Startar arbeidsmiljøundersøking på odontologi

– Eg synest me fekk formidla det me ville, seier HR-direktør Anita Sandberg etter at planen for arbeids- og læringsmiljøundersøkinga på Det odontologiske fakultetet blei presentert på eit allmøte for dei tilsette og studentane tysdag 20. oktober.  

GREITT: Både HR-direktør Anita Sandberg og tillitsvald for NTL, Håkon Størmer synest allmøtet (biletet) på odontologi i går var greitt.

Foto: Ola Sæther

Det var selskapet Human Factors AS som presenterte den planlagde arbeids- og læringsmiljøunder-søkinga for dei tilsette og studentane på Det odontologiske fakultetet.

Store auditorium var stappfullt. Til stades var også HR-direktør Anita Sandberg og dekan Pål Brodin.

Uniforum var ikkje blant dei spesielt inviterte og me måtte difor forlata auditoriet før møtet starta.

– Skal utarbeidast tiltak

HR-direktør Anita Sandberg synest allmøtet var greitt.

– Det blei informert om at dei skulle testa piloten til spørjeskjemaet så snart råd er. Fram til jul er planen at me skal ha mindre allmøte for mellom 30 og 60 personar. Dei skal brukast til å få respons på dei første konklusjonane og oppsummeringane frå undersøkinga. Møta vil bli leidde av ein ekstern konsulent.Så skal det utarbeidast tiltak på grunnlag av den informasjonen som kjem fram.

– Var det mange som stillte spørsmål på allmøtet?

– Dei siste 15 minuttane blei brukte til å svara på spørsmål frå salen.

– Korleis opplevde du allmøtet?

– Me opplever svært sterke kjensler på Det odontologiske fakultetet knytt til dei negative medieoppslaga. Det forstår eg og alle andre svært godt. Difor er det også eit stort engasjement rundt det som dei er midt oppe i.

– Det er tøft for dei å vera utsett for så stort, negativt mediefokus. No er det viktig at alle samarbeider, slik at det kan bli ein best mogleg prosess, seier Sandberg.

– Greitt

Håkon Størmer er lokal tillitsvald for Norsk Tenestemannslag på Det odontologiske fakultetet. Han er godt nøgd med allmøtet.

– Oppmøtet var kjempebra og møtet fungerte svært greitt. Alle som ville fekk stilla spørsmål.

– Så det blei ikkje lagt band på dykk?

– Nei, eg oppfatta det ikkje slik. Møtet viste at det er svært stor interesse for den saka på fakultetet, seier Størmer.


 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Odontologi Av Martin Toft
Publisert 21. okt. 2009 12:59 - Sist endra 21. okt. 2009 13:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere