Erling Lae vil ha vikingskipa på Bygdøy

– Vikingskipa bør bli verande på Bygdøy, seier tidlegare byrådsleiar i Oslo, Erling Lae til NRK. Han inntar dermed det motsette standpunktet til det byrådet han sjølv var leiar for.  

SKIFTAR SYNSPUNKT: Tidlegare byrådsleiar i Oslo, Erling Lae meiner at vikingskipa bør bli verande på Bygdøy. Han har dermed skifta meining etter at han blei ny fylkesmann i Vestfold. (Arkivfoto)

Denne veka tok tidlegare byrådsleiar  i Oslo, Erling Lae til i den nye stillinga som fylkesmann i Vestfold. Det første han gjorde var at han flagga at han hadde skifta meining når det gjeld lagnaden til vikingskipa på Bygdøy.

– Dei bør bli verande på Bygdøy. Om Oslo-politikarane er så dumme at dei framleis insisterer på at dei skal flyttast til Bjørvika, kan dei like godt flyttast til Vestfold, der dei opphavleg kjem ifrå. Mitt råd til Oslo-politikarane er at dei no held seg musestille, seier Lae til NRK i dag.

For ei veke sidan offentleggjorde Kunnskapsdepartementet ein analyse om kva auka trafikk ville få å seia for Bygdøy og ein analyse om risikoen ved at vikingskipa og dei andre gjenstandane blei verande der dei er, medan museet blei oppgradert og utvida til å bli eit nytt Kulturhistorisk museum.

Trafikkanalysen konkluderte med at Bygdøy fint ville tola den trafikkauken som opptil 700 000 besøkjande ville føra med seg. Risikoanalysen konkluderte med at både vikingskipa og dei andre gjenstandane ville klara påkjenninga ved å vera der dei er i dag, samtidig som museet blei modernisert og utvida.

Kunnskapsminister Tora Aasland konstaterte at begge analysane ville gi regjeringa eit endå betre avgjerdsgrunnlag før den til hausten skal vedta kvar eit nytt Kulturhistorisk museum skal byggjast.
– For meg verkar det klart at det er fullt mogleg å etablera eit samla museum på Bygdøy, både med omsyn til trafikkforhold og når det gjeld sikring av skip og gjenstandar, sa Aasland etter at analysane var blitt presenterte.
Kunnskapsdepartementet skal no diskutera saka nærmare med Universitetet i Oslo, Oslo kommune og Riksantikvaren før den endelege avgjerda blir tatt. Dagens byrådsleiar i Oslo, Stian Berger Røsland gjorde det likevel klart at analysane ikkje hadde fått han og byrådet til å skifta meining. - Den beste løysinga er å byggja eit nytt Kulturhistorisk museum i Bjørvika, sa han til media etter at resutlatet av analysane var klare.
 

Emneord: Museene, Vikingskipshuset Av Martin Toft
Publisert 1. juni 2010 10:02 - Sist endra 1. juni 2010 10:43

Logg inn for å kommentere