– Håpar Aasland ikkje har bestemt seg

– Eg håpar ikkje forskingsminister Tora Aasland allereie har bestemt seg for å byggja nytt kulturhistorisk museum på Bygdøy. Det seier Tone Tellevik Dahl som er nestleiar i Byutviklingskomiteen i Oslo kommune. – Bjørvika er ferdig regulert og ventar berre på eit nytt museum, legg ho til.  

LØFT: – Eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika kan bli eit løft for bydelen, trur Tone Tellevik Dahl (A), som er nestleiar i Byutviklingskomiteen i Oslo. 

Foto: Martin Toft

Oslo-politikarane blei lettare sjokkerte då konsulentselskapet Metier og Møreforsking konkluderte med at Bygdøy vil vera den beste plassen for eit nytt kulturhistorisk museum. Vurderinga blei gjort på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet for at regjeringa skulle få eit endå betre grunnlag for å ta ei endeleg avgjerd om kvar det nye museet bør liggja.

– Ferdig regulert

Både museumsdirektør Egil Mikkelsen og fleirtalet i Oslo bystyre har stått fast på at det beste alternativet er ved Bispegata, i nærleiken av Middelalderparken i Bjørvika. Ei av dei som har kjempa hardt for å få kulturhistorisk museum dit, er Arbeidarpartipolitikaren Tone Tellevik Dahl, som også er nestleiar i Byutviklingskomiteen i Oslo.
 

– Tomta til Kulturhistorisk museum i Bjørvika/Gamlebyen er ferdig regulert på overordna nivå både i høve til trafikken og i høve til Middelalderparken. Der kan ein setja i gang med byggjearbeidet straks detaljreguleringa er vedtatt. Viss regjeringa bestemmer seg for Bygdøy, vil det ta minst fire nye år før ein reguleringsplan for området blir godkjend, trur ho.

Dahl viser til at både Universitetet i Oslo og Oslo kommune heile tida har stått fast på å byggja det nye museet i Bjørvika.

– I 1998/99 vedtok Kollegiet at det nye museet burde leggjast til Bjørvika og samtidig vedtok Stortinget at ein ny opera også skulle byggjast der. Då gjekk startskotet for å gjera eit stort felles grep for heile området. Eit kulturhistorisk museum ville også styrkja Middelalderbyen Oslo, slår ho fast.

– Eit løft for bydelen

For henne og fleirtalet i Oslo bystyre vil eit nytt museum vera ei viktig brikke i utviklinga av Oslo.

– Byutvikling er med på å forma byen. Difor er også kulturbygga viktige for Oslo. Og etter at det blei vedtatt å flytta Munch-museet frå Tøyen og nedover til operaområdet er det svært få museum igjen i Oslo aust. Samtidig flyttar fleire og fleire personar til den delen av byen, som på alle andre område er den delen av Oslo som utviklar seg mest. Eit nytt kulturhistorisk museum kan bli eit løft for bydelen. Om det blir vedtatt å byggja det på Bygdøy, så vil Oslo aust mista endå eit kulturbygg, understrekar ho.

Lanserer Osebergskipsmuseum

Tone Tellevik Dahl synest likevel at tilhengjarane av å byggja museet på Bygdøy har eit godt poeng.

– Det er sjølvsagt ikkje bra om Osebergskipet går i oppløysing under flytting til eit museum i Bjørvika. Men då kan heller Vikingskipshuset til Arnstein Arneberg på Bygdøy bli eit Osebergskipsmuseum, viss fagekspertisen meiner det er den einaste løysinga. Gokstadskipet toler truleg ei flytting til Bjørvika, meiner ho.

Dahl synest også ei slik delt løysing bør greiast ut.

– Det ser ikkje ut som om nokon i Kunnskapsdepartementet tenkte på det då dei ba konsulentselskapet Metier og Møreforsking om å sjå nærare på mogleg lokalisering av dette museet, konstaterer ho. Dahl stiller seg undrande til at Riksantikvaren har gått så sterkt inn for Bygdøy.

– Oslo kommune har fått avslag frå Riksantikvaren både på å laga ein sykkelsti og å byggja ein barnehage i det området. Men eit seks etasjar høgt museumbygg i eit villaområde, ser det ikkje ut til at Riksantikvaren har problem med å godta, registrerer ho.


 

Emneord: Vikingskipshuset, Museene Av Martin Toft
Publisert 16. nov. 2009 17:11 - Sist endra 16. nov. 2009 17:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere