31 000 artiklar om norske ord

31 000 artiklar om like mange ord på 812 sider. Det inneheld band 8 av Norsk Ordbok som kjem ut denne veka. – Det er produsert på 16 månader, så dette har gått fort, synest prosjektdirektør Åse Wetås.  

GLADE I ORD: Dei er glade i ord og gler seg over at band 8 av Norsk Ordbok no er klart. Frå venstre redaktør Ingjerd Legreid, prosjektdirektør Åse Wetås og redaktør Kari-Anne Selvik

Foto: Francesco Saggio


Dermed er to tredelar av ordboksverket Norsk Ordbok ferdig. Til saman skal verket ha 12 band når det blir avslutta midt under 200-årsjubileet for den norske grunnlova i 2014. Prosjektet over det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket starta opp på 1930-talet, medan det første bandet kom ut i 1966.

Band 8 blir lansert på Litteraturhuset førstkomande torsdag klokka 12.

– Dette er faktisk det aller største forskingsprosjektet på Det humanisiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. I dag arbeider 27 redaktørar for Norsk Ordbok, og tre av dei er hovudredaktørar. Me har hatt nokre utskiftingar i staben, så til saman 30 medarbeidarar har vore med på å skriva artiklane i band 8. Med løyvingar som sikrar at me har så stor stab som opptrappingsplanen vår seier, skal me greia vår del av jobben og komma i mål med prosjektet, fortel Åse Wetås.

– Ikkje noko keisamt arbeid

Under det førre bandet var ho ei av redaktørane. No er ho prosjektdirektør.

– Så no er det mi oppgåve å ordna finansieringa slik at redaktørane kan få jobba i ro og fred med orda sine. Det er mange som trur at dette må vera eit svært keisamt arbeid. Eg kan skriva under på at det er det ikkje. For å finna ei mest mogleg presis skildring av småord, må språkforskarane gå til kjeldene for å finna samanhengar der dei blir brukte, både i faglitteratur, avisartiklar og i skjønnlitteratur. Denne gongen er det til dømes skrive om småordet eller preposisjonen ”på”. Det er 13 og ei halv spalter eller seks og ei halv ordboksider språkforskaren har brukt for å forklara det ordet. Og då hjelper det at forskaren har interesse for alt mellom himmel og jord, sjølv om det ikkje er eit kriterium for å bli tilsett hos oss, forsikrar ho.
 

og over og opp og ned

Åse Wetås er svært opptatt av bruken av småorda , over og opp og ned.

– Artiklane viser både variasjon i dialektformer og variasjon i bruken av desse orda. Det heiter til dømes ned til Europa, men opp til Finnmark. Samtidig seier me å klatra opp eller ramla ned frå den sosiale rangstigen. Då har opp eit positivt forteikn, medan ned har eit negativt. Men når det gjeld temperatur, blir det ikkje automatisk negativt eller positivt. Temperaturen går anten ned eller opp. I denne samanhengen ser me opp og ned blir brukte meir nøytralt om variasjon langsmed ein skala, forklarar Wetås.

Frå mugg til ramnsvart

Band 8 strekkjer seg frå substantivet mugg til adjektivet ramnsvart. Bandet dekkjer fire heile alfabetbokstavar (n, o, p og q) og i tillegg slutten på m- og byrjinga på r-. Blant ordartiklane finn me alt frå substantiv som nordfjordspringar og polka til adjektiv som muggen og prima.

– Typiske haustord er nysild, nyåringssnø, osteskatt og potetmørker. Til jul gjeld det å vita om mølje, nattbisk og nisse, og når det vårast, kjem det godt med å kjenna til nygroe, ormeleik og påskesalt. Nokre av orda er kjende og i bruk over heile landet, medan andre er målføreord som blir ordboksførde for første gong, opplyser Wetås.
 

29 prosent frå Austlandet

Ho viser til at band 8 inneheld ord som er heimfeste frå Alta i nord til Asker i aust og frå Åseral i sør. 30 prosent av orda kjem frå Vestlandet, medan 29 prosent av dei er frå Austlandet. Trøndelag er heimfeste for 25 prosent av orda, medan 11 prosent av orda er frå Nord-Noreg. Fem prosent av orda er heimfeste i Agder. Oppdal, Voss, Selje, Nøtterøy, Valle og Surnadal er blant dei ti kommunane som blir nemnde oftast i bandet.

– 40 millionar ord

– Språkforskarane har hatt stor hjelp av redigeringsverktøyet som dei brukar når dei skriv ordbokartiklane. Der har dei rullemenyar over slike ting som litteraturkjelder, slik at redaktørane kan velja direkte og slepp å skriva inn kjeldeforkortingane sjølve.

– I tillegg har redaktørane eit stort nynorskkorpus kopla saman med dei andre redigeringsverktøya, slik at om dei ser på småordet ”på”, så kan dei finna tekstar frå aviser, bøker eller tidsskrift der det er brukt i ein samanheng som lett forklarar ordet. Då treng ikkje språkforskaren skriva den setninga inn på nytt, men kan berre leggja den rett inn i sin eigen tekst frå den litterære kjelda som han eller ho vel å bruka. Slike ting lettar arbeidet vårt svært, seier ho.

I dag har nynorskkorpuset mellom anna fleire årgangar av vekeavisa Dag og Tid, tidsskriftet Syn og Segn, dagsavisa Firda, men også alle tekstane til forfattarar som Kjartan Fløgstad, Edvard Hoem, Jon Fosse, Arne Garborg, Aasmund Olavsson Vinje, Olav Duun, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.

– Ei forklarande setning med ordet ”overformynderi” fann språkforskaren i eit nummer av Syn og Segn frå 1964. No har nynorskkorpuset vårt 40 millionar ord, fortel ein stolt prosjektdirektør.

Ikkje alle som jobbar i Norsk Ordbok, har studert nordisk.

– Nei, me har også ekspertar i baltiske og romanske språk og faktisk også i stillehavsspråk, i tillegg til dei mange med hovudfags- eller doktorgradskompetanse i nordisk språkvitskap. Men det er klart at alle hos oss, treng både grundig lingvistisk skolering og kompetanse i norsk tilsvarande morsmålsnivå. Hos oss går alle dessutan i redaktøropplæring eitt år før dei blir redaktørar. Då får dei grundig opplæring i alle sider ved faget, slår ho fast.

Norsk Ordbok 2014 er finansiert som eit spleiselag mellom Kulturdepartementet og Universitetet i Oslo (UiO). Hovudredaksjonen held til ved UiO, mendei har òg ei avdeling ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim.

Store delar av materialet som er nytta i ordartiklane, både målførebelegg og litterære kjelder, er tilgjengeleg på nettsida til Norsk Ordbok.

Norsk Ordbok kviler ikkje lenge på laurbæra. 1. desember 2010 skal band 9 vera klar til trykking. Og det inneheld berre ord som byrjar med bokstavane r og s.

 

Emneord: Nynorsk, Språk, Språkpolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. nov. 2009 13:18 - Sist endra 11. nov. 2009 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere