UiO ber Likestillingsombodet trekkja kritikk

Universitetet i Oslo meiner at Likestillingsombodet baserte seg på heilt feil grunnlag då det kritiserte universitetet for ikkje å ha gjort nok for å hindra trakassering på odontologi. Det går fram av eit brev universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe og HR-direktør Anita Sandberg har skrive. Viss kritikken ikkje blir trekt tilbake, vil UiO at saka skal opp i Likestillings- og diskrimineringsnemnda.  

SLÅR TILBAKE: Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og HR-direktør Anita Sandberg krev at Likestillings- og diskrimineringsombodet trekkjer tilbake den kritiske uttalen om UiOs handsaming av trakasseringssaka på Odontologi.   

Foto: Ola Sæther

Det var i eit brev frå 12. april i år Likestillings- og diskrimineringsombodet gjekk til frontalangrep på UiO og konkluderte med at Universitetet i Oslo ikkje hadde gjort nok for å førebyggja og hindra at trakassering skjer ”innenfor sitt ansvarsområde, jfr. Likestillingsloven §8a tredje ledd.” Bakgrunnen for kritikken var oppslaget i Dagbladet om ein tidlegare, kvinneleg postdoktor som fortalde at ho hadde blitt utsett for seksuell trakassering ved Det odontologiske fakultetet.

Tok ikkje omsyn til munnleg orientering

Uniforum har lese svarbrevet frå UiO til Likestillingsombodet. Der går universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og HR-direktør Anita Sandberg gjennom korleis den aktuelle saka blei handsama då den kom opp for første gong i 1998, og også korleis fakultetet fekk gjennomført ei arbeids- og læringsmiljøundersøking på fakultetet. Den blei avslutta i desember i fjor.

Det blir også vist til at Likestillings- og diskrimineringsombodet i stor grad byggjer kritikken sin på eit kortfatta brev som UiO sende om odontologisaka den 5. november 2009. Universitetsdirektøren hadde rekna med at det også blei tatt omsyn til den munnlege orienteringa som blei gitt på eit møte mellom UiO-leiinga og Likestillings- og diskrimineringsombodet den 15. oktober i fjor.

Kort fortalt viser UiO til at forskaren og rettleiaren hennar hadde både eit langt fagleg og sosialt samarbeid, også etter at den første saka kom opp i 1998. Den gongen fekk rettleiaren også ein munnleg påtale om at åtferda hans var totalt uakseptabel.

Feil om graden av trakassering

I brevet blir det vist til at Likestillings- og diskrimineringsombodet trekkjer fram arbeids- og læringsmiljøundersøkinga frå odontologi som dokumentasjon på at UiO ikkje har gjort nok for å hindra seksuell trakassering. Undersøkinga var ikkje klar då UiO skreiv brevet som ombodet byggjer kritikken sin på. Difor blei ikkje resultata som kom fram, nemnde i brevet.

Universitetsdirektøren poengterer også at ombodet feilaktig har skrive at 40 prosent av studentane hadde opplevd trakassering i løpet av studietida. Det korrekte er at 40 prosent av dei har opplevd eller vore vitne til trakassering eller uakseptabel åtferd. I brevet listar universitetsdirektøren opp alle dei konkrete tiltaka UiO har sett i gang for å hindra seksuell trakassering, heilt frå 21. november 1995. Den gongen vedtok Kollegiet ein tiltaksplan mot plagsam/trugande seksuell merksemd ved UiO.

Universitetsdirektøren minner dessutan om at Kollegiet vedtok etiske retningslinjer for rettleiarar ved UiO allereie 10. juni 1997. Tiltak som blei sette i verk etter oppslaget i Dagbladet om mogleg seksuell trakassering på odontologi, var gjennomføringa av ei arbeids- og læringsmiljøundersøking og oppretting av ei eiga telefonlinje for dei som ville melda ifrå om seksuell trakassering. Ingen varsel kom inn i løpet av dei fire månadane den var i bruk, konstaterer UiO i brevet.

Feilaktig og mangelfullt

Ei eiga arbeidsgruppe har jobba med seksuell trakassering, samtidig som det er blitt etablert eigne mentorordningar, skriv universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og HR-direktør Anita Sandberg i brevet til Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Difor held UiO fast på at kritikken frå ombodet byggjer på eit både feilaktig og mangelfullt grunnlag. Universitetet i Oslo går dermed hardt ut og ber ombodet om å trekkja tilbake den første utsegna frå 12. april i år og koma med ein ny som byggjer på eit rett, faktisk grunnlag. Dersom det ikkje skjer,vil UiO be ombodet om at saka kjem inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda.

Lovar ingenting

Hos Likestillings- og diskrimeringsombodet har dei registrert brevet frå Universitetet i Oslo og kravet om at den første uttalen blir trekt tilbake. Avdelingsdirektør Elisabeth Lier Haugseth i Juridisk avdeling kan ikkje lova at det blir gjort.

– Det er for tidleg å seia. Me har vidaresendt brevet til den kvinnelege forskaren som fortalde om at ho hadde blitt utsett for seksuell trakassering ved Det odontologiske fakultetet. Når me har fått hennar kommentarar til innhaldet i brevet, vil me avgjera om me skal gjera om uttalen, henta inn fleire opplysningar eller senda den originale versjonen direkte til Likestillings- og diskrimeringsnemnda, seier Lier Haugseth til Uniforum.

 

Emneord: Odontologi, Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 2. juni 2010 23:00 - Sist endra 2. juni 2010 23:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere