vitskaplege tilsette får ei vekting på 53 prosent. Studentane har framleis ei vekting på 25 prosent. Berre 190 eller 9,4 prosent av alle studentane stemte. Hos dei vitskaplege tilsette stemte 330 personar, eller 47 prosent av dei røysteføre. Mellom dei teknisk-administrative var deltakinga ti prosent mindre, på 37,4 prosent, det vil seia at dei til saman gav 145 stemmer.
Frode Vartdal har frå januar 2010 vore konstituert instituttleiar for Institutt for klinisk medisin. Tidlegare har han vore divisjonsleiar for Fakultetsdivisjon Rikshospitalet. Han er spesialist i immunologi og tranfusjonsmedisin.
Det riktige skal vel vera at røystene frå dei vitskapleg tilsette vert vekta med 53 %.
Du har heilt rett. FIretalet og femtalet står for nært kvarandre på tastaruret. No er feilen retta opp. Takk for at du sa ifrå.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere