Fryktar inga krise

– Universitetsleiinga har gjort ein god jobb med å leggja eit solid, økonomisk fundament. Difor fryktar me ikkje at den økonomiske krisa vil råka oss, seier John Local, som er viserektor for forsking ved University of York.  

SOLID: – Rektoratet vårt har klart å innføra ein god budsjettdisiplin. Me fryktar difor inga økonomisk krise, seier John Local, viserektor for forsking ved University of York.

Foto: Ola Sæther

Då Uniforum besøkte University of York i byrjinga av juni, var det inga frykt for at dei planlagde nedskjeringane på det britiske universitetsbudsjettet skulle gå utover dette universitetet i Nord-England.

– Rektoratet vårt har klart å innføra ein god budsjettdisiplin. Det nyt me godt av no, meiner viserektor for forsking, John Local.

Lite og internasjonalt

13 000 studentar er registrerte ved universitetet som markerer 50-årsjubileet sitt i 2013. 22 prosent av dei kjem frå land utanfor Storbritannia, ganske mange av dei er frå Kina. Nyleg var John Local i Kina då universitetet delte ut mastergraddiplom til 160 kinesiske studentar.

– Det er viktig for oss å vera eit internasjonalt universitet, samtidig som me synest det er fint at det ikkje er fleire studentar, seier Local. Og sjølv om universitetet er lite, markerer det seg i den tøffe konkurransen mellom dei britiske universiteta.

– Institutta for britisk litteratur, lingvistikk og sosiologi ligg alltid mellom dei to beste i Storbritannia. Mange av faga våre ligg på den nasjonale ti påtopp-lista. Ein av grunnane til det er at me aldri har hatt fakultet. Dermed driv ikkje institutta krig med kvarandre innbyrdes på kvart fakultet. I staden kan dei langt lettare samarbeida med institutt som dei elles ville hatt langt større problem å samarbeida med, seier Local.

– Blir verande

Grunnen er ein medviten rekrutteringspolitikk.

– Me prøver å lokka dei beste forelesarane og beste forskarane hit. Og røynsla vår er at når dei først kjem hit, så blir dei verande fordi dei trivst så godt i York, smiler Local.

Og det er også eit av dei britiske universiteta som har dei mest tilfredse studentane. Ifylgje The Guardian låg universitetet på niandeplass over universiteta med dei mest nøgde studentane. Universiteta i Oxford og Cambridge låg på toppen også på den lista. Og på lista over verdas beste universitet plasserer som regel University of York seg på 70. plass.


 

Emneord: Storbritannia, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 3. sep. 2010 09:54 - Sist endra 3. sep. 2010 10:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere