Forsvarets høgskule opnar biblioteket

– Både forskarar og studentar frå alle norske universitet og høgskular har fri tilgang til biblioteket til Forsvarets høgskule på Akershus festning. Det opplyser kontreadmiral Louise K. Dedichen, som er sjef for Forsvarets høgskule og sjefsbibliotekar Hege Undem Store til Uniforum.  

FOR ALLE: – Forsvarets høgskule sitt bibliotek er for alle, seier bibliotekar Nina Riege (t.v.) og  sjefsbibliotekar Hege Undem Store.

Foto: Ola Sæther

– Biblioteket har viktig litteratur om alt som har å gjera med terrorisme, forsvarssamarbeidet i NATO, krigens etikk og folkerett. Dessutan har me sjølvsagt også masse litteratur og masteroppgåver om land der norske soldatar er eller har vore i utanlandsteneste, fortel Dedichen og Store.

Biblioteket held til i førsteetasje i bygning 10 på Forsvarets høgskule sitt område på Akershus festning.

– Tidlegare var biblioteket i 4. etasje, temmeleg usynleg og litt utilgjengeleg fordi alle besøkjande måtte gjennom ein tryggingskontroll for å koma inn. No er det blitt mykje enklare å koma inn, og lokala er også blitt svært fine og moderne, samtidig som me i nært samarbeid med Riksantikvaren har tatt omsyn til at me held til i ein verna bygning, fortel Store.

– Dette biblioteket er også biblioteket til Institutt for forsvarsstudiar. Difor er det også mange forskingsrapportar og forskingsartiklar som kan finnast i biblioteket. Både Institutt for forsvarsstudiar og opplæringa av militært og sivilt personell i forsvaret er integrerte i Forsvarets høgskule. Og me har kurs som er opne for alle. Eg trur at kurset i etterretningsarbeid vil vera eit tilbod som mange er interesseserte  i, fortel Dedichen.

– Og dei som vil samla informasjon til eit forskingsprosjekt eller ei masteroppgåve, kan koma hit til biblioteket og gjera det på lesesalen vår. Der har me også full nettilgang, understrekar Store.

Forsvarets høgskules bibliotek på internett: www.bibgate.mil.no/fhs


 

Emneord: Studentforhold, Universitetsbiblioteket Av Martin Toft
Publisert 18. aug. 2010 15:01 - Sist endra 18. aug. 2010 15:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere