Tar sommarkurs i menneskerettar på UiO

– I våre land blir menneskerettane brotne kvar dag. No ynskjer me å spesialisera oss endå meir på feltet, seier Emebet Getachew frå Etiopia og Richard Kabate frå Tanzania. Begge tar det aller første menneskerettskurset i regi av Den internasjonale sommarskulen ved UiO.  

SPESIALISERER SEG: Emebet Getachew frå Etiopia og Richard Kabate frå Tanzania tar kurs i menneskerettar på Den internasjonale sommarskulen. – Me ynskjer å spesialisera oss på feltet, seier dei.

Foto: Martin Toft

Det er til saman 17 studentar frå heile verda som har kome inn på Den internasjonale sommarskulen sitt første kurs i internasjonale menneskerettar. I dag blei kurset opna av UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

– Eg er glad for å kunna opna dette kurset i menneskerettar ved Den internasjonale sommarskulen. Overalt der eg reiser i utlandet dukkar det opp folk som har vore studentar ved Den internasjonale sommarskulen til UiO. Derfor trur eg at den er meir kjent utanfor enn i Noreg. For oss er den juvelen i krona til Universitetet i Oslo. Og eg håpar at eg blir invitert hit også på avslutninga av dette kurset, sa Ottersen.

Walter Mondale å takke

Både sommarskuledirektør Einar Vannebo og direktør for Norsk senter for menneskerettar, Nils Butenschøn ville gi rektor Ole Petter Ottersen æra for å ha tatt initiativet til dette kurset i menneskerettar.

 

JUVELEN: - For oss er Den internasjonale sommarskulen  juvelen i krona til Universitetet i Oslo, sa rektor Ole Petter Ottersen, då han opna kurset i menneskerettar. (Foto: Martin Toft)

– Det er klart at me måtte få det til når det var rektor sjølv som kom med forslaget. Og difor fekk me til samarbeidet med Norsk senter for menneskerettar om å organisera dette kurset. Det har me klart, sa ein svært nøgd Vannebo. I ein kommentar til Uniforum seier Ole Petter Ottersen at det eigentleg er USAs tidlegare visepresident Walter Mondale å takke at kurset er blitt realisert.

– Når me trefte han i Minnesota i fjor sommar, så nemnde han kor glad han var for at Den internasjonale sommarskulen finst og kor viktig den er og har vore for sambandet mellom Universitetet i Oslo og USA. Men han meinte likevel at den mangla eit kurs i menneskerettar, for etter hans oppfatning var Oslo internasjonalt kjent for både fredsforsking og fredspris. Difor var det viktig å tilby eit kurs innanfor menneskerettar..

– Det var grunnen til at eg som rektor kunne ta initiativet til dette og i godt samarbeid med Den internasjonale sommarskulen og Norsk senter for menneskerettar klarte me å få realisert eit slikt kurs på rekordtid, seier Ottersen til Uniforum.

Kvinnerettar og urfolksrettar

Norsk senter for menneskerettar har gitt sosialantropolog Stener Ekern oppgåva som kursleiar. Han har med seg både Ingvill Plesner og Malcolm Langford som kurshaldarar. I løpet av dei seks vekene kurset varer, vil dei 17 studentane få 78 timar med undervisning i menneskerettar.

Av timeplanen går det fram at dei skal innom både det filosofiske grunnlaget for menneskerettane, borgarrettar, politiske rettar og kvinnerettar. Dei skal også sjå nærmare på urfolksrettar og diskutera om fattigdom er brot på menneskerettane.

Vil spesialisera seg i menneskerettar

Emebet Getachew frå Etiopia og Richard Kabate frå Tanzania er to av dei 17 studentane på kurset i menneskerettar.

– Eg har tatt ein doktorgrad der eg såg på internasjonal adopsjon. Det finst mange illegale aktørar på det feltet og det er altfor få som har spesialisert seg på det temaet, fortel Emebet Getachew .

– Grunnen til at eg søkte meg inn på dette menneskerettskurset, er at eg vil spesialisera meg meir på dette feltet og kunna dela erfaring med andre, seier ho.

Richard Cxabete er advokat og dommar i ein lokal domstol i Tanzanias hovudstad Dar-es-Salaam.

– Som advokat får eg dagleg påminning om brot på menneskerettar i landet mitt. Eg er glad for at eg på dette kurset får høve til å setja meg endå grundigare inn i menneskerettane, seier han til Uniforum.

Til saman går 574 studentar frå 91 land på Den internasjonale sommarskulen i år. I kveld vil det bli halde ein offisiell opningsseremoni for alle studentane i Oslo rådhus.


 

Emneord: Den internasjonale sommerskole, Menneskerettar, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 28. juni 2010 14:33 - Sist endra 28. juni 2010 15:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere