Observerte dei første laboratoria

– Det var både ryddig og reint på alle desse laboratoria, med unntak av eitt. Slik konkluderte universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe etter at ho saman med viserektor Ragnhild Hennum og hovudverneombod Mette Børing var på synfaring i laboratoria til forskingsenteret CEES ved Biologisk institutt måndag 2. november.

OBSERVERTE: Senterleiar Nils Chr. Stenseth ved CEES fortel universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, viserektor Ragnhild Hennum og hovudverneombod Mette Børing om laboratoria han har ansvaret for ved Biologisk institutt.

Foto: Ola Sæther

Universitetsleiinga inviterte seg sjølve til ein liten inspeksjonsrunde med senterleiar Nils Chr. Stenseth og andre forskarar frå SFF-senteret Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis (CEES) på Biologisk institutt.

Etter at laboratoria til Biologisk institutt blei kraftig kritiserte for lemfelding omgang med farlege kjemikaliar i ein rapport frå selskapet Safetec, satte universitetsleiinga ned ti punkt med strakstiltak og tiltak som skulle setjast i verk på lengre sikt.

Eit av dei tiltaka som skulle koma i gang så snart som mogleg var at universitetsleiinga saman med verneombod skulle gå på synfaring i spesielt utvalde laboratorium mellom dei 874 laboratoria som finst på Universitetet i Oslo. Senterleiar Nils Christian Stenseth nytta seg av høvet til å invitera universitetsleiinga til å observera laboratoria til SFF-senteret Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis (CEES) på Biologisk institutt.

Både viserektor Ragnhild Hennum, universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og hovudverneombod Mette Børing takka ja til tilbodet.

– Blir sertifiserte

– Eg synest det er viktig å visa at fagmiljøet på senteret vårt heile tida har prøvd å fylgja alle sikringsføreskriftene. Ingen kan gå inn i eit laboratorium før dei har deltatt på eit introduksjonskurs og skrive under på at dei vil fylgja sikringsreglane. Studentar og tilsette må altså alle bli sertifiserte, før dei før bruka laboratoria, sa Nils Chr. Stenseth.

Han la heller ikkje skjul på at senteret kunne prioritera tryggleiken i laboratoria nettopp fordi det får ein stor ekstern pengestraum, mellom anna til infrastruktur.

– Me er klare over at ikkje alle fagmiljø har så gode økonomiske vilkår som oss, og dei kan difor ikkje alltid investera så mykje pengar til utstyr og modernisering av lokala som me har gjort, konstaterte han.

–Tryggleiken må prioriterast høgast

Viserektor Ragnhild Hennum hadde stor forståing for synspunktet hans.

– Sjølv om eg kjem frå Det juridiske fakultetet der ein kulepenn er det mest avanserte vitskaplege utstyret med arbeider me, så er eg svært opptatt av tryggleiken til både studentar og tilsette ved UiO. Det er heilt sikkert ikkje økonomi til å modernisera og kjøpa inn det aller nyaste utstyret. Uansett så må tryggleiken i laboratoria bli prioritert aller høgast, slo ho fast.

– Poenget vårt med å gå rundt og observera desse laboratoria er at dei som driv dei skal bli endå meir medvitne om tryggleiken, la ho til.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe fylgde opp.

– Det er viktig å halda orden i eige hus. Når leiinga og dei tilsette arbeider saman, skjer ting svært raskt, slo ho fast.

Toppen av isfjellet

Hovudverneombod Mette Børing trudde at den dårlege standarden på laboratoria på Biologisk institutt berre er toppen av isfjellet.

– Rapporten kunne like godt ha blitt stempla Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Eg torer ikkje å gå inn i laboratoria i Kjemibygningen, sa ho.

– Det torer eg, kvittere Bjørneboe.

– Eit rotete laboratorium

Så gjekk dei av garde saman med senterleiar Nils Chr. Stenseth, assisterande senterleiar Eli K. Rueness og professor Kjetill S. Jakobsen.

Til saman besøkte dei fem laboratorium. Dei fire første var tipp-topp moderne, medan det siste var litt rotete.

– Det siste laboratoriet har me nettopp tatt over heile ansvaret for. Me lovar at det også skal bli svært bra, sa Stenseth etter at synfaringa var over.

– Eg er takksam for denne runden, og eg gler meg til å bli betre kjent med laboratorieverksemda ved UiO på nye besøksrundar, sa Bjørneboe.
 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 5. nov. 2009 13:37 - Sist endra 5. nov. 2009 16:32

Logg inn for å kommentere