Medan NTNU i Trondheim har lege eit hestehovud føre Universitetet i Oslo på dei to siste rankinglistene frå Webometrics, er UiO no gått forbi og ligg to plassar over NTNU på julirangeringa frå den spanske forskargruppa. UiO har gått opp ein plass sidan januarmålinga samtidig som NTNU har ramla ned frå ein fjerde- til ein sjuandeplass.
- Positivt å vera synleg på nettet
UiO-rektor Ole Petter Ottersen er glad for plasseringa, men peikar på at på slike rangeringar går universiteta heile tida litt opp og litt ned.
- Difor kan det vera tilfeldige ting som gjer at eit universitet gjer det betre eller dårlegare frå måling til måling. Denne målinga viser kor synlege UiO og andre universitet er på nettet, og det er sjølvsagt berre ein liten del av aktivitetane til universitetet. I lys av UiOs nye strategiplan er det likevel svært positivt at Universitetet i Oslo gjer det så bra når det gjeld å vera synleg og til stades på nettet, sidan det nettopp er eitt av hovudmåla i strategiplanen vår.
- Det er bra, sjølv om denne målinga har enkelte metodologiske problem, presiserer Ottersen overfor Uniforum. Han trur likevel at UiO kan koma til å gjera det endå betre i framtida.
- Når effekten av dei nye nettsidene våre slår til for fullt, vil UiO heilt sikkert sprengja skalaen for målinga til Webometrics, seier Ottersen med eit humoristisk glimt i auga. Litt meir alvorleg viser han til andre grunnar til at målinga er viktig for UiO.
-Det er viktig å vera synleg på grunn av rekruttering av studentar og forskarar, ikkje minst frå utlandet. Også for å posisjonera seg for internasjonale samarbeidsprosjekt, er det viktig å vera synleg til stades på nettet, seier Ottersen.
Uniforum har gått gjennom heile julimålinga frå den spanske forskargruppa Webometrics.
Cambridge best i Europa
I Europa ligg University of Cambridge på topp, med Swiss Federal Institute of Technology ETH Zürich (Eidgenössische Technische Hochschule Zürich), University of Oxford og University of Edinburgh på dei neste plassane, før UiO kjem på femteplass. Helsingfors universitet ligg på sjetteplass og NTNU er nummer sju. Universitetet i Bergen kjem på 33. plass på lista over dei beste europeiske universiteta.
Harvard best i verda
På verdsrankinga tar ikkje heilt uventa Harvard University topplassen med Cambridge som beste ikkje-amerikanske universitet på 22. plass. Massachussets Institute of Technology og Stanford University tar dei to andre pallplassane.
UiO kjem på 53. plass medan NTNU tar ein 61. plass på verdsrankinga.
Det beste svenske universitetet er Kungliga tekniska högskolan i Stockholm som tar ein 24. plass i Europaligaen.. Københavns Universitet skårar best av dei danske og hamnar på 49. plass, bak både UiO, NTNU, Kungliga tekniska høgskolan i Stockholm og Universitetet i Bergen.
Byggjer på webindikatorar
Webometrics blir publisert av den spanske forskargruppa Internet Lab. Den er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning.
Forskarane var veldig overraska over å oppdaga at webindikatorar mangla heilt i evalueringa av universiteta på andre rankinglister. Dei meiner at å vera til stades på Internett betre reflekterer ei stor gruppe variablar som er med i hovudoppgåvene til eit universitet, nemleg undervisning, forsking og kunnskapsformidling.
Når rankinglista blir sett opp, blir det tatt mest omsyn til kor mange forskingsartiklar kvart universitet har tilgjengelege på Internett. Men dei tar også med tilbodet av digitale bibliotek, databasar, digitale kurs og bidrag på internasjonale forskarkonferansar.
Logg inn for å kommentere