Odontologi ryddar opp

Odontologi skal kommunisera direkte med studentane, halda obligatoriske pedagogikkurs for dei kliniske lærarane og gi HMS-opplæring til leiarane. Det går fram av tiltaksplanen som fakultetsstyret nyleg vedtok.

RYDDAR OPP: Dekan Pål Brodin trur at tiltaksplanen skal kunna skapa eit betre arbeids- og læringsmiljø ved Det odontologiske fakultetet.

Foto: Ola Sæther

Tiltaksplanen er ei oppfylging av arbeids- og læringsmiljøundersøkinga ved Det odontologiske fakultetet. Den blei sett i verk etter at Dagbladet 2.september i fjor melde at fleire studentar og stipendiatar hadde opplevd både dårleg behandling og tilfelle av seksuell trakassering.

Undersøkinga kunne ikkje dokumentera at det hadde vore tilfelle av seksuell trakassering på fakultetet, men 40 prosent av tannlegestudentane rapporterte om trakassering i studietida. Det galdt både trakassering som dei sjølve hadde opplevd, og trakassering som dei kjende til at andre hadde blitt utsette for.

Innfører etiske retningslinjer

No skal kommunikasjonen mellom fakultetet og studentane bli betre. Det lovar dekan Pål Brodin.

– Me ser at den ikkje har vore god nok. Difor vil me ha eit felles forum for studentkontaktar og klinikkleiinga. Det skal også etablerast ei fadderordning for alle studentar frå og med 6. semester, samtidig som studentane i 5. semester skal førebuast betre på den kliniske læringssituasjonen, understrekar Brodin. Han viser også til at det skal innførast eit etisk regelverk.

– Fakultetet har utarbeidd etiske retningslinjer for tilsette og studentar, som allereie er vedtatt av fakultetsstyret.

– Inga etnisk diskriminering

I tiltaksplanen går det også fram at alle tilsette ved Institutt for klinisk odontologi skal ha eit obligatorisk dagsseminar om fleirkulturell samhandling og kommunikasjon. Brodin avviser at det har vore tilfelle av etnisk diskriminering på fakultetet.

– Det er ingen funn i undersøkinga som tyder på at det har vore diskriminering på etnisk grunnlag ved fakultetet. Undersøkinga gir heller ingen haldepunkt for at seksuell trakassering har funne stad, bortsett frå eit tilfelle som blei handsama på ein forskriftsmessig måte då saka kom opp i 1998, meiner han.

– Alle studentar skal få informasjon om dei etiske retningslinjene, medan alle tilsette får dei oversende saman med arbeidsavtalen, fortel Brodin.

– Det er fleire av lærarane som blir skulda for å behandla studentar og stipendiatar dårleg. Kva vil de gjera med dei?

– Det er mellom 4 og 8 instruktørar av til saman over 150 lærarar som har behandla studentar dårleg både overfor pasientar og andre studentar. Åtferda deira har det vore grunn til å reagera mot. Eg vil likevel seia at det ikkje er ein vanleg oppførsel på fakultetet. I ein klassesituasjon vil det vera rundt 32 studentar, og om ein av dei blir behandla dårleg, vil alle dei andre bringa den historia ut til resten av studentane og dei tilsette ved fakultetet. Dei tilfella som finst, er likevel for mange, seier Brodin, som lovar at fakultetsleiinga no vil gjera noko med det.

Tilbyr HMS-kurs

– Difor tilbyr me alle leiarar HMS-kurs og gjer dei meir ansvarlege for det lokale arbeids- og læringsmiljøet. Det siste tiltaket som fakultetet vil prioritera, er eit opplæringsprogram i rettleiingspedagogikk. Der vil dei mellom anna få læra korleis dei skal gå fram når dei rettleier studenten i pasientbehandling. Eit viktig punkt er at dei ikkje alltid må gå bort i ein krok og diskutera pasienten, men må snakka ope og høgt ut om tinga som gjeld behandlinga med direkte innsyn i munnhola til pasienten.

– Det viktigaste er at denne kommunikasjonen skjer på ein måte som ikkje verkar krenkjande på studenten eller gjer studenten forlegen overfor pasienten. Uansett er det likevel læraren som har ansvaret om det skulle gå gale. Samtidig skryter også studentane av kor mange gode kliniske lærarar dei har, understrekar Brodin.

Tannpleiarutdanninga blir modell for programmet til tannlegestudiet sidan dei har jobba mykje med denne vanskelege læringssituasjonen tidlegare.

Odontologi skal ha eit formalisert samarbeid med Det medisinske fakultetet om forskarutdanning og skal også betra tilsetjingsprosessen for stipendiatane. Tiltaksplanen er formelt vedtatt av fakultetsstyret og kjem opp som orienteringssak i Universitetsstyret 22. juni.

 


 

Emneord: Odontologi, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 1. juni 2010 16:55 - Sist endra 1. juni 2010 17:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere