– Odontologi taper budsjettkampen

– Resultatmodellen fører til at odontologi får to prosent i realnedgang på budsjettframlegget for 2011. Det vil føra til ei økonomisk krise for oss, konstaterer dekan Pål Brodin.  

VEIT IKKJE: – Me veit ikkje kvar me skal kutta dersom dette budsjettforslaget blir endeleg vedtatt, seier dekan Pål Brodin ved Det odontologiske fakultetet.

Foto: Ola Sæther

Tysdag 22. juni skal Universitetsstyret vedta fordelinga av det som universitetsleiinga reknar med blir statsløyvinga til UiO for budsjettåret 2011.

Det odontologiske fakultetet får eit totalbudsjett på til saman 179 millionar 676 tusen kroner, rundt 1 million meir enn i 2010. Dette er ein auke på 0,6 prosent samanlikna med årets budsjett, men samtidig den minste auken av alle fakulteta. Og dersom ein inkluderer ei venta prisstiging på 2,7 prosent, blir det ein realnedgang på rundt 2 prosent.

Gir resultatmodellen skulda

Etter å ha prøvd å forhandla seg til eit betre 2011-budsjett for Det odontologiske fakultetet utan å ha lykkast, tar dekan Pål Brodin no bladet frå munnen i Uniforum.

– Det er eit paradoks at odontologi får realnedgang og blir budsjettapar i resultatmodellen trass i at odontologi har høgast gjennomføringsgrad og høgast produksjon av studiepoeng for kvar student på heile universitetet. Resultatmodellen må ha alvorlege manglar når det kan skje, meiner Brodin. Han viser til at prisen for kvart studiepoeng går ned når det blir produsert meir i Noreg. Det same gjeld for publikasjonspoeng og stykkprisen for kvar doktorgrad.

– Eg synest det er ein stor veikskap med modellen, for i praksis vil det seia at ein heile tida må skapa meir enn året før, for å kunna oppretthalda den same finansieringa. Og nettopp fordi me har eit avgrensa tal på studieplassar frå Kunnskapsdepartementet, kan me ikkje auka inntektene med å produsera fleire studiepoeng, understrekar han.

Realnedgang på 20 prosent

Brodin peikar også på at fakultetet sidan 2004 har hatt ein realnedgang i budsjettet på over 20 prosent.

– Etter kvileskjeret måtte fakultetet vedta ein stillingsplan med 20 prosent færre vitskaplege stillingar for å koma i budsjettbalanse. Det gir to negative resultat: Mindre forsking og færre publikasjonspoeng. Difor føler me at me er i ein Catch 22-situasjon.

– Kva vil konsekvensen av ei mogleg innsparing gi for fakultetet?

– Me har hatt beinharde kutt på drift dei siste åra, samtidig som me har redusert talet på vitskapleg tilsette. Difor veit me ikkje kvar me skal kutta dersom dette budsjettforslaget blir endeleg vedtatt. Det som står mest utsett til for kutt er spesialistutdanningane i regulering, oral kirurgi og rotfylling. Dei skal eigentleg Helse- og omsorgsdepartementet betala, men støttar dei berre med ein tredel av kostnadene, seier Brodin.

– Råkar innsatsen for arbeidsmiljøet

Han er redd for at innsparingane også kan gå utover arbeidet med å betra arbeidsmiljøet.

– Det er ingen tvil om at det vil koma til å råka innsatsen for å skapa eit betre arbeids- og læringsmiljø ved fakultetet, nettopp eit område som UiO-leiinga ynskjer å styrkja. For oss blir det sjølvsagt svært vanskeleg å leva opp til intensjonen i UiOs strategiske plan om det gode universitetet og auka internasjonalisering, poengterer han.

Måndag 21. juni skal han ha eit møte med rektor Ole Petter Ottersen for å leggja fram synet sitt på budsjettforslaget. Universitetsstyret skal vedta den førebelse budsjettfordelinga tysdag 22. juni.
 

Emneord: Odontologi, Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. juni 2010 14:49 - Sist endra 16. juni 2010 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere