Rektor Ole Petter Ottersen opna debattmøtet med å ta utgangspunkt i stortingsmeldinga Utdanningslinja, som viser at det truleg kjem mellom 80 000 og 100 000 nye studentar i høgare utdanning fram til 2025.
– Det var denne stortingsmeldinga som låg øvst på pulten min, då eg kom til rektorkontoret for første gong den 3. august i år. Desse utfordringane er store både for utdanningssektoren og næringslivet. Det er også dei moglege løysingane, meinte han, og viste til kor viktig det var at representantar for styresmaktene, næringslivet og utdannings- og forskingssektoren kunne setja seg ned og finna ut kva som bør gjerast for å møta ”Yngrebylgja” i god tid før den kjem.
Først tok han og las opp ein tekst på nynorsk om det han kalla for ”Norsk utdanningsplan” (NUP). Der stod det svart på kvitt at det skulle koma ein auke på 45 prosent i løyvingane til forsking og utdanning i perioden 2010-2019 i høve til den førre planen frå 2006 til 2010. Seinare avslørte Ole Petter Ottersen at han hadde lånt forordet til tidlegare samferdsleminister Liv Signe Navarsete i Norsk Transportplan (NTP).
– Dette viser at regjeringa kan satsa på ein sektor viss den vil det. Hola i den intellektuelle infrastrukturen kan berre førebyggjast, ikkje reparerast, understreka Ottersen, før han overlet talarstolen til forskingsminister Tora Aasland.
– Alle skal ikkje ta høgare utdanning
– I dag er 33 prosent av alle 22-åringar i Noreg i ferd med å ta høgare utdanning. Det er langt meir enn berre for nokre år sidan. Det skal vera lik rett til utdanning for alle i Noreg, men det vil ikkje seia at alle skal gå på universitet og høgskular. Nokon må også ta korte studium på fagskular etter den vidaregåande skulen. Det er dessutan viktig med god vaksenopplæring, slo ho fast.
Statsråden viste også til stortingsmeldinga Utdanningslinja som varslar ein stor auke i talet på unge i aldersgruppa 19 til 29 år i åra framover.
– Den skal handsamast i Stortinget i mars 2010. På slutten av denne regjeringsperioden i 2013/2014 vil det vera rundt 250 000 studentar som tar høgare utdanning. Kanskje vil dei som tar høgare utdanning i den aktuelle aldersgruppa auka frå 15 til 16 prosent. Det vil utgjera ein auke på 10 prosent i høve til i dag, meinte ho.
Aasland viste til at det ville bli rundt 17 172 fleire i denne aldersgruppa i 2013, dersom ein berre legg demografi til grunn. Om ein samtidig legg inn ein auke på 10 prosent i talet på unge som vil ta høgare utdanning, vil talet liggja på 33 151.
– Me er klar over at i økonomisk dårlege tider vil fleire unge velja å ta høgare utdanning, konstaterte ho.
– Ungdomsbylgja løyser eldrebylgja
Forskingsministeren hadde tre løysingar på denne utfordringa:

LØYSER ELDREBYLGJA: - Ungdomsbylgja løyser eldrebylgja, sa forskingsminister Tora Aasland til UiO-rektor Ole Petter Ottersen og dei andre på debattmøtet i Gamle Festsal i går. (Foto: Ola Sæther)
– Den første løysinga er eit samarbeid om arbeidsdeling og kvalitet mellom utdanningsinstitusjonane. Den andre løysinga er å utnytta all ledig kapasitet. Den tredje løysinga er å senda fleire studentar til utlandet, ja gjerne kjøpa studieplassar der. Den fjerde løysinga er at fleire tar korte utdanningar på fagskular etter den vidaregåande skulen, meinte ho, og var slett ikkje fortvila over situasjonen.
– Ungdomsbylgja er løysinga for å møta eldrebylgja, og då tenkjer eg på helse- og omsorgssektoren. Eg er overtydd om at me skal få dette til, sa Aasland.
– Større behov for helse- og sosialtenester
Forskingssjef Nils Martin Stølen i Statistisk sentralbyrå gav statsråden medhald.
– Trass i den betra helsetilstanden og den lange alderdomen, vil truleg behovet for helse- og sosialtenester auka. Behovet for utdanna arbeidskraft vil også auka fram til 2030. I 2035 vil 43 prosent av oss ha høgare utdanning. Då vil me truleg ha nådd toppen, trudde han. Han såg behov for auka arbeidskraft innafor helse- og sosialsektoren og innanfor læraryrket.
– Det blir mindre behov for dei som har allmennutdanning og økonomisk/administrativ utdanning, spådde han.
– Stol ikkje på demografien!
Forskar Per Olaf Aamodt i Statistisk sentralbyrå åtvara mot å tru på alle dei ulike prognosane.
– Den generelle lærdomen er at me ikkje skal stola på demografien! Han konstaterte at demografien ikkje kunne ta høgde for at nokre ungdommar byrja å studera eitt år tidlegare enn fleirtalet av dei har gjort tidlegare, og heller ikkje at nokon kjem tilbake og fullfører studium etter at dei har vore ute i arbeidslivet ei stund.
– Det var ein auke på 10 prosent i året i talet på ungdomar som valde høgare utdanning kvart år frå 2000 til og med 2004.. I 2005 flata denne tendensen ut. Kan det ha noko å gjera med at det var før finanskrisa sette inn? Frå 2008 til 2009 har det til dømes vore ein sterk auke i talet på eldre studentar. Har dette også noko med finanskrisa å gjera? spurde han.
– Resultatet kan bli at universiteta og høgskulane må velja mellom å ta imot fleire eller berre ta imot flinke studentar. Og så må ein også stilla spørsmål ved om høgare utdanning er det einaste saliggjerande, slo han fast.
Logg inn for å kommentere