Vil utvikla hurtigtest mot tuberkulose

Ein hurtigtest kan revolusjonera kampen mot tuberkulose i Afrika. Det slår Solemon Yimer fast i doktoravhandlinga si ved Institutt for helse og samfunn, UiO. No er han sjølv klar til å utvikla ein slik test.  

NY MÅLEMETODE: Doktorkandidat Solemon Yimer har utvikla ein alternativ metode for å måla kor mange personar som har tuberkulose i eit samfunn.

Foto: Ola Sæther

Solemon Yimer har allereie funne fram til ein metode som kan gi eit betre bilete av kor mange personar som kan diagnostiserast med tuberkulose.

– Eit funn eg har gjort, er at dei som har fått tuberkulose, er smittsame frå første host til 14 dagar etter at dei har blitt sette på medisin. Dess lenger tid det tar frå første host til dei får medisinar, dess større spreiing av tuberkulose blir det i det aktuelle området. Om det tar kort tid, vil sjukdommen døy langsamt ut, er oppdaginga Solemon Yimer no vil formidla vidare til styresmaktene i Etiopia, landet han kjem frå. Det er der han har gjort feltarbeidet sitt.

9,5 millionar tilfelle

I dag har 9,5 millionar menneske i verda tuberkulose. Flesteparten av dei bur i Afrika. Verdas helseorganisasjon har i punkt seks i Tusenårsmåla sine kunngjort at tuberkulosetilfella skal reduserast kraftig innan 2015. Men Verdas helseorganisasjon har allereie vedgått at metoden for å måla talet på tuberkulosetilfelle ikkje held mål vitskapleg.

– Med målemetoden min blir dette langt lettare. For å hindra vidare smitte rår eg dei etiopiske styresmaktene til å betra helsevesenet og tilsetja endå fleire helsearbeidarar. Dei må vera meir på vakt og på tå hev for å oppdaga om ein person har tuberkulose, understrekar Yimer.

Oppdagar 28 prosent

Han trur at det kan få store positive fylgjer for kampen mot tuberkulose i Etiopia.

– I 2008 blei berre 28 prosent av alle tuberkulosetilfella i Etiopia oppdaga. I resten av Afrika blir berre 50 prosent av tilfella oppdaga, medan Verdas helseorganisasjon har som tusenårsmål at 70 prosent av tilfella skal oppdagast, og 85 prosent av dei igjen skal kurerast. Om Etiopia styrkjer helsetenesta si, vil tuberkulosepasientane få naudsynt behandling enda tidlegare enn før, understrekar han.

Etiopia har starta ei reform med helsearbeidarar i landsbyane som tidleg finn teikn til ulike sjukdomar og får dei sjuke til sjukehus.

– Både den etiopiske helseministeren og eg ser at det er behov for nye verktøy som raskt kan seia kven av alle dei som hostar som kan ha tuberkulose og kven som ikkje har det. Difor er det aller beste om me klarer å utvikla ein hurtigtest for å diagnostisera tuberkulosetilfelle, seier Yimer.

– Og når vil de ha den klar?

– Forskargruppa vår arbeider vidare med å utvikla denne testen. Før den er klar, vil det beste vera å utvida og styrkja helsetenesta i heile Etiopia. Ein hurtigtest vil også føra til eit langt framsteg i raskare diagnostisering av personar med tuberkulose også i andre afrikanske land. Dessutan vil den gi eit langt raskare oversyn over kor mange personar som faktisk har tuberkulose enn det dagens målemetodar gjer, understrekar han.

Tony Harris er medisinprofessor og seniorrådgjevar for den hundre år gamle organisasjonen ”International Union against TB and lung disease” i Paris. Han var ein av opponentane under disputasen til Solemon Yimer.

– I røynda har det aldri i vår historie vore fleire tuberkulosetilfelle i verda enn i dag. Det viser at tuberkulosekontrollane våre ikkje er gode nok. Og metodane som blir brukte til å måla talet på tuberkulosetilfelle blei utvikla for 100 år sidan. Difor er det banebrytande at Solemon Yimer og forskargruppa han er med i, kan vera i ferd med å utvikla ein hurtigtest som gjer at ein kan få gjort både sikrare og betre diagnosar av tuberkulose langt tidlegare enn før. Då blir det også langt lettare å oppfylla Tusenårsmålet om sterkt å redusera talet på tuberkulosetilfelle innan 2015, konstaterer Harris.

– Målemetode for vår tidsalder

Difor rosar han arbeidet til Solemon Yimer.

– Eg vil seia at funna hans er eit langt steg framover i kampen mot tuberkuloseepidemien. Vidare forsking vil også til slutt munna ut i langt betre målemetodar enn dei som Verdas helseorganisasjon brukar i dag. Dei har funne ein målemetode for vår tidsalder, slår Harris fast. Og vidare forsking blir det.

– Eg har fått ei to år lang postdoktorstilling for å forska vidare på dette ved Institutt for helse og samfunn saman med rettleiaren min, medisinprofessor Gunnar Bjune og forskargruppa hans. Det gler eg meg til, seier Solemon Yimer.

 


 

Emneord: Internasjonal samfunnshelse, Internasjonalisering, Medisin, Etiopia Av Martin Toft
Publisert 3. sep. 2010 10:37 - Sist endra 6. sep. 2010 00:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere