Avduka portrettet av Geir Ellingsrud

– Eg er hundre prosent komfortabel med dette måleriet. Og så er eg svært glad i pastellfargar sa Geir Ellingsrud, då prorektor Inga Bostad hadde avduka kunstmålar Svein Bollings portrett av han måndag 9. november.  

100 PROSENT KOMFORTABEL: Tidlegare UiO-rektor Geir Ellingsrud er 100 prosent komfortabel med portrettet kunstmålaren Svein Bolling har måla av han.

Foto: Martin Toft

– Det var rørande å koma tilbake for ei slik hending. Og eg er svært glad i pastellfargar. Svein Bolling har klart å få med både ein sopp og ein vanskeleg matematisk formel. Det er ikkje første gong eg ser måleriet, men eg er altså svært nøgd med det, fortalde ein glad eks-rektor Geir Ellingsrud etter at hans eigen viserektor og noverande prorektor Inga Bostad hadde tatt av duken som dekte måleriet.
 

– Nær tilknyting til UiO

– Det er 42 år sidan eg tok min første eksamen på Universitetet i Oslo og foreldra mine trefte kvarandre på Fysikkbygningen. Så sjølv om eg har arbeidd både i Frankrike og ved Universitetet i Bergen har eg alltid følt ei nær tilknyting til UiO. No har sonen min også byrja å studera samfunnsøkonomi her, og dottera mi seier at ho vil koma tilbake for å studera biokjemi etter studieopphaldet i USA. Då vil tre generasjonar av oss ha gått på Universitetet i Oslo, konstaterte han.
 

Måtte overtala Svein Bolling

Inga Bostad avslørte at det ikkje hadde vore lett å overtala kunstmålaren Svein Bolling til å ta på seg oppdraget.

– Han takka først nei fordi han hadde slutta å måla portrett. De har sikkert sett portrettet hans av Lasse Kolstad som Tevye frå Spelemann på taket på Det Norske Teatret, og de har kanskje også lagt merke til portrettet hans av si eiga mor, Liv Dommersnes i Nationaltheatret. Me er glade for at han til slutt takka ja til å måla Geir Ellingsrud, sa Bostad, før ho avduka måleriet til stor jubel frå dei frammøtte.
 

Lang tradisjon

– Måleriet skal hengjast opp på kortveggen i 10. etasje der portrettet av Arild Underdal no heng. Slik ærar me alltid ein tidlegare rektor, fortalde ho.
Alle UiO-rektorane er blitt portretterte sidan Waldermar C. Brøgger gjekk av som rektor i 1911. Geir Ellingsrud var UiOs nittande rektor, om ein tar me Adolf Hoel som blei innsett av rikskommisariatet 22.09.41 etter at den valde rektoren, Didrik Arup Seip hadde blitt arrestert.
 

 

 

Emneord: Kunst Av Martin Toft
Publisert 9. nov. 2009 17:29 - Sist endra 9. nov. 2009 17:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere