Unikor syng inn sommaren

– På sommarkonserten på Lunsj med kultur, fredag 4. juni vil Unikor syngja danske, svenske og norske songar, fortel dirigent Lene Becker-Andersen. Her øver ho saman med bass Alv Reidar Dale.

EKSTRAØVING: Bass Alv Reidar Dale og dirigent Lene Becker-Andersen tar ein ekstra gjennomgang av songen ”Uti vår hage”.

Foto: Martin Toft

I morgon klokka 12.15 syng UiOs bedriftskor Unikor inn sommaren på Lunsj med kultur i Georg Sverdrups hus. Det 40 stemmer store koret har hatt ekstra øvingsøkter for dei ulike stemmegruppene for å få ei best mogleg framføring av det halv times lange programmet.

– Dei vanskelegaste songane er truleg tre songar som er baserte på dikt av den færøyske diktaren William Heinesen og tonesette av den danske komponisten Vagn Holmbo, fprtel dirigent Lene Becker-Andersen.

Ho er opptatt av at repertoaret til koret verken skal vera for vanskeleg eller for lett.

– Det må vera utfordrande, men folk skal heller ikkje vera nøydde til å ta med seg ei korlekse heim, understrekar ho.

– Det fine med koret, er at når ein er stressa når ein kjem på korøving, så får både stemmeøvingar og synginga oss til å føla oss meir opplagde etterpå enn me var før den starta, seier bassen Alv Reidar Dale, som ikkje hadde sunge i kor før han blei med i Unikor.

– Ikkje kan eg lesa notar heller. Det viser at det er rom for mange i dette koret, seier Dale.

– Ja, det er absolutt plass til fleire på alle stemmegrupper, stemmer Becker Andersen i. Og ho lokkar med fleire viktige arrangement i tida framover.

– Den 24. til 26. september skal me til Trondheim og ha ein felles konsert med NTNU-koret i samband med 100-årsjubileet til NTNU. Og om alt klaffar, skal me også på ein kortur til Danmark neste år, fortel ho.

Unikor øver kvar onsdag klokka 16.00 i personalkantina i Georg Sverdrups hus på Blindern.


 

Emneord: Personalbehandling/politikk, Musikk, Kultur Av Martin Toft
Publisert 3. juni 2010 16:16 - Sist endra 3. juni 2010 16:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere