Vedtok omorganisering av Medisin

Det medisinske fakultetet blir frå og med årsskiftet organisert i tre store institutt i staden for i ti som no. Det vedtok Universitetsstyret samrøystes i dag. Omorganiseringa er ein konsekvens av samanslåinga av alle universitetsjukehusa til Oslo universitetssykehus.  

OMORGANISERT FAKULTET: Universitetsstyret vedtok i dag  samrøystes omorganiseringa av Det medisinske fakultetet.

Foto: Martin Toft

Avgjerda inneber at Det medisinske fakultetet blir organisert i Institutt for medisinske basalfag, Institutt for sjukehusmedisin og Institutt for helse og samfunn.

Det første instituttet held fram med dagens organisering, medan Institutt for sjukehusmedisin er resultatet av samanslåinga av fakultetsdivisjonane ved Aker, Ahus, Radiumhospitalet, Rikshospitalet, Ullevål og Institutt for psykiatri. Institutt for helse og samfunn er sett saman av noverande Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin, Institutt for helseleiing og helseøkonomi og Institutt for sjukepleievitskap og helsefag. Dei vil halda fram som avdelingar i det nye samanslåtte instituttet.

Tekniske løysingar er ikkje klare

Alle dei tekniske løysingane vil derimot ikkje vera på plass før tidlegast 1. mai, og seinast 1. januar 2011.

– Me ynskjer ikkje å risikera at dei tilsette ikkje får januarlønna. Difor ventar me ei stund til før alt det tekniske er på plass, sa viserektor Ragnhild Hennum. Ho har vore leiar for styringsgruppa, medan tidlegare administrerande direktør for Rikshospitalet, Åge Danielsen har vore prosjektleiar.

Ny samarbeidsavtale

Den framtidige styringsordninga for dei to nye institutta blir vurdert hausten 2010. Universitetsstyret konstaterer at leiinga for dei to institutta er etablert ut neste år. I vedtaket blir det peika på at organiseringa av dei tidlegare universitetssjukehusa i Oslo-området til eit felles Oslo universitetssykehus får konsekvensar for samhandlinga mellom UiO og universitetssjukehuset. Det er først og fremst den kliniske delen av undervisninga på medisinstudiet det får størst fylgjer for.

UiO og Oslo universitetssykehus er i ferd med å sy saman ein ny samarbeidsavtale. Den skal også fylgjast opp med meir detaljerte avtalar på spesifiserte område.
 

Emneord: Medisin, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. nov. 2009 15:56 - Sist endret 24. nov. 2009 16:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere