– Må ha sove i timen

– Dei vitskaplege representantane i Universitetsstyret må ha sove i timen då det blei vedtatt å redusera vektinga av dei fagleg tilsette sine stemmer, meiner biologiprofessor Kristian Gundersen. –Vektinga av stemmene til dei teknisk-adminstrative var tidlegare altfor låg, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

MERKELEG - Eg synest det er merkeleg at denne saka gjekk gjennom i Universitetsstyret utan debatt, seier biologiprofessor Kristian Gundersen.

Foto: Martin Toft

Universitetsstyret vedtok 22 .juni å redusere vektinga av dei vitskaplege tilsette sine stemmer frå 58 til 53 prosent under alle val ved UiO. Vektinga av dei teknisk-administrative tilsette stemmer blei samtidig auka frå 17 til 22 prosent, medan studentane sine stemmer får same vekting som før, altså 25 prosent. Tidlegare universitetsstyrerepresentant, biologiprofessor Kristian Gundersen reagerer kraftig på dette vedtaket.

- Uheldig

– Det er uheldig å flytta endå meir makt frå dei vitskaplege tilsette til administrasjonen. Eg synest difor det er merkeleg at denne saka gjekk gjennom i Universitetsstyret utan debatt. Difor meiner eg at dei vitskaplege representantane i styret må ha sove i timen, då dette blei vedtatt, seier Kristian Gundersen til Uniforum.

Han tykkjer det er rart at Universitetet i Oslo vedtar å lata dei vitskaplege tilsette sine stemmer telja berre litt meir enn minimum av det Universitetslova set som grense, altså 51 prosent, medan maksimumsgrensa er på 71 prosent.

- Det er ikkje bra for ein institusjon som kallar seg for eit forskingsuniversitet, synest han.

Gundersen forstår heller ikkje grunngjevinga for å endra stemmevektinga. Der heiter det mellom anna at "dagens fordeling oppfattes som demokratisk skjev nå når alle nivåer unntatt
toppnivået har enhetlig ledelse. Det kan hevdes at de rammene vi finner i universitetsloven har en historisk forankring."

– Framlegget ligg farleg nær til å seia at norsk lov er forelda. Dette er eit underleg argument frå ei gruppe som elles seier at dei tar vare på norsk lov overfor uregjerlege professorarar. I alle fall er det ikkje noko reglementsmessig harmonisering, slik nokon påstår, synest han.

- Maktoverføring

Gundersen ser vedtaket i samanheng med ei glidande maktoverføring i akademia.

- Eg er lei av ei utvikling i samfunnet der det faglege nivået heile tida må gi frå seg makt til det administrative nivået. Me ser det på sjukehusa, på musea og kunstakademia. Universiteta sin suksess skuldast at dei er fagstyrte. Difor er det gale å auka den administrative makta endå meir, meiner Gundersen.

Og han viser til at også teknisk-administrative tilsette er einige med han.

– Dei seier til meg at dei støttar meg i synspunktet på at det er for mykje byråkrati på universiteta. Også dei vil ha fagstyrte universitet.

- Ikkje relevant spørsmålsstilling

UiO-rektor Ole Petter Ottersen synest ikkje dette vedtaket har noko å gjera med maktoverføring frå dei fagleg tilsette til administrasjonen.

– Det er ikkje ei relevant spørsmålsstilling. Talas tale er likevel heilt klar. Dei fagleg tilsette har framleis størst makt under val på Universitetet i Oslo. Vedtaket til Universitetsstyret endrar ikkje vesentleg på maktforholda mellom dei tre stemmegruppene, peikar Ottersen på.

– Men kvifor var det naudsynt å endra på vektinga?

– Det var ei heilt urimeleg låg vekting av dei teknisk-administrative tilsette sine stemmer i høve til dei to andre stemmegruppene. Og universitetet skal visa at det også verdsett stemmene til både studentane og dei teknisk-administrative.

 –Så dette har ingenting å gjera med maktoverføring frå dei vitskaplege til administrasjonen?

– Kristian Gundersen har sjølvsagt full rett til å meina det, men faktum er at den nye stemmevektinga ligg godt innanfor den grensa regelverket set. Under rektorvalkampen kom også den urimelege låge vektinga av dei tekniske- administrative sine stemmer opp. Då lova me at me skulle gjera noko med det. Det har me no gjort, slår Ottersen fast.

Uproblematisk

Styremedlemane Dag O. Hessen og Hanne Haavind oppfattar denne justeringa som heilt uproblematisk.

– Det dreiar seg om ei vekting av stemmene frå tre grupper som alle har stemmerett i universitetsdemokratiet ved val av leiarar. Dei valde leiarane som det her er tale om, er alle vitskaplege tilsette.

– Det dreiar seg ikkje om noka maktoverføring innanfor organisasjonen ved UiO, slik Gundersen ser ut til å tru, seier Hessen og Haavind i ein kommentar til Uniforum.

(Oppdatert 8. juli 2010 kl. 21.00)

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalget 2009 Av Martin Toft
Publisert 5. juli 2010 16:51 - Sist endra 8. des. 2020 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere