Med svevestol gjennom ei vikinggate

I 1976 fann arkeologar fire vikinghus og 40 000 fornminne i gata Coppergate i York. På grunnane rundt utgravingane blei museet Jorvik Viking Centre bygd. Det er no byens største turistattraksjon, konstaterer marknadsdirektør David Scott (t.h.) og viking Ragnar Olafsson.

TURISTATTRAKSJON: – Jorvik Viking Centre er Yorks største turistattraksjon, konstaterer marknadsdirektør David Scott (t.h.). og vikingvakt Ragnar Olafsson, som heiter Nathan Wade når han er ferdig på jobb.

Foto: Ola Sæther

I 866 erobra vikingane York. Då den siste vikingkongen Eirik Blodøks blei kasta ut i 954. var landsbyen York blitt til byen Jorvik.

I byen York heiter ikkje gatene street, men gate. Folk seier ikkje ”hello”, men ”hei”. Namn som Foss gate og Toft Green lyder kjent for norske øyre.

Kanskje det kan ha noko å gjera med at det var vikingane som var dei første som laga dei første gatene i den søvnige landsbyen York som dei hærtok i år 866. Dei 1000 innbyggjarane gjorde liten motstand heilt til byen blei tatt tilbake av engelskmennene i 954.

Vikingane dreiv utstrekt handel både i aust og vest i den tida dei var der. Det viser dei 40 000 gjenstandane og dei fire vikinghusa som arkeologane fann i Coppergate mellom 1976 og 1981. I 1984 opna vikingmuseet Jorvik Viking Centre på den staden der funna blei gjorde. 16 millionar personar har besøkt museet sidan opninga. Det har blitt byens største og viktigaste turistattraksjon.

Intakte bruksting frå vikingtida

SMYKKE: Mellom dei 40 000 tinga som blei funne, var det også smykke og brosjer. (Foto: Jorvik Viking Centre)

Museet held til i ein ganske vanleg murbygning i gata Coppergate. Den lange køen utanfor viser oss kvar inngangen er. Inne i museet kjem du først til eit mørkt rom med opplyste interaktive skjermar som fortel om ulike sider ved vikinghistoria.Under glasgolvet ligg ein del av grunnen som blei graven ut av arkeologane, med ein del av vikinggjenstandane på funnstaden. Alle tinga er heilt intakte. Årsaka er at dei hadde lege i ein slags kapsel utan oksygentilførsel i 1022 år. Dermed rotna verken ting av bein eller skinn bort. Også ringar, mjødglas, treskåler, jarnreiskapar og knivar blei funne. Ein ullsokk er også stilt ut. Til og med eit vikingtoalett med komplett innhald var mellom dei funna arkeologane gjorde.

I svevestol gjennom ei vikinggate

Etter å ha gått over glasgolvet og kika på informasjonsfilmane om vikinghistoria både i York og i resten av verda, møter me ein vikingkledd vakt som plasserer oss i ein svevestol. I ein fart på rundt 5 kilometer i timen tar den oss rundt i vikingtidas

VIKINGGATE: Dette er gata Coppergate i året 975 med vikinghusa plasserte på den staden der arkeologane fann hustuftene. (Foto: Jorvik Viking Centre)

Coppergate. På veggen ser me ein film av vikingar som vinkar til oss på andre sida av elva Ouse.

Rundt i gata ser me datastyrte, livaktige dokker som snakkar og ropar til oss på ei blanding av gammalnorsk og engelsk. På eit gatehjørne diskuterer ei kone med mannen sin kva dei skal kjøpa inn til middag i dag. Når me passerer smeden luktar det smelta metall, når me passerer slaktaren luktar det rått kjøtt, og når me passerer ein vikingfamilie kjenner me lukta av maten dei lagar. Verst luktar det naturleg nok når me passerer ein mann som sit på vikingtoalettet og ber oss om å koma oss vekk. Ikkje berre menneska ser ekte ut. Det gjer også rotta, katten og hunden som held til i denne vikinggata.

Svevestolen svingar frå høgre til venstre og tilbake igjen, slik at me får med oss alt som skjer i gata. Etter ein tur på rundt 15 minuttar stoppar svevestolen.

Vikinggenar i Storbritannia og Irland

Då har me hamna i eit utstillingsrom der ulike sider av vikinghistoria blir skildra. Ei utstilling syner ei DNA-undersøking som viser kor stor del av innbyggjarane i ulike delar av Storbritannia og Irland som har vikingblod i seg. I York var det rundt 30 prosent.

Du kan også finna ut om du sjølv er viking gjennom å svara på spørsmål om kva hårfarge du har, kva drikk du likar eller kva mat du likar best å eta. Om svara på dei to spørsmåla var øl og fisk, var du om lag 100 prosent sikker på at du åt og drakk det same som vikingane.

Sjøfararar, erobrarar og handelsmenn

Ei anna utstilling viser vikingane som sjøfararar, som erobrarar og som handelsmenn. Myntar frå Samarkand i Uzbekistan, frå Midtausten og Rhindalen viser ein del av det breie kontaktnettet vikingane i York hadde. Det siste ein ser er skjelettet av ein viking som blei avretta. Undersøkingar av beina viser kosthaldet til vikingen og kva sjukdomar han hadde hatt. Rundturen i museet endar opp i museumsbutikken.

Vikingtida meir populær enn romartida

Fakta om Jorvik Viking Centre:
– opna i 1984 og har hatt 16 millionar besøkande til i dag
– bygd over utgravingane av fire vikinghus i gata Coppergate
– 40 000 gjenstandar frå vikingtida blei funne under utgravingane frå 1976 til 1981
– museet er eigd av York Archaeological Trust, og inntektene finansierer andre utgravingar, mellom anna utgravingar frå romartida og 1600-talet

I byen York bur det i dag 150 000 innbyggjarar. Jorvik Viking Centre trekkjer kvart år over 350 000 besøkjande til byen. Marknadsdirektør David Scott trur det kan ha noko å gjera med vikingmagien.

– Det finst også eit romersk bad i York. Men det har langt under halvparten av våre besøkstal, seier han. Scott trur likevel at det er måten museet er bygd opp på, som gjer det så populært.

– Då museet stod ferdig i 1984, var det eit av verdas første museum som tok i bruk effektar som lukt, lydar og ein svevestol for å visa ei historisk utstilling. Museet har vore banebrytande og vore ein modell for mange andre museum rundt omkring i verda. Eg får dagleg telefonar frå museum i mange ulike land, som gjerne vil læra av dette museet, seier han.

– Svevestolen største opplevinga for barna

David Scott trur at barn og vaksne blir fascinerte av forskjellige ting ved museet.

– For barna er truleg den største opplevinga svevestolen som tar dei gjennom vikinggata Coppergate. Også barn og vaksne som er dårlege til beins eller brukar rullestol kan bruka svevestolen. Vaksne likar den turen, men dei likar minst like godt å sjå fornminna som ligg under glasgolvet og sjå på og læra av informasjonstavlene i det første utstillingsrommet, fortel han.

– Forskingsbasert museum

For han og dei andre 40 tilsette i administrasjonen til Jorvik Viking Centre er det viktig å fornya utstillingane heile tida.

– Kvart år opnar me ei ny utstilling til den årlege vikingfestivalen i februar. Så brukar me resten av året til å planleggja neste års utstilling. Det er ein av grunnane til at folk heile tida kjem tilbake til museet vårt. I byrjinga hadde museet også ei tidsmaskin som tok dei besøkande til vikingtida gjennom Victoriatida, Opplysningstida og Mellomalderen. Etter 17 år var ikkje det så interessant lenger. Difor tar dei besøkjande no turen rett inn i vikingtida og i vikinggata Coppergate. Og alle dei tinga

dei ser der, er på den staden arkeologane fann dei. Difor er museet i høgste grad forskingsbasert, understrekar Scott.

Ein gladiator mellom vikingar

Det er York Archaeological Trust som eig og driv museet. Dei har tilsett sine eigne arkeologar. The University of York har altså ingenting å gjera med museet, bortsett frå at dei utdannar arkeologar. York by støttar berre den årlege vikingfestivalen økonomisk. Inntektene frå museet finansierer andre utgravingar i York. Mellom anna den store utgravinga i Holgate utanfor York, der det nyleg blei funne 80 skjelett av gladiatorar frå romartida. Ein av gladiatorane vil truleg gjera eit gjestespel i Jorvik Viking Centre.

– Me held på å klargjera eit rom til han, slik at publikum skal få sjå gladiatoren og koma med sine eigne synspunkt om dette funnet, fortel Scott.

– Museet er likevel først og fremst eit vikingmuseum. Dei som vil vita noko om vikingane, må ta turen til Jorvik Viking Centre. Det er det som har gjort dette til ein av dei største turistattraksjonane i Storbritannia utanfor London, legg han til.

(Kjelder: Jorvik Viking Centre, David Scott, www.jorvik-viking-centre.co.uk, telegraph.co.uk, Wikipedia)

 

Emneord: Storbritannia, Internasjonalisering, Vikingskipshuset, Museene Av Martin Toft
Publisert 18. juni 2010 15:32 - Sist endra 18. juni 2010 16:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere