Eit norsk senter i York

Byen York har ikkje berre eit vikingmuseum. Den har også eit studiesenter for norske studentar som vil perfeksjonera engelskkunnskapane sine. I dag er The Norwegian Study Centre ein del av University of York, opplyser nyleg avgått senterleiar, Angela Hasselgreen.

LOVORD: Senterleiar Angela Hasselgreen er full av lovord om samarbeidet the Norwegian Study Centre har med University of York. Her står ho på universitetsområdet.

Foto: Ola Sæther

Senterleiar Angela Hasselgreen tar imot oss i Harold Fairhair’s Building, altså Harald Hårfagres hus, like ved hovudcampusen til University of York. Når Uniforum er på besøk på forsommaren, er det stille og roleg.

– Studentane har akkurat avslutta semesteret sitt, så no arbeider me mest med å førebu haustsemesteret, fortel senterleiar Angela Hasselgreen, som held på å avslutta det to år lange åremålet sitt. Etter sommarferien vil ho vera tilbake ved Høgskolen i Bergen som professor i engelsk språkdidaktikk. I Bergen har ho budd i 30 år, men ho vedgår at ho også har det fint i York.

– Det fylgjer hus med jobben, og det ligg berre fem minuttar herifrå, seier ho nøgd. I studieåret er det masse liv på senteret. I den mest hektiske perioden kan det vera opptil 80 studentar der.

Ulike kurstypar

– Me tilbyd to typar kurs. Det første er kortare kurs på ei eller to veker som inngår som ein del av av ei bachelorutdanning, lærarutdanning eller etterutdanning for lærarar. Desse kursa tilbyd me gjennom heile studieåret, og me kan ha opptil rundt 60 studentar samtidig på desse kursa.

– Dei som er studentar på lærarutdanningane ved høgskulane eller lærarar som tar etterutdanning, får eit akademisk kurs med vekt på didaktiske undervisningsmetodar, medan engelskstudentar frå bachelorstudia eller masterstudia ved universiteta får reint akademiske kurs, forklarar Hasselgreen.

– Vil gjerne tilbake

Men senteret gir også tilbod om eitt semester lange fordjupingskurs.

– Mellom 20 og 25 studentar tar eit slikt kurs i engelsk språk, kultur og litteratur og vil innlemma det i utdanninga si opp til master. Litteraturmodulen blir undervist av ein forelesar frå University of York, fortel Hasselgreen. Og fordjupingskurset er svært populært.

– Me har hatt rundt 25 plassar, og det hender at me får fleire søkjarar enn me har plassar til. Mange av dei som søkjer, har tidlegare vore på kortare kursopphald hos oss. Men dei vil gjerne tilbake, fordi dei synest lærarane våre var så gode, smiler ho.

– Mellom dei beste fagmiljøa i Storbritannia

Studentane på fordjupingskurset får eit reisestipend på 5000 kroner frå studiesenteret i tillegg til stipend og lån frå Statens lånekasse for å dekkja studieopphaldet sitt.

– Dessutan får me ein del søknader frå studentar som har begynt masterstudiet i engelsk eller lingvistikk i Noreg. Desse studentane kan ta eit semester langt kurs ved Instituttet for britisk litteratur og Instituttet for lingvistikk ved University of York, som ein del av eit masterstudium. Og det er viktig å vera merksam på at både Instituttet for britisk litteratur og instituttet for lingvistikk ved dette universitetet, er mellom dei to beste fagmiljøa i Storbritannia, fortel Hasselgreen.

Den faste staben ved senteret tel seks tilsette, som alle er fastbuande i York. Fire av dei underviser, medan to tilhøyrer administrasjonen.

Senterleiaren får lønna si direkte utbetalt frå Kunnskapsdepartementet, medan Universitetet i Bergen har hovudansvaret for å administrera The Norwegian Study Centre.

Leiaren blir tilsett for to år om gongen, og når åremålet til Angela Hasselgreen går ut i august, overtar førsteamanuensis Anka Ryall frå Universitetet i Tromsø som senterleiar. Angela Hasselgreen er full av lovord om samarbeidet med University of York.

– Me leiger denne bygningen av universitetet, som har ansvaret for den praktiske administrasjonen. Eg trur også dei set pris på å ha oss her.

– UiO er blitt flittigare brukar

I samtalen med Angela Hasselgreen skin det gjennom at Universitetet i Oslo ikkje har vore mellom dei ivrigaste brukarane av senteret. Derimot har studentar ved andre universitet og høgskular i Noreg brukt senteret flittig.

– Universitetet i Oslo er blitt flinkare til å senda studentar hit etter kvart. Dersom studentane tar engelsk saman med andre fag, har dei høve til å gjera det her. Sidan engelskfaget er integrert i ein bachelor- eller mastergrad saman med andre fag, er engelskstudiet i hard konkurranse med andre fag. Det same held på å skje i samband med reformene i lærarutdanninga. Konsekvensen vil bli at studentane skal ta engelsk parallelt med eit anna fag. Engelsk er diverre heller ikkje obligatorisk på lærarutdanninga. Det kan føra til praktiske problem med å reisa til York, fryktar Hasselgreen.

– Føler tilknyting til York

Likevel trur ho at studiesenteret vil halda fram med å trekkja studentar, nettopp fordi det ligg i York.

– Nordmenn føler tilknyting til denne byen fordi vikingtida er ein viktig del av York. I byrjinga heldt senteret til i Canterbury, men det blei tidleg flytta hit til York. Det er me glade for i dag, synest ho.

Søknadsfristen for dei som vil ta fordjupingskurs i vårsemesteret, er 15. oktober, medan 1. mai er siste frist for dei som heller vil ta haustsemesteret i York.

– Og me ordnar med innkvartering utanfor universitetsområdet for dei som skal vera her i eitt semester. Det kan vera både i eit hus med eller utan andre studentar eller hos ein engelsk familie.

Du kan finna meir informasjon på nettsidene til senteret.

 

Emneord: Studentforhold, Undervisning, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 19. aug. 2010 15:02 - Sist endra 19. aug. 2010 15:19

Logg inn for å kommentere