Er Arnold Schwarzenegger resultat av arv eller miljø?

Først viser Gudmund Hernes eit bilete av ein typisk nerd. Deretter viser han eit bilete av ein godt utvikla kroppsbyggjar. Til sist viser han eit bilete av California-guvernør Arnold Scwarzenegger og avslører at dei to første bileta også var av han. – Er han eit produkt av arv eller miljø? spør han.  

TRENG SOSIOLOGANE BIOLOGIEN? 350 personar dukka opp på Frokost med Bernt i dag tidleg for å høyra svaret på spørsmålet om sosiologane treng biologien? 100 av dei måtte stå. Eit klart svar fekk dei truleg ikkje.

Foto: Ola Sæther

– No begynner han å likna meir og meir på meg, konstaterte sosiologiprofessor og tidlegare utdanningsstatsråd, Gudmund Hernes, og hausta fortent latter frå dei 350 frammøte som grytidleg i dag møtte opp på ”Frokost med Bernt” for å høyra om sosiologien kunne læra noko av biologien.

Darwin og Marx

Gudmund Hernes begynte seansen med å presentera to andre menn med skjegg.

ARV ELLER MILJØ? Er Arnold Schwarzenegger resultat av arv eller miljø, spurde Gudmund Hernes og viste utviklinga hans frå nerd til muskelbunt og guvernør. (Foto: http://www.razorgator.com/arnold_schwarzenegger.jpg)
 

– Dette er biologen Charles Darwin og sosiologen Karl Marx. Den første Marx-tesen går ut på at ein lærer perfeksjon gjennom repetisjon. Den andre handlar om differensiering. Og den tredje handlar om at fabrikken ikkje berre produserer varer, men også sosiale forhold. Denne seleksjonslæra lærte Marx av Darwin, slo Hernes fast.

Så viste han til myten om at menn berre vil ha eit nummer og ingen ungar.

– Kvifor er det ingen som då spør kvifor jenter i gjennomsnitt debuterer seksuelt to år før gutar? Det er viktig å heile tida vera på jakt etter argument som strir mot ein tese, ikkje berre leita etter argument som stadfestar eit bestemt syn. På University of Georgia i Atlanta var det i 1950 to menn for kvar kvinne. I dag er det ei og ei halv kvinne for kvar mann. Det har kanskje også noko å seia for veremåten mellom kjønna, meinte Hernes.
 

– Alle er afrikanarar

Også biologiprofessor Dag O. Hessen var invitert for å snakka om forholdet mellom biologien og sosiologien.

– Biologar har i liten grad deltatt i Eia-debatten fordi me er forsiktige med å trekkja kunnskap frå studiar av bananfluger og mus til menneske. Likevel har me alle som utgangspunkt at alle menneske har ei evolusjonær forhistorie, sa Hessen.

Han vedgjekk at biologien kom i miskreditt i mellomkrigstida.

– Då var det mange rasehygienikarar som ikkje var biologar, men som brukte biologien for å fremja eit rasistisk og nazistisk bodskap. Det står i motsetnad til arvehygienikarar som Johan Schraffenberg som var imot raseomgrepet og som kjempa imot

nazismen, understreka Hessen.

– Grovt sagt kan me seia at alle menneske er i slekt om me går 50 000 år tilbake i tida, då me alle var afrikanarar. Det vil ikkje seia det same som om det ikkje finst genetiske trekk, som skil ei etnisk gruppe frå ei anna, til dømes at nokon har betre føresetnader for å springa korte distansar enn lange distansar. Det finst også biologiske kjønnsskilnader. Det er ikkje berre ein sosial konstruksjon. Difor finst det både nedarva skilnader og genetiske skilnader. Dei viktigaste og mest klare skilnadene ligg derimot på individnivå. Eg oppdrar barna mine fordi eg trur miljø vil påverka dei på godt og vondt, vedgjekk Hessen.

Han meinte også det var heilt feil å tru at alle menneske er hogde i stein.

– Då stadfestar ein stereotypiar om at slik er menn og slik er kvinner. Genar disponerer, men determinerer ikkje. På den måten har Eia-debatten blitt mykje meir positiv enn debatten om sosiobiologien på 1980-talet, syntest Hessen.

Kvinner og flugesnapparar

Også professorkollegaen hans, Inger Nordal kom me nokre spark til biologar ved eige institutt.

– Nokre av dei tar utgangspunkt i mennesket på steinaldernivået der menn gjekk på jakt og kvinner sanka saman bær og røter, og dei konkluderer med at det er grunnen til at menn har betre romsyn, og at kvinner har lettare for å finna ting igjen. Gutar får to til tre prosent betre score på tredimensjonale testar. Det er dette eg kallar for logisk kortslutning.

 – Då eg spurde ein fugleforskarar om han kunne seia noko om meg som kvinne på grunnlag av forskinga si på svartkvit flugesnappar, svarte han ja utan å smila, flirte Nordal.

– Hjerneforskinga viser at me utviklar dei delane av hjernen me brukar mest. Difor har drosjesjåførar i London ei betre utvikla romkjensle enn andre, la ho til.

Det sosialdemokratiske paradokset

Psykologiprofessor John Martin Sundet trekte fram den norske samfunnsutviklinga etter Den andre verdskrigen. – Det sosialdemokratiske paradokset er at når miljøet er likt og folk tar høgare utdanning uavhengig av sosial bakgrunn, så er det berre dei genetiske skilnadane som står igjen som forklaringsfaktor. Dette viser at det er eit politisk tema som avgjer korleis forskingspolitikken skal vera, understreka han.

– Kvinner frå nokre sosiale lag har ikkje tatt høgare utdanning i same grad som mennene. Dei er blitt påverka av miljøet om at dersom du giftar deg, vil det vera bortkasta med ei høgare utdanning, slo han fast.

Sosiologiprofessor Gudmund Hernes viste til slutt eit bilete av professor i statsvitskap, Bernt Hagtvet og inviterte alle til å konkludera med han: ”Dannelse! Dannelse! Dannelse! Å dæven, da må vi lære biologi!”
 

 

 

Emneord: Biologisk institutt, Kvinne- og kjønnsforskning, Statsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 8. apr. 2010 16:22 - Sist endra 8. apr. 2010 23:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere