– Omdømmet viktigare enn vern av kvinnene?

– Er omdømmet til UiO viktigare enn å ha omsorg for dei kvinnene som er blitt utsette for overgrep ved UiO? spør NTL-leiar Ellen Dalen etter utsegnene til universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i NRK førre veke. – Omsynet til tilsette og studentar går framfor omdømmet i denne saka, understrekar Bjørneboe og viserektor Ragnhild Hennum.

ALLMØTE: Store auditorium var fylt til randen då dekan Pål Brodin opna allmøtet på Det odontologiske fakultetet i formiddag.

Foto: Ola Sæther

NTL-leiar Ellen Dalen reagerer sterkt på at universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe brukte omdømmet til UiO som eit argument for å å fylgja opp skuldingane om trakassering på Det odontologiske fakultetet.

– Er omdømmet til UiO viktigare enn å ha omsorg for dei kvinnene som har blitt utsette for overgrep ved UiO ? Det er truleg ingen som veit omfanget av trakasseringa på odontologi, konstaterer NTL-leiaren, som hadde håpa at dette kunne bli kartlagt gjennom spørjeundersøkinga som skal gjennomførast blant dei tilsette ved fakultetet.

– Blankt avvist

– Dessverre ynskjer ikkje universitetsleiinga å kartleggja omfanget av trakassering, anten den er seksuell, går på etnisitet eller på andre ting. Slik tolkar eg det, når forslaget til NTL om å stilla alle dei tilsette direkte spørsmål om dei er blitt trakasserte, blir blankt avvist av leiinga.

– Me meinte at det måtte vera naudsynt å spørja dei om dei er blitt trakasserte og når det eventuelt skjedde. Naturleg nok ville me også vita om dei kjende andre som hadde blitt trakasserte på ein eller annan måte.

– Kvifor blir du så irritert over at NTL ikkje får gjennomslag for å stilla direkte spørsmål om slike kjenslevare ting?

– Utan konkrete spørsmål om dei er blitt utsette for seksuell trakassering eller anna trakassering ein eller annan gong, får me ikkje vita om det har vore fem eller 50 tilfelle eller om det er ti år gamle eller nye saker, svarar Dalen.

– Dette er viktig informasjon for at UiO skal kunna velja dei rette oppfylgingstiltaka. Handlar det om nokre få enkeltpersonar eller er det ein heil arbeidskultur som er uakseptabel? spør ho.

Sjølv er ho uroa for at universitetsleiinga er mest opptatt av omdømmet til Universitetet i Oslo.

– Dei seier at dersom det kjem konkrete tal på kor mange tilfelle av seksuell trakassering det har vore ved Det odontologiske fakultetet, vil det bli eit stort medieoppstyr. Det ynskjer dei ikkje. I staden vil dei prøva å ufarleggjera resultatet, meiner Dalen.

– Vil gjerne delta

– Våre medlemar på odontologi vil gjerne delta i ei spørjeundersøking, fordi dei ser at det er uhaldbart ikkje å ta tak i skuldingane som har kome opp. Det gjeld både for å få til ei oppfylging for dei underordna som er utsette for overgrep og for tilsette som no har ei skulding hengjande over seg.

– Men dei fryktar at undersøkinga ikkje får konsekvensar og er ikkje sikre på om det er verdt prisen å stikka hovudet fram. Dessverre har ikkje NTL informasjon om metoden bak eller oppfylginga av undersøkinga, som gjer at me kan roa ned medlemane våre , seier ho.

– Uakseptabel haldning

Dalen synest heller ikkje universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboes kommentar om at dei samarbeider nært med tenestemannsorganisasjonane i denne saka, held stikk.

– Ingen av tenestemannsorganisasjonane har deltatt i formelle møte om desse sakene. Berre i uformelle samtalar. Dei erstattar ikkje formelle møte. Då NTL kravde å få delta i utforminga av spørjeundersøkinga, svarte Anita Sandberg oss at dette ikkje var noko gruppearbeid. Den haldninga synest me er heilt uakseptabel, seier NTL-leiar Ellen Dalen.
 

– Nulltoleranse for trakassering

I eit felles svar avviser viserektor Ragnhild Hennum og universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe at NTL-leiar Ellen Dalen har grunn til å vera uroleg for om omdømet til UiO tel meir for dei enn omsynet til kvinnene.

– Universitetsleiinga har nulltoleranse for trakassering. Me gjer og vil alltid gjera alt me kan for å setja i verk dei naudsynte tiltaka for å førebyggja at det kan skje. Omsynet til tilsette og studentar går framfor omdømmet i denne saka, presiserer Bjørneboe og Hennum.

– Den undersøkinga av arbeids- og læringsmiljøet som skal gjennomførast på odontologi skal gjerast av eit eksternt firma. Eit poeng er at undersøkinga skal vera uavhengig av UiO. Undersøkinga skal gjennomførast som ei kvalitativ undersøking av arbeids- og læringsmiljøet der alle får opne spørsmål om deira oppleving av arbeids- og læringsmiljøet ved OD.

– Denne framgangsmåten er tilrådd av firmaet som skal utføra undersøkinga. Vurderingar er også henta inn frå andre faglege spesialistar som støttar denne metoden . Å gjennomføra ei slik kvalitativ undersøking har difor gode faglege grunngjevingar, understrekar Bjørneboe og Hennum.

– Får fram breidde i svara

Dei meiner at ein slik metode har mange fordelar.

–Ved å stilla slike opne spørsmål vil me få fram ei breidde i svara som vil gjera det langt enklare for å oss å bruka resultata til konkret handling i arbeidet med arbeids- og læringsmiljøet. Det vil også bli gitt høve til å ta telefonisk kontakt.

– Alternativet er å senda ut eit kvantitativt spørjeskjema med spørsmål om å kryssa av dersom du har opplevd trakassering. Røynsler viser at desse undersøkingane resulterer kun i eit tal, som fører til at me må undersøkja ytterlegare for å finna ut kva vedkomande har opplevd for å kunna setja i verk tiltak, meiner Bjørneboe og Hennum.

– Vårt val er eit kvalitativt undersøkingsopplegg, med opne spørsmål om arbeids- og læringsmiljø som i større grad gjer det mogleg for dei som svarar å fortelja korleis dei konkret opplever miljøet. Dette er fagleg utan tvil mest forsvarleg. Og vil raskare føra til konkret handling om naudsynt. Me håpar at denne undersøkinga vil gi oss gode svar som me kan bruka i det vidare arbeidet med arbeids- og læringsmiljøet ved OD. Og me i universitetsleiinga ber alle om å delta, oppfordrar universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og viserektor Ragnhild Hennum.

– Uhilda undersøking

HR-direktør Anita Sandberg slår fast at mange har vore involverte i diskusjonen om undersøkinga på Det odontologiske fakultetet.

– Dette skal vera ei ekstern og uhilda undersøking. Det inneber at det eksterne firmaet Human Factors AS har fått nokre rammer å halda seg til. Desse er diskuterte i møte med hovudverneombodet og hovudtillitsvalde, men også med studentrepresentant.OD-leiinga, vernesida og studentrepresentant lokalt. Hovudttillitsvalde og HVO (hovudverneombodet red. merknad) er heile tida blitt informerte om førebuingane til den eksterne undersøkinga, og råd og innspel er tatt med vidare til den eksterne leverandøren, presiserer Sandberg.

Ho forsvarar at det ikkje blir pålagt å leggja inn konkrete spørsmål i undersøkinga.

– For å unngå at det blir lagt føringar på korleis det blir svart på undersøkinga, har det blitt valt ei veldig open form. Det vil seia stor breidde for å konkludera i ulike retningar. Undersøkinga er lagt opp slik at tilsette og studentar med eigne ord kan peika på positive og negative sider og forslag til tiltak.

– Denne opne forma legg få avgrensingar på kva som kan rapporterast, i motsetning til det som skjer i dei fleste arbeidsmiljøundersøkingar. Dei som blir spurde har også høve til å be å be om eit intervju, og ikkje berre svara på ei nettbasert undersøking, peikar ho på.

Fullt allmøte

I formiddag var det allmøte for alle dei tilsette og alle studentane ved Det odontologiske fakultetet. Store auditorium var stappfult då arbeids- og læringsmiljøundersøkinga skulle presenterast av firmaet Human Factors AS. Til stades var også HR-direktør Anita Sandberg og dekan Pål Brodin. Uniforum var ikkje blant dei spesielt inviterte og me måtte difor forlata auditoriet før møtet starta.


 

Emneord: Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold, Odontologi Av Martin Toft
Publisert 20. okt. 2009 18:04 - Sist endra 22. okt. 2009 08:56

Det må være en skrivefeil under "Uakseptabel haldning" og de uformelle møtene: "Ingen av tenestemannsorganisasjonane har deltatt i formelle møte om desse sakene. Berre i uformelle samtalar. Dei erstattar ikkje uformelle møte."

Her må det skulle stå at uformelle møter ikke erstatter de formelle.

Mads Lomholt - 21. okt. 2009 14:45

Hei! Det var ei heilt korrekt påpeiking. Feilen er no retta opp!

 

 

Martin Toft - 6. nov. 2009 11:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere