Biologisk krigføring på Rygge

På Rygge flystasjon går to menn omkring på kvar side av flystripa og grev tre hol kvar. Den eine er forskaren Christian Kierulf Aas frå UiO og den andre er kaptein Odd Gunnar Hansen frå Luftforsvaret. Dei er på jakt etter åma til hageoldenborrebilla. Måsen har hageoldenborren som livrett. Det skaper store problem for flytrafikken.

FLYTRAFIKK: Både den militære og den sivile flytrafikken nyt godt av arbeidet med å hindra at måsen inntar Rygge flystasjon for å eta billa hageoldenborre. Christian Kierulf Aas let seg ikkje affisera av at eit Ryan Air-fly taksar ut på rullebana bak han.

Foto: Ola Sæther

No skal dei avgjera om dei skal sprøyta parasittar på dei områda der dei finn åmer, for å hindra at hageoldenborrebilla veks seg stor og feit og freistar måsane til å ta ein ny gourmettur til Rygge neste år.

– Parasittane me brukar er rundormar som me kjøper frå ein gartnar i Lier. Dei blir sprøytte utover jorda frå ein traktor i løpet av våren, dersom me bestemmer oss for at det er naudsynt. Det er miljøvennleg og plagar heller ikkje naboane til flystripa, fortel kaptein Odd Gunnar Hansen til Uniforum.

Måsen og flya

Saman med han er ornitolog og forskar Christian Kierulf Aas frå Universitetet i Oslo. Han er den einaste tilsette ved fly/fugl-prosjektet på Naturhistorisk museum. Truleg har han ein av dei mest spesielle forskarstillingane på universitetet.

– Arbeidet mitt er å finna ut kva ein skal gjera for å hindra fuglar i å skapa fare for flytrafikken. Ofte er det vipa og storspoven som slår seg ned på tidlegare jordbruksområde nær flyplassane og flyg i vegen for flya. Dette er raudlista fugleartar, og då skal ein fara varsamt fram for å få dei til å flytta seg til mindre farlege område. Me kan ikkje berre ta livet av dei. Oppdraga mine får eg frå både Avinor og Forsvaret, som overfører pengar til Universitetet i Oslo som betalar lønna mi, fortel Kierulf Aas.

VÆPNA MED SPADE: Kaptein Odd Gunnar Hansen og forskar Christian Kierulf Aas brukar spade i kampen mot måsen på Rygge flystasjon.(Foto:Ola Sæther)

– Det er likevel måsen som er verst på dei aller fleste flyplassane i Noreg, bortsett frå på Gardermoen. Den ligg så langt frå sjøen at måsen ikkje kjem dit, legg han til.

Uniforum møter Christian Kierulf Aas og kaptein Odd Gunnar Hansen i 137 Luftving i Luftforsvaret inne på militært område på Rygge flystasjon. Flyfugl–forskaren er der fleire gonger i året for å høyra korleis det går med forholdet mellom fly og fugl.

– Me har blitt plaga med hundrevis av måsar som har kome hit for å eta hageoldenborrer. Dei trivst godt på grøntområda like ved flystripa, men der me tidlegare har sprøyta med parasittar, har dei ikkje kome tilbake. I sommar var det likevel ganske plagsamt for flytrafikken ved dei områda som me kallar for Yankee og Sierra, fortel kaptein Odd Gunnar Hansen.

– Me må grava nokre hol i jorda i det området for å sjå om det er færre billeåmer der no etter sprøyting, konstaterer Kierulf Aas.

Dramatiske konsekvensar

I januar i år måtte eit passasjerflya landa i Hudsonelva i New York etter å ha kollidert med ein flokk med gjæser. Ingen blei skadd i den styrten, men andre fly kan ha styrta på grunn av kollisjon med fugl.

– Ein jetmotor overlever nok ein kollisjon med ein fugl, men med ein heil fugleflokk vil motoren svært sannsynleg bli øydelagt. Motoren vil mista ein stor del av skuvekrafta. Difor er det viktig å førebyggja slike kollisjonar mellom fly og fuglar, seier Odd Gunnar Hansen.

Væpna med kvar sin spade går dei inn i det militære kjøretøyet med Uniforums reportasjeteam på slep. Ferda går frå det militære hovudkvarteret, forbi dei gamle kamuflerte hangarane til F-16-flya, som no er flytta til Bodø, før me stansar like ved Hangar Hotell, der tre militære helikopter står klare til å ta av. Etter ein kort radiosamtale med flytårnet, kan me gå ut av bilen. Her byrjar taksebana som blir kalla for November. Odd Gunnar Hansen tar spaden og går på den venstre sida av flystripa.

Ein gråbrun skapning

Me fylgjer etter Christian Kierulf Aas som tar seg av den andre sida. Begge skal grava tre hol i jorda.

– Åma til hageoldenborrebilla likar seg best akkurat der røtene til graset kjem ned. Det er rundt 13 til 17 centimeter under jorda. Som du ser, så går me berre ti meter frå flystripa. Grunnen til det er at åma likar seg i sandhaldig jord, og det er den berre i dette området. Årsaka er at det kjem masse sand hit kvar gong dei ryddar flystripa for snø eller andre ting som har hamna der. Det skaper ideelle forhold for den vesle åma, som er mellom ein og to centimeter lang, forklarar han.

Så grev han litt til i jorda, før han brått oppdagar noko.

– Her har me åma, seier han, og peikar på ein liten gråbrun skapning som kryp rundt i jorda. Han tar den opp og noterer funnet. Deretter grev han to hol til utan å finna åmer. Difor noterer han 1-0-0 på arket han har med seg. Tilbake i bilen får han rapport frå Odd Gunnar Hansen, som kan visa fram tala 0-2-0.

Christian Kierulf Aas har arbeidd på fly/fugl-prosjektet heilt sidan 1991.

GREV: Christian Kierulf Aas grev i jorda på jakt etter fleire åmer. (Foto: Ola Sæther)

– Stillinga blei oppretta i 1969, og den har altså eksistert i 40 år. Det er den første og einaste jobben eg har hatt etter at eg var ferdig med hovudfag i ornitologi. Då skreiv eg ei oppgåve om svart-kvit flugesnappar. Eg er svært glad i å reisa, og eg trur at eg har vore på dei aller fleste av dei 45 flyplassane Avinor eig i Noreg. Dessutan har eg vore på dei fleste militære flyplassane. Dei siste dagane har eg vore på flyplassane i Andøy, Bodø og Florø. Eg kan skriva under på at eg trivst godt med denne jobben, som eg finn svært meiningsfull, seier han.

– 281 biller i ein måse

Turen går vidare til eit område litt nærare den private, sivile flyplassen på Rygge.

– Den har også store fordelar av det arbeidet me gjer for at ikkje måsane skal stansa flytrafikken. Det er ingen tvil om at måsane likar denne hageoldenborren. I juni 2004 fann me 281 biller i mageinnhaldet til ein måse, fortel Kierulf Aas.

Billa hageoldenborre har det latinske namnet phyllopertha horticola:
Den blei første gong rapportert i eng på Vestlandet i 1896. Også denne arten har i aukande grad blitt registrert i grøntareal og er i dag utbreidd over heile Austlandet, Sørlandet og langs kysten nordover til Ålesund. Svermar i mai/juni. (Kjelde: forskning.no/Bioforsk)

Referanse: Reitter, E. 1909. Fauna Germanica. Käfer. Band II. K.G. Lutz’ Verlag, Stuttgart.Figur. Vaksen hageoldenborre (frå Reitter, 1909)

Heilt sidan 2004 har Rygge flystasjon drive med biologisk krigføring mot åma til hageoldenborrebilla. I ein vitskapleg artikkel som Kierulf Aas har skrive saman med andre forskarar, går det fram at det har vore ein nedgang i talet på åmer og i talet på måsar som ein fylgje av sprøytinga. Det har òg vore ein svak nedgang av kollisjonar mellom fly og fugl på Rygge frå 1. juni til 15. juli mellom 2003 og 2008.

– Det hjelper, men me må halda kampen i gang kvart år for å hindra at måsen kjem hit for å eta billa, slår Odd Gunnar Hansen fast.

– Også ein musvåk og ein tårnfalk er blant innbyggjarane på flyplassen. I byrjinga tok me livet av dei, men då kom det straks nye som overtok plassen deira. Difor held det no å skyta eit skræmeskot. Då flyttar dei seg, før dei kjem tilbake, fortel han.

Under vårt besøk er kråkeskrik, flystøy og geværskot dei einaste lydane me høyrer. Ingen måsar hadde tatt turen til Rygge flystasjon denne kalde haustdagen.

Den siste etappen me er med på, går til grensa mellom den sivile og militære flystripa. Eit Ryan Air-fly lettar, medan kapteinen og forskaren tar spadane på ryggen for å grava nye hol. Etter kvart får begge resultata 2-1-2 og 1-2-2 frå dei hola dei har grave i.

– Konklusjonen vår er at me må setja i gang med sprøyting av parasittar også langs taksebane November til sommaren. Viss ikkje me gjer det, vil måsane koma tilbake for å ha nye festmåltid her, konstaterer Christian Kierulf Aas og Odd Gunnar Hansen.

(Kjelder: Cristian Kierulf Aas og Odd Gunnar Hansen,

Kierulf Aas, Chr. m.fl.: “A biological battle against the thousands of Garden Chafers/ phyllopertha horticola ..”)

 

 

Emneord: Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 20. nov. 2009 16:51 - Sist endra 23. nov. 2009 16:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere