UiO har fått ein språkpolitikk

Språkpolitikken til UiO skal ta vare på og utvikla bruken av norsk språk og fagterminologi. Engelsk er det primære framandspråket. Det går fram av dei nye språkpolitiske retningslinjene som nyleg blei godkjende av rektor Ole Petter Ottersen.

FÅR SPRÅKPOLITIKK: – Eg synest alle akademiske institusjonar bør ha slike retningslinjer, seier rektor Ole Petter Ottersen, etter å ha godkjent eigne språkpolitiske retningslinjer for UiO. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo skal fremja bruk av parallelle språk. Det vil seia at norsk skal takast vare på som hovudspråk, men samtidig skal det leggjast til rette for språkleg mangfald, der engelsk er det primære framandspråket.

Og norsk skal vera hovudspråket i undervisninga. I tillegg til dei språkpolitiske retningslinjene vil sjølvsagt også reglane i Mållova gjelda, blir det presisert.

Retningslinjene fylgjer i stor grad opp tilrådingane i fagspråkinnstillinga ”Snart to hundre. Universitetet i Oslo og språket i internasjonaliseringens tidsalder”, som blei lagt på bordet 27. mars 2006. Derfor slår dei språkpolitiske retningslinjene også fast at alle doktorgradsavhandlingar skal ha eit samandrag på engelsk og ei populærvitskapleg oppsummering på norsk.

Språkrettingsteneste

Universitetet skal formidla ei språkrettingsteneste til bruk i faglege og administrative samanhengar. Engelsk og andre framandspråk skal brukast der det er fagleg formålstenleg eller naudsynt. Innanfor den vitskaplege publiseringa skal forskaren bruka det språket som er mest relevant for han eller henne.

Formidling skal skje på det språket som fungerer best for det publikummet formidlinga er retta til. Nettsidene til universitetet skal også ha lett tilgjengeleg informasjon på engelsk.

Norsk er hovudspråket

Retningslinjene slår også fast at norsk skal vera hovudspråket i undervisninga. Men både norsk, svensk og dansk blir rekna som likeverdige undervisningsspråk.

UiO krev også at studentane skal kjenna til og kunna bruka fagspråk både på norsk og engelsk eller andre framandspråk. Det blir understreka at kravet til norsk ikkje gjeld framandspråklege studentar på internasjonale studieprogram. Det blir også peika på at studentar ikkje har plikt til å bruka engelsk eller eit anna framandspråk i undervisning og ved eksamen, så lenge dette ikkje er ein del av føresetnaden og at det går klart fram av emneomtalen.

Skal få innføring i norsk

Undervisninga bør styrkja språkompetansen og evna til akademisk skriving hos studentane, heiter det i retningslinjene. Både utanlandske studentar og utanlandske tilsette bør få tilbod om innføring i norsk språk, blir det understreka.

Og i innleiinga blir det peika på at dei nye retningslinjene skal bidra til å verkeleggjera UiOs strategiske plan og målsetjinga om å bli eit forskingsuniversitet på høgt internasjonalt nivå.

Lovar oppfylging av språkpolitikken

– Kvifor tok det så lang tid før dei språklege retningslinjene blei endeleg godkjende, rektor Ole Petter Ottersen?

– Diskusjonen rundt opprettinga av eit språksenter er vel mykje av forklaringa på dette.

– Kor viktig synest du det er med slike retningslinjer?

– Eg synest alle akademiske institusjonar bør ha slike retningslinjer.

– Kva vil UiO gjera for at desse retningslinjene skal kunna fylgjast opp?

– Oppfylginga må jo skje ved fakulteta.

– Er det tilrådingane i fagspråkinnstillinga "Snart to hundre" som er grunnlaget for desse språklege retningslinjene?

– Det er eitt av grunnlagsdokumenta.

– I den rapporten blei det også foreslått at det burde opprettast eit senter i språkkompetanse. Korleis går det med desse planane?

– Gruppa som arbeider med den saka skal leggja fram innstillinga si i oktober.


 

Emneord: Språkpolitikk, Universitetspolitikk, Språk Av Martin Toft
Publisert 17. sep. 2010 11:07 - Sist endra 17. sep. 2010 11:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere