– Ufatteleg dumt forslag

– Forslaget om å innføra tidsregistrering for forskarar er ufatteleg dumt og kan kosta staten langt meir i lønnsutgifter enn i dag. Det seier Øyvind Østerud og Dag Harald Claes, som er instituttleiar og nestleiar ved Institutt for statsvitskap. Dei fryktar for framtida til dei tverrfakultære studieprogramma, om det blir innført tidsregistrering.  

REGISTRERING: Instituttleiar Øyvind Østerud, nestleiar Dag Harald Claes og kontorsjef Jenny Nornes ved Institutt for statsvitskap meiner dei har ei langt meir omfattande registrering av aktivitetane til dei vitskaplege tilsette enn det Riksrevisjonen og Kunnskapsdepartementet nokon gong har kravd.

Foto: Ola Sæther

I over 20 år har Institutt for statsvitskap hatt eit undervisningsbudsjett og ein undervisningsrekneskap.

– Dette saman med registrering av vitskaplege artiklar og formidlingsartiklar i Frida gjer at eg har full kontroll over kva dei 33 vitskaplege tilsette på instituttet held på med. Dersom eg ser at ein vitskapleg tilsett ikkje har publisert noko utan at vedkomande har deltatt i eit stort og krevjande forskingsprosjekt, kan eg kalla inn den aktuelle personen til ein samtale, og i fellesskap kan me finna ut at forskaren kan undervisa meir, eller evt. få gjort andre tilpassingar viss livssituasjonen krev det. Om den tilsette skal jobba mindre totalt sett, vil også lønna bli redusert, naturleg nok, seier Øyvind Østerud.

Eigne satsar

Instituttet har eigne satsar for kor mange timar ei vitskapleg tilsett må rekna med å bruka på skriftlege skuleeksamenar, heimeoppgåver, forelesingar og rettleiing av master- og doktorstudentar. Det er også sett opp ei liste over kor mange timar ein instituttleiar må rekna med å bruka på administrasjon i løpet av eit studieår.

Kontorsjef Jenny Nornes seier at undervisningsbudsjettet gir eit godt oversyn over korleis framtida ser ut på instituttet tre semester fram i tid.

– På den måten kan forskarane planleggja lengre forskingsopphald utanlands. Dei kan også tidleg leggja inn når dei vil vera på ferie eller når dei vil delta i sensorarbeid eller driva med rettleiing av doktorstipendiatar. Når studieåret er slutt, lagar me ein eigen undervisningsrekneskap, fortel Nornes.

Dei viser til at dette gjer det mogleg for forskarar som deltar i eit stor forskingsprosjekt, å konsentrera seg om den forskinga i ein lengre periode, og så ta igjen den tapte undervisningstida etter at forskingsprosjektet er avslutta. Og dersom ein forskar er bortreist eller ikkje til stades, kan vedkomande føra det opp i ein eigen fråversprotokoll.

– Meir kontroll

Både Nornes og Østerud synest at dette er ei god ordning både for dei vitskaplege tilsette og for administrasjonen.

– På den måten vil eg som instituttleiar ha mykje meir kontroll over kva dei vitskaplege tilsette driv med av forsking og undervisning, enn det ein vil få dersom ein innfører ei ordning der forskarane registrerer når dei kjem og når dei går. Med departementet si ordning har me ingen kontroll over kva dei gjer mellom dei to tidspunkta.

– Dei einaste som vil tena på ei slik ordning, er dei som sit på kontoret sitt og legg kabal eller spelar sjakk med seg sjølv på nettet i arbeidstida, trur Dag Harald Claes.

– Med opplegget frå Kunnskapsdepartementet og Riksrevisjonen kan ein fylla arbeidsplikta utan å gjera noko. Det går ikkje med dagens ordning på statsvitskap, synest Claes og Nornes.

Dei meiner difor at dei har ei langt meir omfattande registrering av aktivitetane til dei vitskaplege tilsette enn det Riksrevisjonen og Kunnskapsdepartementet nokon gong har kravd.

– Til fordel for småbarnsforeldre

– Vår ordning er også til fordel for dei forskarane som er småbarnsforeldre. Dei kan undervisa og forska på den tida som passar dei best i høve til når dei må henta barna i barnehagen eller fylgja dei til skulen. Om det ikkje hadde vore så fleksibelt som me har det her, ville mange av dei vitskaplege tilsette hatt store problem med å kombinera forskarkarrieren med eit familieliv, er Østerud skråsikker på.

I løpet av dei 20 åra dei har ført ein eigen undervisningsrekneskap, har dei møtt få protestar.

– Både arbeidsgjevaren og dei tilsette ser store fordelar med ei slik ordning. Og det fører også til at me veit kor store lønnsutgifter me vil ha i løpet av eit år, når året startar. Alle får utbetalt berre fastlønna si. Ingen kjem og krev å få utbetalt overtid for arbeid som har skjedd i fritida, understrekar Østerud og Claes.

Fryktar rasering av studietilbod

Når Kunnskapsdepartementet no ynskjer å registrera når dei vitskaplege tilsette kjem på jobb og når dei drar heim, fryktar dei at det kan få konsekvensar som Kunnskapsdepartementet ikkje har rekna med.

– Dersom dei krev overtid for all arbeidstid utanom vanleg kontortid, vil det føra til ei rasering av mange av dei studietilboda me har i dag. Tradisjonelt har dei tverrfakultære studieprogramma, som til dømes Peace and Conflict Studies, Europastudiet og Internasjonale studium, nytt godt av at dei fast vitskaplege tilsette har undervist utanom den vanlege arbeidstida si, utan å få økonomisk kompensasjon for det, seier Østerud.

– Om dei no skal tvingast til å registera den faste arbeidstida si og så krevja overtidsbetaling for alt anna arbeid, vil det føra til at desse studia blir lagde ned. Det er ingen institutt som har økonomi til å betala ut det dette vil kosta i overtidsbetaling. Difor er innføring av obligatorisk tidsregistering for forskarar eit ufatteleg dumt forslag, gjentar Østerud.

– I fjor var det 350 søknader til dei 20 studieplassane på Peace and Conflict Studies. Det viser kor populære dei er. At me no blir nøydde til å stansa opptaket til dette programmet, er heilt urimeleg, seier Jenny Nornes.

Krev særavtalen tilbake

Og på enkelte område ser dei allereie konsekvensen av den nye praksisen.

– Det er blitt nesten heilt umogleg å bruka vitskaplege tilsette frå andre institutt på universitetet til å delta i rettleiinga og sensuren av våre doktorkandidatar. I staden må me betala folk frå Handelshøyskolen BI eller andre private institusjonar til å gjera det, fortel Claes.

Han og Østerud trur at UiOs eigne forskarar då kan takka ja til å ta betalte oppdrag for andre i fritida si i staden for å driva med forsking og undervisning. Dei krev at forskingsminister Tora Aasland straks gjeninnfører særavtalen med 50/50-fordeling mellom forsking og undervisning.

Dei kjøper ikkje argumentet om avtalen er eit brot på lover og reglar i resten av arbeidslivet.

– Det var jo ein særavtale, nettopp fordi den skil seg frå dei andre arbeidsavtalane i arbeidslivet. Dersom det skulle vera eit problem, må politikarane om naudsynt endra lova, tykkjer dei.

– Om ikkje det går, vil alle dei tverrfakultære studieprogramma, som politikarane gjerne vil ha, sakte, men sikkert, døy bort, spår dei.

– Viss tidsregistreringa blir innført, vil i alle fall ikkje eg rå dei vitskaplege tilsette til å bruka systemet, lovar Østerud.

.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 14. okt. 2009 15:37 - Sist endra 14. okt. 2009 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere